fredag 24. mai 2013

Løvetenner bit ikkje

Reiv opp nokre løvetenner i går. 
Trudde dei elles ville bita.
Det ville dei ikkje.
Dei ville berre vera sol
for meg.

I dag er dei små solene i plenen vekke.
Eg ligg strekk ut
og nyter sola på himmelen.
Ho er her dag.
Verre den dagen ho er vekk
og eg framleis treng å liggja
fordi eg fjerna plensola.

I dag er irritert på meg sjøl
og dei 
som ein gong fann på
å definera løvetann som ugras.

Løvetannbarn blir dei kalla
dei som klarer seg  - tross alt.
Flotte folk!
Kva med løvetannmenneske
som me har definert
som ugras?

5 kommentarer:

  1. Svar
    1. Ville blitt lite å kvile augo på i lengda om me berre hadde roser

      Slett
  2. Du verden. Nå må jeg tenke Marit. :o
    De små solene og løvetannbarna...
    Hjertet mitt sprekker.

    SvarSlett
    Svar
    1. Av og til må det billete til for at me skal sjå klart.
      Takk for tilbakemelding!

      Slett
  3. Løvetann, både blomst, barn og menneske er verdifulle.
    De er en del av og må få være.
    Klem og vakker dag :)

    SvarSlett