fredag 3. juni 2011

Mostraspelet og "Elvis i glada Hudik" - to sider av same sak

Kom Noreg ut av uføret då kristkongane styrde på Moster, eller var det eit nytt uføre dei leidde folket inn i då unge som gamle måtte bøya kne for nye trua, om dei ville eller ikkje?

Når det har gått over 1000 år sidan hendingane fann stad, er det på plass å ikkje vera skråsikker. Men eitt veit eg: Det vart endringar i kvardag og helg på Moster etter at Kristkongane hadde vore der. Eller, - kan henda me skal tona ned kongen og hans fylgje. Det var gjeve bønder som hadde vore over havet der vest før, og hadde møtt ei ny tru lenge før kongane kom "og kristna dei med sverd".

Før kristenretten var sett på Moster, kunne ein far vurdera om han skulle knesetja det nyfødde barnet sitt, eller om det skulle setjast ut i skogen. Hadde det hareskor eller lyte av noko slag, var han redd det ville bringa ulukke over familien, og barnet var ikkje heilt trygt der det låg framfor han. Var det i tillegg ei jente, kunne det verste henda. Faren kunne velja å ikkje la henne veksa opp.

Me såg nett "Elvis i glada Hudik" på TV. Teaterensemblet var sett saman av kvinner og menn som til vanleg ikkje står på ei scene. Hadde me vore 1000 år tilbake i tida, hadde kan henda nokon av dei ikkje blitt knesette av far sin. Det synest så utenkjeleg, så langt frå vår verd, tenkjer eg. Men så høyrer eg mor til den eine skodespelaren fortelja: Dei tok sonen vekk frå meg då han var nyfødd. Dei spurde om eg ville adoptera han vekk. Dei omtala han som om han var eit monster. - No 40 år etterpå ville eg ikkje vore utan denne sonen min, seier ho om han som har ei viktig rolle på scena i teaterstykket. Kjæraste har han og.

Mostraspelet set lys på mykje av det som hende i brytningstida rundt år 1000. Johannes Heggland er svært tru mot kjeldene sine i teksten, og Kjell Habbestad har laga musikk både frå kyrkja og gamletrua. Også i musikken er det brytning.

Menneskeverdet fekk ein ny sjanse med kristendomen. Det får Heggland fram gjennom Mostraspelet. Men han får og fram spenninga mellom tru og makt, nytt og gamalt, alt bunde saman ved hjep av ei fin kjærleikssoge.

Ta turen til Moster i pinsehelga! Opplev brytningstida som vert levande på steinhellene nedst i den gamle kalkgruva. Høyr ord og tonar, og tenk sjølv etter kva du synest om nyetida, då og no.
 
 
Mostraspelet: Kristkongane på Moster, tekst: Johannes Heggland
Musikk Kjell Habbestad
Les her om Mostraspelet, tid, stad, skodepelarar, regi mm

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar