søndag 11. november 2012

Finnest det ein veg tilbake til "eit godt" liv etter dramatiske opplevingar?

Nokon maktar å finna tilbake til eit godt liv etter å ha gjennomlevd dei mest traumatiske timane ein kan tenkja seg. I artikkelen  Stress the roots of resilience frå Magasinet Nature, International weekly journal of Science, skriv Virginia Hughes (10.10.2012)  om menneske som har vore utsette for kriminelle handlingar. Ho peikar på kva som kan ha vore til hjelp når dei skulle "normalisera liva sine".

Heldigvis opplever dei færraste så tøffe dagar som Hughes skriv om, og som kan gi Post Traumatisk Stress Disorder, men mange opplever at livet blir snudd på hovudet grunna sjukdom og skade, og når eg les artikkelen, tenkjer eg at kanskje nokre av dei same mekanismane kan slå inn når det gjeld å ta fatt på livet etter slike endringar også.

Kjende faktorar: Ikkje korleis du har det, men korleis du tar det.
Lenge har ein sett kor viktig det er med sosialt nettverk, positiv og optimistisk haldning til livet og evna til å konfrontera det som tidlegare har vore øydeleggjande. Desse faktorane kan på sett og vis koplast opp mot viljen: min egen og dei andre sin vilje som eg har rundt meg. For mange opplevest dette som anklagande faktorar om ein ikkje lukkast i å normalisera livet: Når du ikkje klarer deg, har du nok ikkje prøvd godt nok, tenkt optimistisk nok, fått nok støtte.

Gener, biologiske faktorar?
Hughes peikar i artikkelen på at ein no ser nærare på andre forklaringar. Ved å samanlikna dei som kjem seg fort med dei som ikkje gjer det, har ein sett at desse har ulik aktivitet i deler av hjernen. Dei som ser ut til å "gå vidare i livet", har ein betre kommunikasjon mellom senter for fornuft og senter for følelse, (- for å seia det svært forenkla. Les detaljane i artikkelen).

Det var då eg las dette, interessa for artikkelen vakna hjå meg. Eg har så ofte etter at ryggen svikta, sagt at eg prøver å få hjartet til å forstå det hjernen veit, og hjernen til å forstå det hjartet seier. Og berre når eg øver meg i det, klarer eg både å halda på eit positivt sjølvbilete utan å fornekta realitetane, men samstundes setja måla i framtida så høgt at eg må strekkja meg maksimalt.

Vil du ha eit døme og to?
Døme 1:
Eg har halde foredrag om prinsippet om at alle menneske er like mykje verd, jamleg i 20 år, - lagt ut om det vilkårslause menneskeverdet. Så blei eg ute av stand til å prestera noko som helst i ein lang periode, og måtte halda foredraget for meg sjølv. Då gjaldt det ikkje lenger å godta fakta. Eg måtte få det ned i hjartet så eg kunne kjenna at det var sant. Eg måtte seia det så mange gonger, at når likevel tanken kom smygande og kviskra: No er du ingenting, kunne eg svara både med hjartet og tanken: Du tar feil. Eg er verdifull.

Døme 2:
Når akutte smerter ikkje er der, og det er ei stund sidan siste operasjon, seier hjartet til meg: Kom deg tilbake til arbeidslivet. Gå i fjellet igjen. Opplev noko! Bli normal! Vis dei at du kan! Prøv ein gong til! Ingenting tyder jo på at kroppen ikkje toler det. Ikkje no. Berre kjenn etter!

Og eg kjenner etter i min fysisk passive kvardag, og kjenner at alt synest å vera under kontroll.

Fleire gonger sette eg så tempoet opp, - og ikkje lenge etter var eg ikkje berre tilbake ved start, men ein halv runde bak start.
Hjartet, opplevinga måtte underleggjast fakta: Finna rette nivået som held kroppen sjølvgåande.
Det svarer seg.
 - Så gjer eg det, og det svarer seg - for alle!

