tirsdag 29. januar 2013

Interiør eller fellesskap og varme? Motsetnader?

Eg får stadig vekk vita at eg burde hatt andre fargar på veggene i stova, andre møblar, andre gardinar og dukar, - viss eg vil vera ei moderne kvinne. Og det vil eg vel?

Vil eg det? Nei, eg veit faktisk ikkje om eg vil det.

For det første: Eg er er "glad i" det eg har rundt meg. Det meste har ei historie som er ein del av livet mitt eller slekta mi, som denne punchbollen til dømes.

For det andre: Også heimen min har noko med forbruk å gjera. Ingenting her inne er modent for søppelhaugen. Skal eg då kasta det?

Slik har eg tenkt lenge. Men når eg i dag las "Kom som du er" på mormors klagemur, gjekk tankane nokre meter til: Har alt dette snakket om interiør fått oss til å tenkja meir på stova enn å bruka rommet til å møta dei me er glade og dei me kan bli betre kjende med?

Ære vera dei som kombinerer det: Skaper ein flott heim og brukar han!

"Då eg var ung"
Nei, alt var ikkje betre før i tida.  Men eg saknar noko av det impulsive som prega ungdomstida. Eller var det tida som var annleis?

Me hadde ein gong ein trippe-trappefest.
Det var helg. Alle forretningane var stengde. Trafikken stilna av i Dronningensgate i Bodø.
Ingen planar for kvelden.
Me sat nokre jenter og tenkte at det var jo for gale.
Så gjekk me til nokre ungdomar som me kjende, og sa at alle var velkomne på trippe-trappefest om nokre timar: Send meldinga vidare med treskoposten! (Me hadde ikkje mobil eller hustelefon).

Trippe-trappefest var det me kom til at me rakk å førebu. Med ein liten hybel på loftet, var det ikkje rom for stort kalas. Men trappene opp til tredje stod jo tom!

Me la serviettar og sette krus i trappetrinna.
Og mat? Skåpet var så å seia tomt. Men egg og puffa ris hadde me. Og te. Så då blei det eggedosis med puffa ris.

Då det gjekk mot kveld, blei det ein liten bekk med folk som strøymde til Dronningensgate 13; i hovudsak millitærguter og studentar.

Alle fekk mat.
Alle fekk te.

Og etterpå blei det gitarspel og song i alle tre trappeetasjane.

Ein vellukka kveld.

Som om ikkje det var nok. Rundt midnatt banka det på døra: Utafor stod ein stornøgd sunnmøring som kom rett frå Saltstraumen med ein diger torsk. Han lurte på om eg hadde poteter.
Det hadde deg. Torsken blei kokt, og utover natta vanka det fersk torsk, poteter og flatbrød.

Så då blei det ein torettars middag.

Enkelt og varmt
Det blir nok ikkje fleire trippe-trappefestar. Men minnet om festen seier meg at det trengst ikkje serverast varmrett i stova for å gi ein varm velkomst.

6 kommentarer:

  1. Jeg tror kanskje at vi var mer innstilt på mennesker og menneskelig møter, fjes til fjes, den gang da.
    Det burde vel ikke være noe motsetning mellom å ha et hyggelig hjem og å se hverandre. Likevel. Det virker noen ganger som om man er redd for at det ikke er fint nok, ryddig nok, stilig nok til at vi tør å ha en åpen dør.
    Jeg tror at vi har blitt veeeldig opptatt av fasader og at det også bunner i et evig mas om oppdateringer i interiørveien også.
    Går jeg på besøk, blåser jeg i om de har siste skrik i sofa. Jeg er mer opptatt av at den er god å sitte i. Jeg kommer for å møte menneskene ikke interiøret.
    Hm ... Ting og fasader? Mennesker?
    Foretrekker mennesker :)
    Klem :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, mennesker først. Men så er det berre det at me vil gjerne ha det litt ryddig også.. Eg prøver å ikkje unnskylda om det er lit rotete, men la det vera slik det er om nokon stikk innom ein dag det ikkje er heilt representabelt. Og her i huset stikk folk innom, for som eine sonen seier: det er jo einaste plassen folk veit at det er nokon heime.

      Slett
  2. Synes det høres koselig ut med den trippe-trappe-festen. Tror ikke det samme skjer så ofte i dag desverre.

    Ellers er jeg som deg, hjemmet mitt har ting det knytter seg minner og historier til, og slik trives jeg.

    Ha en fortsatt fin tirsdag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Synest me skal fortsetja med å ha ein personleg heim, både du og eg :)

      Slett
  3. Koselig om trippe-trappe fest..men dere gjorde det bare den ene gangen?
    Jeg synes også det er synd at vi aldri går på overraskende besøk lenger..Jeg tok et forrige uke,til en god venninne..vi snakket om det da,at det synd vi gjør det så sjelden. Jeg skal ta meg på tak,og bli flinkere!
    :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Blir ofte meir sagt enn gjort: Eg tar meg ein tur ein dag.

      Slett