401 kommunar i Norge har ikkje eit program for veterandagen, melder Forsvaret.no.
8.mai - frigjeringsdagen - var ein dag alle kjende til. Om ein ikkje deltok i noko 8.mai-markering, sende mange ein takknemleg tanke til dei som hadde gjort ein innsats under krigen.
Sjølv har eg halde nokre minne - og takketalar 8.mai.
Så kom veterandagan, og eg fekk spørsmål om å halda tale ved ei minnestøtte. Eg takka nei til utfordringa. Ikkje fordi eg ikkje ville heidra veteranar, men fordi eg blei usikker på kva eg kunne og ville seia. Om eg brukte omgrepet veteranar, innebar det då at eg gjekk god for all norsk deltaking og alle norske operajonar i utlandet?
Eg måtte ha en tenkepause. Var eg i stand til å finna fellesnemnar for alle veterantenester som eg kunne stå inne for slik eg hadde gjort det ved 8.mai-markeringar tidleregare? Visst var innsatsen stor. Og dene einskilde som blei send ut, skal vel ikkje stå til rekneskap for den politiske vurderinga som låg bak oppdraget han fekk? Skal me då i ettertid gjera det?
Eg fann ut at det ikkje var meininga at eg skulle tenkja slik fordi om eg blei beden om å halda ein minnetale. Men så kunne eg heller ikkje ta oppdraget.
Det blei vanskeleg, også å seia nei. For eg ville gjerne heidra dei som framleis lever som tenestegjorde under krigen. No var grunngjevinga frå Stortinget (1996) for å endra dagen nettopp at det var så få att. I tillegg skulle ein derfor heidra dei som var i Tysklandsbrigaden og andre FN-styrkar. Tanken var den gang at veteranorganisasjonane
for desse utanlandsoppdraga skulle stå for markeringane. Når no eit fåtall kommunar har ein plan for markeringa av 8.mai/veterandagen i år, fortel det at planen til Stortingets forsvarkomite ikkje fungerte. Det er få att å heidra, og det kan synast som det er få som er trygge på korleis den nye gruppa skal heidrast. Eller la meg snakka for meg sjølv: Eg veit ikkje korleis eg skal heidra den nye samlegruppa. Derfor takkar eg fint nei til slike oppdrag.
Kanskje det berre er mine tankar om dette som går litt i kryss. Eg skulle nesten håpa det. For det er ille om manglande støtte til dagen blir oppfatta som manglande takksemd. Tida vil visa korleis dette utviklar seg. Men at endringa har ført til forvirring hos fleire enn meg, trur eg er noko av grunnen til den svake innsatsen forsvaret melder om i kommunane.
Kanskje er 8.mai kome i eit uføre når det er blitt ein veterandag?
Etter å ha lese og lytta til debattar i løpet av dagen, synest det å vera klart, sett frå min ståstad: Det hadde vore betre å ha ein eigen dag der ein takka dei som var villige til å gå Norges ærende i utlandet. 8.mai bør framleis vera frigjeringsdag.
Uansett: I dag har eg funne fram flagget.
Wikipedia fortel elles om veterandagen:
Veterandagen er en norsk merkedag innført av regjeringen for å styrke anerkjennelsen av innsatsen til militære veteraner.[1] Merkedagen er lagt til 8. mai, frigjøringsdagen. Veterandagen skal hedre deltagere i andre verdenskrig, så vel som dem som har tjenestegjort i FNs fredsbevarende styrker og andre internasjonale operasjoner.
Beslutningen om innføring av veterandagen ble fattet i 2010, og den første markeringen fant sted i 2011.[2] Forsvarsdepartementet
la i den forbindelse opp til en markering i større omfang, med
nasjonale og lokale arrangementer, og ba alle landets kommuner om
gjennomføre arrangementer der veteranenes innsats markeres.[3]
8. mai er ingen veterandag i mine øyne. Det tror jeg at jeg har flagget ganske klart.
SvarSlett8. mai er dagen da freden kom, i første rekke til Europa i 1945, siden kom september samme år og de aller fleste krigshandlinger stoppet.
8. mai er takknemlighetsdagen overfor dem som bidrog til freden på denne datoen i 1945.
Veteranene fra andre militære operasjoner Norge har deltatt i, bør få en annen dag. Synes jeg.
Klem :)
Takk for tydeleg tale.
SlettHer rydda du enkelt og greitt i tankane mine, mormor!