onsdag 25. januar 2012

Tre tips til tydeleg tale.

Alle som vil nå fram med ein bodskap, bør tenkja over om ord og vendingar, innhald og form, tener saka. No finnest det dei som når fram med nesten kva som helst fordi dei har ei svært sereiga form og ein god bodskap, men me andre dødelege kan trenga nokre gode råd.

Mine tre tips til tydeleg tale er kort og godt:

1. Du må ha noko på hjartet.
2. Du må få sagt det.
3. Slutt når du har sagt det.

Så enkelt kan det vera. Og så vanskeleg.


Eg hadde noko på hjartet i dag. No har eg sagt det, så då får eg avslutta, sjølv om denne bloggposten blei svært så kort.

5 kommentarer:

  1. Jeg likte særlig det tredje punktet :)

    SvarSlett
  2. Det siste er vel det vanskeligste??
    Ha en fin dag :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det siste er nok det vanskelegaste, dersom nr 1 er på plass då. Av og til når eg høyrer nokon halda talar, tenkjer eg med meg sjølv, at no er talaren eigentleg ferdig , men tar eit par ekstra rundar for å vera på sikre sida. Det er ikkje altid det blir heidersrundar.

      Slett
    2. Svært ofte blir det et ødeleggende tilleg :-)

      Slett
  3. Det var gode råd, og for mange av oss er det tredje punktet særleg vanskeleg, ja... Ein må liksom vere HEILT sikker på at ALLE har fått med seg ALT, og så endar det kanskje med at ingen får med seg noko...

    SvarSlett