onsdag 10. oktober 2012

Færre uføre enn før

"Har me det for godt når to av fem i arbeidsstyrken får trygd?" Dette var temaet for Debatten 11.10.

Og det er eit godt spørsmål, - eit slikt spørsmål som ofte får meg til å spørja etter kva som ligg bak spørsmålet, og ikkje minst korleis tala er komne i stand.

Eg har gått stortingsmeldinga, Uføremeldinga, etter i saumane, og fekk nokre aha-opplevingar
då eg kom over ein del fakta som gjeld uføre;  tal som kan gjera debatten meir nyansert. 


* Det er fleire eldre i landet. 
Sidan 2000 har auken i talet på personar mellom 55 og 67 år vore spesiell sterk.  Denne auken er større enn auken i uføre i den same gruppa. Det er altså fleire mellom 55 og 67 som er uføre no, men det er ein lågare prosent av den aldersgruppa.

* Mange kvinner blir uføre. 
Forskarane har ikkje konkludert med kva som er årsaka til dette, men her gir også tala ein peikepinn. Kvinner har lågare dødelegheit i alle årsklassar. Der menn døyr av sjukdomane dei får, overlever kvinna eller får i mindre grad dødelege sjukdomar tidleg i livet. Kvinner får oftare muskel- og skjelettplager/sjukdomar. 
Mange menn som har svak helse, har hatt høve til å gå av med AFP når pensjonsalderen nærma seg. Mange kvinner som arbeider deltid, har ikkje hatt det høve, og har gått over på uføretrygd når helsa svikta. 
Kvinnene si deltaking i arbeidslivet har auka med gjennomsnitleg 11,5 år frå 1989 til 2008, medan mannen sin auke har vore på 1 år. Arbeidstyngda på kvinner som gruppe, har altså endra seg monaleg, og det er naturleg at slitasje/ skade i yrkeslivet fylgjer utviklinga. 

* Høg sysselsetting
Ved høg sysselsetting tar ein store deler av arbeidsstyrken i landet i bruk. Det inneber også at fleire som i utgangspunktet har vanskar i arbeidslivet, får ein plass der. Desse har likevel større fare for å "detta ut att" av arbeidslivet. 

Ikkje fleire uføre, relativt sett.
Dette fortel at dei demografiske fakta forklarer auken i talet på uføre. Hadde det vore like mange uføre prosentvis som for nokre tiår sidan, skulle det faktisk vore fleire uføre no enn det er i dag.
Det er altså ingen smitteffekt, ingen lettare tilgang til trygd, ingen lette utvegar som er forklaringa.
Stortingsmeldinga peikar også på store skilnader mellom høgt- og lågtløna, høgt og lågt utdanna, og den gir ein del internasjonale samanlikningar, alt av stor interesse for den som er oppteken av temaet.

Eit stort puslespel.
At talet på uføret ikkje har auka, relativt sett, inneber ikkje at ein ikkje skal setja fokus på korleis fleire kan vera i arbeid, heit eller delvis, eller korleis ein kan unngå at unge ikkje får prøva seg i arbeid med den helsa dei har. Alle er tente med det: Arbeidslivet, samfunnsøkonomien og personleg utvikling, velvere og sjølvbiletet hjå den som ikkje kan gå heilt i takt med fleirtalet. 

Kunne berre ordskiftet framover tatt sikte på å kasta lys over dei tiltaka som kunne fremja dette! For at det skal skje, må me som er uføre la vera å gå i skyttargravene, dei friske må la vera å spreia mistanke og arbeidsgjevar og styresmaktene må gå saman om gode praktiske og økonomiske tiltak. Så får me saman få i hop det store puslespelet der me har kvar vår brikke som trengst for å danna heilskapen.

 **

Mine tidlegare bloggpostar som handlar om praktiske og økonomiske ordningar, finn du ei liste med lenker til  her 

3 kommentarer:

  1. Så bra at nokon tar seg tid til å lese tallene skikkeleg. :)

    Da er ikkje lett å vere ufør, iallefall ikkje når det ikkje er nokon synleg grunn.

    SvarSlett
  2. Det er noe merkelig med tall og statistikk. Og sammenblanding av rått og råte.
    Jeg tror det har blitt sagt, mange ganger at man skal se på bakgrunnsmaterialet før man hyler opp om at det blir så mange syke og uføre i Norge.
    Takk for at du tok deg bryet.
    Mormorlklem

    SvarSlett
  3. Det kan jo også være at det er blitt tøffere på jobb. Snakka nettopp med ei som ikke er ufør, men hun fortalte om en hverdag der nye oppgaver legges til uten at det settes av mer tid. "Tar du den, så tar du den," som det heter i fortellinga. Hun jobber i skoleverket, og det er nå en gang sånn her i dette landet at hvis noe er galt så skal skolen gjøre noe med det.

    SvarSlett