Sosiale nettverk og omsorg er framleis viktig.
Sosiale faktorar blir framleis vurdert å vera viktige, men slik eg les artikkelen, synest det meg som om det er meir "objektive" kriterier som dukkar opp no. I alle fall er det ikkje berre eit krav til den som har opplevd dramatisk endring om å prestera/ vera nær/delta.  Fysisk kontakt blir verdsatt, ikkje minst den heilt daglegdagse kontakten, klappet på skuldera, å ha eit born på fonget ol. Det skjer noko i hjernen som har positiv effekt, når me har fysisk kontakt av det gode slaget.

Brent barn har lært noko.
Artikkelen i Nature peikar også på at ein taklar dramatiske hendingar ulikt utifrå kva ein har med seg av opplevingar frå tidlegare hendingar. Har du tidlegare møtt motbakkar du ikkje klarte å klatra i, vil framgangen kunne gå seint. Har du derimot sett at du har klart deg i motbakkar før, vil du ha større sjanse til å nå toppen. Og på toppen vil nivået truleg flata ut og livet vil bli enklare. Meistring - med andre ord

Til slutt fortel Nature om valdsofferet som har kome seg vidare i livet, og som minner om at det også finnest andre sider ved livet som kan virka inn på korleis dagane blir. Ho meiner alt som gir meining er av det gode: Det kan vera at ein opplever å bety noko for andre, at ein er del av eit fellesskap, at ein har ei tru som gir perspektiv på livet, - og til slutt det me kanskje har lett for å tru er det einaste saleggjerande: Det finnest også medisin som gjer jobben sin.


Takk til @willJens som delte lenka til den interessante artikkelen med meg!

Andre postar om meistring, finn du her






6 kommentarer:

  1. Takk for et interressant innlegg. Jeg tror det finnes en vei til et godt liv, etter vanskelige opplevelser, og at denne veien vil være ulik fra person til person.
    Selv tror jeg på viktigheten av å være realistisk når det gjelder, evt. begrensninger helsen gir, men samtidig finne noe man mestrer og trives med underveis, så langt det er mulig.
    Mestring er viktig for selvbildet, men også finne en aksept for, at enkelte ganger går det seint fremover, eller det går ikke fremover i det hele tatt. En balansegang.
    Fortsatt fin kveld til deg.
    Bibbi

    SvarSlett
    Svar
    1. Mykje visdom i dette, Bibbi. Å meistra tanken på at det av og til ikkje går framover, er vel toppen av meistring?

      Slett
  2. Leste og så leste jeg artikkelen og kom frem til at det som fenget er disse motbakkene man har taklet tidligere.
    så kom det en smule undring. Må man klare alle motbakkene tidligere.
    Noen motbakker kan ikke forseres eller mestres.
    Blir det "gå utenom" som bøygen sa.
    Hva er så det gode liv?
    Si det. For noen er det gode liv et liv fritt for de mest intense smertene.
    Noen strøtanker, bare.
    Mormorklem

    SvarSlett
    Svar
    1. Godt spørsmål. Me er alle ulike. Når eg ser meg om i mitt nærmiljø og min familie, kjenner eg att dette med å ha meistra motbakkar tidlegare i livet. Men av og til kan nok meisrta tidlegare i livet også vera å ha erfart at ein måtte melda pass, men at livet likevel gjekk vidare.

      Slett
  3. Vi snakker om enkelte mennesker som "overlevere". At de klarer det mest utrolige av pkjenninger. Kan kanskje ses på som en normal variasjon innen arten menneske?
    Annen forskning viser at man kan styre mengden stresshormon ved å si til seg selv at man faktisk er flink, sterk eller fantastisk. Det tyder på at den forbindelsen mellom hjerte og fornuft som du snakker om, kan trenes/utvikles til å fungere bedre, til beste for en selv, og da også for sine omgivelser

    SvarSlett
    Svar
    1. Trening er bra, - her også,ja. Og ikkje minst, eg trur det er ein fordel å vita om at det finnest slike vegar å gå.
      Og det er så rett som du seier det: til beste for ein sjøl og omgivelsane. Eg seier det ofte så kynisk: Det svarer seg!

      Slett