søndag 25. november 2012

Nokon har snakka saman

ANC og leiarane i Sør-Afrika var ein gong på kvar sin planet. Valden var den einaste høgmælte dialogen? Korleis kom dei vidare?

I det britiske dramaet, Endgame (2009), får me eit innblikk i prosessane. Det eg sit att med som hovudinntrykk dagen etter eg såg filmen, er: Nokon hadde snakka saman før presidenten kom på fjernsynet og formidla at landet skulle få dei endringane mange hadde venta på.

Dei hadde snakka saman. Ikkje via dei vanlege kanalane, i dei ordinære møteromma, med dei kjende talsmennene. Nei, nokon hadde tenkt og funne ut kven som kunne snakka saman, ikkje berre snakka i same rom.

Mennene møttest, liv kom nær kvarandre, tillit vaks fram, mot til å prøva tilliten blei skapt. Løysingar blei funne. Fordi nokon hadde snakka saman.

Alt blei ikkje velstand i Sør- Afrika, men dei kom eit steg ut av uføre(t).

Nasjonalt og lokalt blir ofte orda sagt med forakt: Nokon har snakka saman. Underforstått: Dei er blitt samde utan at me andre har fått delta i samtalane. Og det kan vera ein uting. Men det kan vera ei løysing når frontane er harde. Også i vår vesle andedam trengst det å koma nær kvarandre, prøva ut tankane, tilliten, for å sjå om ein vågar å tru nok på kvarandre til å koma vidare.

Anna Skeide sine ord er svært så aktuelle:
Og eg spurde vinden:
Sei meg du flygande flyktning:
Kor lang er ennå vegen frå aust og til vest.
Og vinden den svara:
Så langt 
som frå menneske til menneske.

Han som stod bak forhandingane i Sør-Afrika, fekk attesten: 
Han gjorde ei bragd ved å bli usynleg.
Kanskje ein del forhandlingar ikkje lukkast fordi det er for mange som vil vera synlege?

1 kommentar:

  1. Såklart var det det. Det ene steget har ført SA langt videre selv om det er langt igjen.

    Hallo liksom.

    SvarSlett