tirsdag 26. juli 2011

Kjærleik og samhald - lettare å seia og realisera i ei interaktiv tid?

Me frykta at IKT-verda skulle isolera oss - skapa avstand mellom oss. I starten kalla me det IT, men så blei det IKT for at k'en skulle vera synleg og minna om at teknologi også handlar om kommunikasjon.

Hendingane dei siste dagane har vist at sosiale medier har skapt ein kontakt som eg trur me i øyeblikket undervurderer. Her kor eg bur blei det sendt ut ei oppmoding om å vera med på ei markering med lystenning og tog til kyrkja. På kort varsel var 1000 personar samla. Det bur 6000 i nærområdet her. På lokale Facebookgrupper ser eg folk bruka ord som kjærleik og samhald. Hadde desse hatt noko fora til å seia slikt utan denne Facebookgruppa?

Så møtest me til lystenning, og folk som ikkje kjenner kvarandre, berre med bilete frå Facebook, nikkar stille og kjenner på samhaldet. Ei kvinne kjem bort og seier: Eg kjenner ingen, men kjenner likevel alle.
Leiarane våre står fram med store ord. Og me trur på dei, godtar at dei tar hardt i og lar oss lyfta opp av dei store orda. "Vi er blitt det varme, rause samfunnet vi har drøymt om", seier Fabian Stang. Er det den grufulle handlinga som har fått fram desse reaksjonane hos oss?

Ja, me er nok rysta til reaksjon, rysta til å kjenna etter at dette vil me ikkje godta. Men me har også høve til å kommunisera med kvarandre som ingen før oss.

På Twitter kom første sjokket inn i stova. "Dei skyt på Utøya", kom det frå sofakroken. - Lenge før NRK melde noko, kan henda før politiet visste noko. "Dei legg på sym". "Me blir skotne her". "Ikkje ring, eg kan bli avslørt her eg ligg på gøymestaden min!" Bodskapen var klar, og eg kunne lesa han heime i stova på min eigen skjerm. "Dei treng blod i blodbanken. Retweet!"

Litt absurd det heile, men sidan det ikkje var nokon leik, men dei svarte realitetane, gir det ettertanke. Det skal meir enn nokre timar og ein festleg film til for å få avstand til det som hende. Det sit langt, langt inni meg ein stad. Og når andre då på 140 pkt deler frykt, sorg, ynskje om samhald, er det lett å trykka på "retweet", og eg kjenner at den rasjonelle, litt sindige meg, blir dradd med. Og det er heilt OK.

Kvar for oss sit me då spreidde og er saman. Ein kan taust la seg inkludera.

Så ser eg tusen på tusen gå i tog, og spør meg om dette hadde skjedd utan sosiale medier, utan at me på førehand hadde delt så mange kjensler, så mykje sekund-varm informasjon. Ein ting er om me hadde makta å spreia informasjon om samlingane på så kort varsel, men det spørst om me ville vera klare til å møtast, klaer til å møta blikk, dela opplevinga av det som hender og høyra dei store orda om ei framtid som ingen kan ta frå oss.

Kan henda tar eg heilt feil. Kan henda hadde me reagert likt også med TV og radio med dei store dosane dei har gitt oss, men den interaktive verda har kanskje likevel forsterka dette. Eg såg meg om på Torgplassen i dag, og såg generasjonen som lever med sosiale medier til kvardags. Så kunne den nye teknologien gjera ein god jobb for oss. Men den største jobben framover har kronsprins Håkon minna oss om i sin tale. "Den viktigaste jobben har me ved middagsbordet og i kantina!" Store ord skal gjerast om til kvardag, men utan dei store orda hadde me kanskje ikkje kome i gong med arbeidet vårt som hendingane dei siste dagane har vist er så viktige: Menneskeverdet er ubetinga, det er 100 % for absolutt alle, både for dei som blir drepne og for dei som ungdomane på Utøya var villige til å kjempa for menneskeverdet for.



Då ei av jentene frå Utøya skulle gravleggjast gav Gro Harlem Brundtland eit intevju. Det satte tankane mine i arbeid. Velkomen til å lesa kommentaren min om det her:
Det er Marianne, sa Gro Harlem Brundtland, ein tale om menneskeverd med tre ord.

Andre innlegg om 22/7:
Sit stille, stille
I ettertankesmia
Skaper vi menneskeverd, skaper vi fred
I skulestova og ved stovebordet

5 kommentarer:

  1. Hei!
    Eg har også vore med på minnemarkeringa i kveld på Husnes. Og det varmar og sjå korleis folket står saman.Eg trur også at dei sosiale medier er med på å gjev rom for øyeblikkets følelsar.Difor blir det ekte og direkte ord, og derpå handlingar som i kveld. All honnør til folket og varmen! med ynskje om ringvirkningar heilt ut i den store verda!!

    SvarSlett
  2. Kvardagsprat i Kvinnherad

    «Hendingane dei siste dagane har vist at sosiale medier har skapt ein kontakt som eg trur me i øyeblikket undervurderer.» Sier Marit Elisebet Totland i et innlegg på bloggen "..Ut av uføret.."

    I tidligare tider hadde folk møtestader kor kvardagslige temaer blei tatt opp. På lokalbutikken, posten og ikkje minst på kaien kor lokalbåten la til, samla folk seg og fikk høyra siste nytt. Nyheter spredde seg fort, fra person til person.

    Når disse møtestadene litt etter litt har blitt nedlagt, har me ikkje fått erstatta disse møtestadene.
    Ein viktig forutsetning for at me skal kunne møtast og tala om kvardagslige tema, er at me har tid til dette. Eit høgt tempo i kvardagen, få eller ingen naturlege møtestader, har vanskeleggjort den kvardagslige praten om det som opptar oss.

    Ulike fora på internettet har åpna for nye møtestader. Den nye teknologien har gitt oss ein ny møtestad som me har tilgang til 24 timar i døgnet.

    I Kvinnherad har me fått ein ny møtestad som mange etterkvart nyttar, her på Facebook. Det er flott når me kan møtast ein stad, og saman skapa stunder som den me opplevde på Torgplassen i går.

    SvarSlett
  3. Wenche AAkre og Steinar Nilsen: Velkomen innom bloggen min!

    Ja, det er dette med paradoksa, Steinar. Visst har me mista mange gode møteplassar. Og eg trur framleis på det gode møtet med samtale og blikk-kontakt. Trur også det vil ha den største verdien framover.
    Men så var det dette med å våga seg frampå, våga seg til å delta, kanskje til og med utan å bli synleg i ei vond tid. Her trur eg dei nye møteplassane har opna eit rom. Og når ein i tillegg kan få folk ut i gatene til fysisk å møtast, har det gjort jobben sin, denne gongen.

    SvarSlett
  4. Hei! Kristine fra VG her. Aktuelt tema. Nå har jeg lagt innlegget ditt som dagens anbefaling på Lesernes VG, kanskje poster jeg det på Facebook http://www.facebook.com/lesernesvg og twitter http://twitter.com/lesernesvg også :-)

    SvarSlett