tirsdag 24. januar 2012

Bokmål er også sidemål!

Oppdatert 4.ma 2013

Høgre går no inn for valfritt sidemål.
Er det lov å spørja: Veit dei kva dei gjer?
Sidan Høgre vil vera kjend som eit parti med danning og utdanning, vil dei sikkert meina at dei veit kva dei gjer.
Likevel spør eg: Meiner Høgre at nynorskelevar ikkje skal læra bokmål.
Ja, for det må visst repeterast: Bokmål er også sidemål.



Språkdebatt i Norge handlar ofte om å vera for eller i mot at nynorsk og bokmål skal ha same stilling i skulen og det offentlege rommet. Ingen vil ha vekk nynorsk som litterært språk eller valfritt alternativ. Det er sidemålet i skulen og periodevis nynorsk i aviser og radio/TV som blir debattert.

Spørsmålet er på ny blitt aktuelt.

Det er alltid interessant å sjå kor taust det blir når ein seier at utan sidemål vil heller ikkje nynorskelevar læra bokmål. For dei fleste handlar sidemål om nynorsk: Skal dei sleppa å skriva stil på nynorsk?

Men kva blir konsekvensen av at elevane ikkje har sidemål? Då kjem elevane ut av skulen med ei målform som dei skal meistra. Og det kunne vore vel og bra til privat bruk. Men kva skal dei gjera i ein arbeidssituasjon? Då vil vel alle med nynorsk som hovudmål ha rett til berre å nytta nynorsk om dei seinare blir tilsette i offentleg sektor? Og kva då med den einskilde sin rett til å få svar på den målforma han sjølv nyttar?

Høgare mål for over 100 år sidan?
Jamstellingsvedtaket blei gjort i Stortinget den 12. mai 1885. Vedtaket var slik.: "Regjeringen anmodes om at træffe fornøden Forføining til, at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog."

Intensjonen i vedtaket ligg i nammet; det var jamstilling. Det målet kan me ikkje seia at me har nådd, sjølv om det formelle for så vidt har vore på plass. Når me no får framlegg som skal gjera det lettare for dei som strever med nynorsk som sidemål, er det vanskeleg å sjå at dette vil fremja jamstellinga slik det gjekk fram av vedtaket frå 1885. Hadde politikarene høgare mål for 120 år sidan?

Interessant forskningsartikkel med ny vri om nynorsk og bokmål og levekår. 

PS/25.januar: I Kvinnherad er medlemstalet i Mållaget dobla etter utspelet til Kristin Halvorsen i si tid. Sjølv melde eg meg inn fordi spørsmålet om nynorsk fekk eit nytt perspektiv i lys av ordskiftet som utspelet hennar vekte til liv.

4 kommentarer:

  1. Kanskje man skal gå tilbake til intensjonene med å innføre et sidemål i norsk?
    Man skulle lære seg å lese og forstå et sidemål, men ikke ha det som eksamensfag. Slik det var med dansk og svensk i min skoletid. Vi leste på nynorsk, samnorsk dansk og svensk, ingen ventet at dette skulle være vårt skriftspråk, men vi skulle forstå hva vi leste.
    Siden kom tiden med eksamen og skriftlig opplæring og pes.
    Jo da. Jeg har bestått eksamen i sidemål og er veldig fornøyd med fruen som satte "særs godt" både i skriftlig og muntlig bruk. Og som siden opphøyde dette til en sekser etter tidens krav til tall.
    Vi skulle vel i rettferdighetens navn også inkludere samisk i vårt språktilfang. Men det er vel ikke det du egentlig skriver om.

    Ha en fin dag :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Følgjer deg langt på veg, men det er så lett å snakka om sidemål som nynorsk. Mange har bokmål som sidemål. Og skjønner me kva konsekvensen kan bli om nynorskelevar ikkje lærer bokmål? Som norsklærar i ungdomsskule og vidaregåande opplæring har eg sett mykje dårleg bokmål før me starta med systematisk rettskrivingsopplæring for å kunne nytta begge målformer skriftleg. Og svært mange av oss må det i jobbsamanheng.

      Og samisk? Svært gjerne. Trur det må bli valfag :) Og då kan ein kanskje snakka om tilleggspoeng til høgskule som statråden foreslår i dag for dei med nynorsk hovudmål.

      Slett
  2. Veldig godt innlegg.
    Sjølvsagt må det gå begge vegar når det gjeld sidemål. :)

    SvarSlett