Men når eg fortel om meg sjølv og livet mitt til andre, må eg alltid gjera eit utval. Ingen kan og ingen vil ha "heile stasen".
Eg har høyrt folk eg kjenner ganske godt fortelja om seg sjølv når dei møter nye menneske. Av og til har eg tenkt:"Oj, var det den delen av livet han ynskte å fortelja om. Var det eit slikt bilete han ville den andre skulle ha?" Nokon gonger er sjølvpresentasjonen meir positiv enn eg hadde venta. Andre gonger er han meir negativ.
Fordi eg er blitt arbeidsufør, er eg nok blitt svært medviten kven eg vil at folk skal tru at eg er. Tidlegare var det nok å presentera tittel, stilling og arbeidsstad. Når eg ikkje har noko slikt å visa til, er det som om eg er forplikta til å gå nærare meg sjølv når eg hentar fram opplysningar som kan gi andre sjanse til å bli kjende med meg. Av og til gjer eg det, av og til ikkje. Når eg gjer det, har eg ei uro i magen etterpå dersom eg fortel historia om henne som meistra det meste til ryggen melde pass. Ei god kjensle har eg dersom eg trur den eg har møtt har fått med seg at livet kan vera godt sjølv om det ikkje er friskt og "normalt".
Ærleg og sann skal historia vera. Men eg vel likevel historia. Ikkje fordi eg vil glatta over det vanskelege, men fordi eg veit at historia eg fortel i stor grad vil vera avgjerande for kven andre oppfattar at eg er. Og eg vil ikkje vera "forhenverande ditt og datt". Eg vil ikkje vera ein som strever med "ditt eller datt". Eg vil vera den som lever det livet eg har, fordi eg berre har eitt. Og det er det som eg kan vera for andre og andre kan vera i mitt liv, som skal bli historia mi framover. Og historia som kjem, er nett no viktigare enn den som har vore.
Er dette å fortrengja sanninga, å skapa si eiga sanning?
Eller er det meistring?
Biletet er laga ein flott haustdag, då eg for fulle såg kor levande skuggane gjer kvardagane våre. Fleire bilete finnest her: Galleri Nauthydlaren
Jeg har ingen fasit på akkurat det. Men jeg tror at man velger "sin historie" etter hvem man møter og i hvilken sammenheng.
SvarSlettDette med forhenværende bør bare omfatte forhenværende ektefelle. Ellers er ordet overflødig, når det gjelder personer. Synes jeg.
Man legger ikke opp livet når man blir syk eller skifter jobb. Man er fortsatt seg, kanskje i en litt annen fasong, men absolutt ikke forhenværende.
Tror jeg.
Klem :)
Finnest nok ingen fasit. Ja, dei ulike samanhengane me er i, er nok avgjerande for kva del av historia me vil fortelja. Men trur du alle er like bevisste på det?
SlettNei, det tror jeg ikke, selv om alle stort sett avpasser "historien om meg" til hvem de henvender seg til. Og vi har alle våre biter som vi vil fremheve eller skjule, alt etter omstendigheter.
SlettKlem :)
Hva vi vil fortelle, det styrer vi selv. Jeg gjør som deg, forteller ut i fra, hva og hvordan, jeg ønsker at den andre skal oppfatte av meg.
SvarSlettKanskje handler det også om, å ta vare på seg selv?
Bibbi
Det trur eg du har rett i, Bibbi. Ein gjer seg sårbar når ein fortel. Av og til er det rett, Andre gonger både unødvendig og uklokt, trur eg.
Slett