mandag 9. januar 2012

Nedover bakke, med bind for augo

Det susar under meiane,
nedover går det med kjelken på holka.
Nedst i bakken står ein kar
som skal ropa
HØGT
dersom det kjem bilar.
Å renna med kjelke har si glede
og sin risiko!

Det går nedover bakke.
Det var ikkje nok å vera sta,
det var ikkje nok å tru,
det var ikkje nok å satsa alt.

Det som er skremmande er ikkje at det går nedover,
men at det susar avgårde - med bind for augo,
utan at det står ein kar og ropar om det er fåre på ferde,
utan at eg veit kor lang denne bakken er
eller om eg nokon gong kjem opp att.

Det har si glede å oppleva betre tider
og det har sin risiko:
å måtte oppleva at det snur.

Ein gong før då det gjekk nedover bakke, dukka dette spørsmålet opp:
Når ein ikkje meistrer meistringa - kva då?

3 kommentarer:

  1. Min kloke farfar sa at ingen trær vokser inn i himlen, hver hang jeg strakk ønskene forlangt.
    Det tok noen år (ganske mange, egentlig) før jeg fattet hva han mente.
    Og intet gjør oss forberedt på at vårt tre ikke vokser inni himmelen.
    Ha en fin kveld.

    SvarSlett
  2. Høres ut som livet på sitt mest utfordrende dette - ute av kontroll, ser ikke, hører ikke, kan ikke stoppe....

    SvarSlett
  3. Takk til "gamle ugle" og mormor, begge med namn som fortel om visdom og erfaring.
    Nei, ingenting veks inn i himmelen, mormor. Eg hadde eit håp om at det skulle veksa og stå som eit vanleg tre, ikkje berre liggja, på møte og heime på golvet. Og siste året har alt godt så mykje betre. Men når ryggen går i stå og strålinga er så sterk at eg kunne seld straum for ein billeg penge, er det som om det går nedover så fort at eg ikkje veit kor botnen er.

    Var nesten symptomfri berre eg heldt meg til dei grensene eg visste var der. Men så er alt i ulage, og hadde legen vore her hadde han sett raude flagg på papira mine, - som før. Men han er her ikkje, så eg bremsar så godt eg kan, og håper det ikkje kjem møtande trafikk på veg nedover.

    Og som du mormor så ofte skriv: Det kjem ein dag i morgon.. Og som ein ven seier: Det kan så lett gå godt!

    SvarSlett