onsdag 5. september 2012

Tastesamfunnet

(oppdatert 4.10.2012)

Sosiale medier og ei digital verd gir stor fridom, men også stort ansvar.

Sekund etter at ordet "psykiatri" er nemnd saman med ein mistenkt i ei sak, går debatten frå tastatur til tastatur. Me liker å seia at det går frå skjerm til skjerm, men eit slikt uttrykk tar frå oss ansvaret. Det er nokon som tastar bodskapen, og det er der ansvaret ligg.

Som ung debattant kladda eg innlegga først. Så skreiv eg dei på maskin, bretta arket og putta det i ei raud postkasse. Ganske snart fann eg ut at eg burde "sova på det", før eg posta brevet. Ikkje sjeldan førte det til at eg endra litt på innhaldet neste dag. Uforgløymeleg er episoden då eg sende eit skarpt, ope brev til dåverande helseminister med overskrifta: "Kva verdiar, Mork?", og fekk ei skrikande overskrift mot meg i ei landsdekkande avis nokre dagar seinare: "Kva verdiar,Totland?" Han hadde god grunn til å stilla spørsmålet. Mi handling spegla ikkje gode verdiar i forsøket på å avsløra hans etter mitt syn ufullkomne verdisyn.

Tastesamfunnet kan få oss til å tru på hastesamfunnet.

Når ein hest "løper løpsk" eller "spring ut" som me kalla det, er det berre ein ting som kan stoppa han: At nokon stengjer vegen når han kjem springande. Det krevst mot for å stilla seg opp slik. Kanskje treng me i større grad bremsa kvarandre i tastaturverda også: Seia "Stopp! Har du tenkt over kva du no deler av mistanke, fordomar, haldningar?"

Fleire har opplevd at det ein tastar i all hast, skulle vore fjerna frå jorda si overfalte. No får me hjelp til å sletta nokre av spora våre her
(via @carlsbj)

Lesverdig i Aftenposten om same tema:
Den moderne gapestokken

Apropos ordet psykiatri: Eg bur trygt ti minutt frå eit psykiatrisk sjukehus

8 kommentarer:

  1. Man taster fortere enn man skriver. Og "å sove på det" er glemt i dagens jag.
    Takk for at du minte meg på dnne uvurdelige evnen :-)
    Ha en fin dag :-)

    SvarSlett
  2. Haha - flott inlegg og genial slutt Totland :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjekt at du tar turen innom her, David. Vale-miljøet kjenner du godt som nabo, og då er det kjekt at du liker innlegget.

      Slett
  3. Takk for nyttig,og viktig påminnelse!

    SvarSlett
    Svar
    1. Annemor, SerendipitCat, Bibbi og Bente; Ja, det er ei påminning til oss alle, men slik eg kjenner det de skriv på bloggane dykkar, står de ikkje lageleg til for hogg. Eg synest de alle har ein god "ver-varsam-plakat" i formidlinga.

      Slett
  4. Godt å lese :-)
    Ha en snill dag :-)og en mormorklem

    SvarSlett