onsdag 2. mars 2011

Kva kostar det ikkje samfunnet å ha "alle desse uføre gåande?"

Eg har lese ein del debattsider dei siste dagane, og eg sit att med eit inntrykk av at det er svært så mange trygdemisbrukarar og slabbedaskar i dette landet. Vel å merka skal ein ta slike nettdebattar med ei klype salt, særleg når folk ytrar seg anonymt. Men det var det med røyken og elden.

"Dette må jo kosta samfunnet dyrt. Tenk kva me kunne ha spart dersom desse kunne ha gjort eit dagsverk, eller i alle fall eit kvart dagsverk eller noko sånn," kan me lesa.

Ja, det kostar samfunnet dyrt å ha gode ordningar. Uførestønad er eit sikkerhetsnett som eit velferdssamfunn bør ha. Men at det kostar, er det ingen tvil om. Spørsmålet er berre om det ville bli så mykje billegare om alle dei uføre skulle strekkja seg lenger, prøva litt meir, satsa litt høgare.

Sidan ein kvar kjenner seg sjøl best, røper eg noko frå eiga røynsle. Då eg brått vakna av ei "det går nok bra til slutt" - haldning og fann ut at eg var ufør, gjorde eg meg mange tanker. Etter å ha virra rundt i mine eigne tankar ei stund, slo ei underleg forsvarsmekanisme inn. Eg begynte å rekna på om eg fortente denne stønaden eg no ville få. Eg rekna ut kor mange årsverk eg hadde fått løn for, kor lang tid eg hadde brukt på å ta meg av borna mine, kva eg hadde gjort i frivillig sektor og kor lang tid eg burde ha nytta på normert studietid. Resultatet var at eg utan problem "burde vore nærare ti år eldre" dersom livet hadde vore levd i slow motion. Og då nærma eg med den alderen mange trappar ned. Det var ikkje så ille å tenkja på.

Neste runde var å rekna ut kva mine plager med tilhøyrande operasjonar og sjukehusopphald hadde kosta samfunnet dei siste tre åra. Reknestykket var skremmande. Og eg konkluderte fort med at å vera ufør i eit år var mykje billigare for samfunnet enn å operera meg ein gong i året.

Etter desse rundane, fortalde forsvarsmekanismane meg at eg kunne vera ufør med godt samvit.

Så gale kan det bli dersom alt skal reknast i kroner. Og kva verre er: Kor gale vil ikkje ein slik tankegong bli for den som ikkje kjem ut med pluss når svaret er ferdig med to strekar under? Og kva med dei som har medfødde lidingar, og aldri har kome ut på plussida i reknestykket?

Eg må tilbake til mitt objektive utgangspunkt for å fordela godene i livet. Ein kan ikkje rekna i kroner. Ein får ikkje uførestønad "fordi ein fortener det", men fordi ein treng det. Og kven som treng det, skal ikkje vurderast ut frå bakgrunn, alder, prestasjonar eller noko som helst anna.

Mykje kan seiast om å leggja til rette for at flest kan få vera aktive, også i arbeidslivet, men denne gongen er ikkje det bodskapen. I dag er bodskapen i tråd med eit gamalt ordtak frå Vestlandet:
Det er betre å bruka ei tønne rug meir om året enn å la det gå i doktor og medisin.

Lese elles om kor vidt ein vel å vera ufør:
Vintertankar en sommardag

og kor tøft det kan vera å bli ufør:
Store gutter gråter

PS. okt 2011: Men nu går alt så meget bedre: Kan nokon bruka mi arbeidskraft?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar