fredag 14. oktober 2011

Barnepiken, av Kathryn Stockett - ikkje ei "Damebok"

Flyplassar er ein grei stad for impulsive bokkjøp, med lesetid tilgjengeleg i umiddelbar nærleik. Derfor stimte eg bort til bokdisken på Flesland i går for å finna noko kjekt for tur-retur Bergen - Oslo.

Men det som møtte meg før eg kom innanfor bokområdet, var ei hylle frå golv til tak, skilta med "Damer". Nei, eg hadde eg ikkje gått feil. Toalettene låg like ved, men med fine skilt av trengande damer og menn. Eg kika lenger inn over for å sjå om det også var hyller merka med "Herrer". Det var det ikkje, - ikkje ein gong nokon som var merka med "Menn".

Eg visste straks at bøkene i damehylla slet ikkje var noko for meg, enda eg er ei dame (kvinne, 50 + er vel ei dame?) Vel er eg ikkje ei ekte rødstrømpe, berre ei blåstrømpe, men likevel; Dette var det ikkje verd å bruka så mykje tid på. Likevel var det nett det eg gjorde; eg brukte tid på det; ikkje på å bla i bøkene, men på å tenkja over saka. Damebøker i 2011? Var det ikkje andre overskrifter som kunne gjort betre greie for kategorien?

Og eg som var på jakt etter ei bok som eg har gjort eit veddemål om med ei anna dame. Viss eg ikkje har lese boka innan me møtest, er det eg som skal spandera kaffe på henne. Ikkje noko veddemål med stor økonomisk risiko, men likevel eit veddemål eg gjerne vil vinna. Derfor kika eg forbi damebøkene på leit etter "Barnepiken" av Kathryn Stockett. Tittelen skulle vel tyda på at det her var snakk om ei damebok. Men nei, dette er ei bok om damer - for alle. For som Ibsen sa: Det er ikkje kvinnesak, det er menneskesak, då han blei spurt om dei realistiske skodespela hans handla om kvinnesak. Og Ibsen sitt svar kan så godt nyttast om "Barnepiken": Det er ikkje kvinnesak, det er menneskesak fordi det handlar om likeverd mellom meir enn kjønn, det handlar om det vilkårslause likeverdet, og då spesielt på tvers av hudfarge.

Meir bør ikkje seiast om "Barnepiken". Du bør lesa boka eller sjå filmen sjølv. Eg har berre lese 2/3 av boka og har filmen til gode, men våger likevel å råda deg til å bruka tid på forteljinga til Kathryn Stockett. Du får høve til å le, tenkja og vurdera mens du les.

"Forandringer begynner i det små" står det utanpå boka. Like rettar på tvers av hudfarge har det tatt tid å få. Eller forresten: Har me fått det meir enn i bokstaven? Er me framleis i uføret der me måler kvarandre etter ytre kriterier?


..

Og så, - ein time etter at dette blogginnlegget er lagt ut, blir eg via Twitter gjort merksam på at dette faktisk er eit aktuelt debatt-tema. Arve Juritsen har uttalt seg om temaet dameromanar og debatten går: Les Arve Juritsen sitt syn på saka

Eg ser av ulike innelgg i debatten at Saras nøkkel også skal tilhøyra kategorien dameromanar i fylgje nokon. Ja, er det ein dameroman, så trur eg at eg forlet debatten. Då blir heile diskusjonen utan "utgangspunkt". Ei bok som til dei grader har fokus på overtramp mot menneskeverdet, kan ikkje få ein damboketikett. Eg seier igjen med Ibsen: Det er menneskesak, altså menneskebøker, og det er så absurd at det i seg sjølv skulle vera argument nok for å sløyfa heile omgrepet.

4 kommentarer:

  1. "Forandringer begynner i det små"
    Tenk om vi kunne huske det. Og at den eneste man egentlig virkelig kan endre, er seg selv.
    Takk for boktips.

    HA en fin dag :-)

    SvarSlett
  2. Eg ser ikkje på "Saras nøkkel" som ein "dameroman"
    Min oppfattelse av "damebøker" er at det er billig "smusslitteratur" (du veit...legeromanar, kjærlighetsromar type samlebånd...)
    Saras nøkkel er verdt å lese, eg skal og sjå filmen...

    Trultemor

    SvarSlett
  3. Godt poeng til sjølransaking, mormor.
    Og Trultemor: Ja, du må sjå filmen. Den sat i lenge..
    Eg skal prøva å få sett filmen "Barnepiken". Har nokre sider att av boka. Synest nok den kunne vore ca 100 sider kortare utan at det hadde godt utover formidlinga, snarare tvert imot, men vil framleis rå andre til å lesa boka.

    SvarSlett
  4. Hei :-)
    Fikk en kompliment med en utfordring fra Mormor om å sende komplimenten videre. Det gjorde jeg på karavanseraiet.no Stikk gjerne innom :-)

    Ha en fortsatt fin søndag :-)

    :-) Ragnhild

    SvarSlett