tirsdag 18. oktober 2011

Meirverdi og meir verdi

"Det e' så så løye med det!" Når pengane høyrer heime på statsbudsjettet, er det som om dei er komne under ein annan slags logikk enn dei me nyttar til kvardags. Det gjeld både på godt og vondt.

På pluss-sida kan nemnast at det faktisk er sant at staten blit litt fattigare, men landet blir rikare. Når ein gir momsrefusjon for frivillig arbeid, kan fleire få gleda av innsatsen dei frivillige gjer. Det gjeld dei som har organisert arbeidet gjennom institusjonar, men det gjeld også dei som er fotfolk i organisasjonar som held barne- og ungdomsarbeid gåande, år ut og år inn. Derfor var det eit steg i rett retning då regjeringa innførte momsrefusjon for frivillige.

Men så var det dette med budsjettlogikken. Det kunne ikkje bli ein reell refusjon, eit direkte fritak krone for krone, fordi ein ikkje visste om "det var pengar nok". Dermed blei det innført ei ordning som hadde ei kroneramme. For å få den til å fungera, måtte det lagast søknadsrutinar og fordelingssystem. Det var ikkje lurt. Dermed blei ein del av felleskapen sine pengar nytta til adminsitrasjon.

Så skulle refusjonen aukast over nokre år. Dette var mange skeptiske til, då slike løfte er avhengige av  rom innan dei komande budsjetta. Og ikkje minst: Dei er avhengige av at presset, merksemda har same styrke, år etter år, slik at første steget ikkje blir ei sovepute, den varsla opptrappinga uteblir og me er eit "løfteuføre". I budsjettet i år er det akkurat det som har skjedd. Statskassa held tilbake pengar som er betalt inn som meirverdi på frivillig arbeid fordi budsjettet skal stramast inn i staden for å trappa opp refusjonen. Spørsmålet er om dette er pengar som gjer staten rikare, men landet fattigare?

Meirverdiavgift er ein del av avgiftssystemet vårt. Avgifta skal leggjast på verdiauken på kvart ledd i "forretningane". Frivllig arbeid i lag og organsiasjonar er ein innsats som frivillige einskildpersonar gjer til beste for små og store. Det gir verkeleg meirverdi, - meir verdi i samfunnet. Dette er ein auka verdi som det bør vera staten si oppgåve å hegna om, oppmuntra og verdsetja.

Utan dei frivillige stoppar Norge, blir det sagt. Utan dei frivllige, ville me hatt et annleis Norge, vil eg seia. Eit Norge med mindre aktivitet. Det kan me leva med. Det som er verre, er at det ville vore eit Norge utan verdien som ligg i at nokon bryr seg, utan betaling. Nokon bryr seg så mykje at dei kjem seg ut, i all salgs ver, uansett dagsform, for å vera der for andre. I tillegg til å gjera ein innsats for andre, må dei ofte streva med å få pengar nok til drifta. Refusjon av meirverdiavgift vil hjelpa på slik at denne delen av arbeidet blir noko lettare. Då kan me får meir verdi i staden for meirverdiavgift!

1 kommentar: