fredag 18. april 2014

Høgare mål for 100 år sidan enn i dag, FrP?

Eit lokallag i Frp vil ha folkerøysting om kor vidt me skal gå over til å ha berre ei målform i landet, nemleg bokmål. Samisk og nynorsk skal vera valfag.

Høgare mål for over 100 år sidan?
Jamstellingsvedtaket blei gjort i Stortinget den 12. mai 1885. Vedtaket var slik.: "Regjeringen anmodes om at træffe fornøden Forføining til, at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog."

Intensjonen i vedtaket ligg i nammet; det var jamstilling. Det målet kan me ikkje seia at me har nådd, sjølv om det formelle for så vidt har vore på plass. Når me no får framlegg som skal gjera det lettare for dei som strever med nynorsk som sidemål, er det vanskeleg å sjå at dette vil fremja jamstellinga slik det gjekk fram av vedtaket frå 1885. Hadde politikarene høgare mål for 120 år sidan?

Framlegget til FrP skal hjelpa dei som har nynorsk som sidemål. Dei vil løysa problemet med å la alle berre ha bokmål. For å seia det mildt; det er eit framlegg som ikkje ein gong gjer eit forsøk på å forstå kva nynorsk er. For mange er det nemleg bokmål som er sidemål. 

Denne bloggen fekk i si tid namnet "Ut av uføret". Etter kvart har det vist seg at det er stadig nye emne som høyrer inn under denne overskrifta. Framlegget frå FrP-laget måtte berre vera med her.

tirsdag 8. april 2014

Dugnad for å skifta ut "uføretrygda" med "arbeidsufør"

Eg får uføretrygd fordi eg er arbeidsufør.
Eg er ikkje arbeidsufør for å få uføretrygd.

Eg har ingenting imot å bli kalla arbeidsufør. For det er det eg er. Men når ingen andre blir presenterte eller definerte utifrå den måten dei får inntekta si på, vil ikkje eg bli det heller. 
Ingen presenterer seg som lønsmottakar eller arbeidsgivar.

Ved sjukdom seier ein vanlegvis ikkje
at ein mottar sjukepengar, men at ein er sjukmeld,
og ein mottar ikkje arbeidsledighetstrygd, men er arbeidsledig.
Mange eldre vil heller seia at dei er pensjonistar enn trygda.


Etter å ha krope ut av arbeidslivet grunna sviktande helse, er eg glad for at me har ei ordning med uføretrygd. Og kva ein opplever av biverknader ved haldningar og mistanke, skulle vore underordna. Men desse biverknadene kan bli noko mindre berre ved hjelp av språket. Derfor har eg utfordra til ein dugnad for å bruka ordet "arbeidsufør" oftare og "uføretrygda" sjeldnare.

Så vil mange seia at dette er flisespikkeri. Realitetane er dei same, og om ei stund vil den same opplevinga av mistanke vera knytt til ordet "arbeidsufør", slik me har sett det på andre område, til dømes når det gjeld jakta på det beste ordet for funksjonshemma.

Eg vil likevel utfordra til dugnad for endring av ordbruk, av to grunnar:
Den som har skoen på, veit best... Om andre seier at eit problem ikkje er eit problem, løyser ikkje det problemet for den som har det. Ein subjektiv realitet, er tilstrekkeleg realitet til å gi konsekvens.
Dessutan er ordet "arbeidsufør" betre språkleg. Arbeidsufør er eit meir korrekt ord for det ein person "er", mens "uføretrygda" viser til ei ordning.


Når ein slit med sjølvbiletet, skal ein tenkja at andre tenkjer mindre på ein enn ein sjølv trur. Dette gjeld også oss som er uføre. Men i tider med mange sterke ord om "dei uføretrygda"; får de andre bera over med oss når me så lett får mistanke om at folk har mistanke.

tirsdag 25. mars 2014

NRK mistenkeleggjer uføre - Det bør dei retta opp!

NRK fortel at "folk flest" trur arbeidsuføre driv med trygdesvindel ved å arbeida svart i tillegg til å få trygd.
NAV har gjennonført ei undersøking der over 30 % av dei spurte trur at uføre er svindlarar.
Og ein Nav-direktør seier at det nok er store mørketal.

Dette får me høyra på Dagsrevyen og Kveldsnytt 25.3:
- utan at det blir presisert at desse tala berre fortel kva folk trur og tenkjer. Det er ikkje objektive tal.
- utan at det blir sagt at ein som er 100 % ufør kan tena inntil 1 G, vel 80 000,- per år, utan at det er "ulovleg".

Naboen som ser ein arbeidsufør utføra eit par timars arbeid, vil kunne tru at han er blitt trygdesvindlar, sjølv om han er langt innafor den lovlege grensa. Og om han blir spurt, vil han fort bli rekna med i gruppa som seier: "Ja, eg veit om mange som er trygdesvindlarar."

Som arbeidsufør passer eg meg vel for ikkje å bli sårfota berre av å tru at nokon trør meg på tærne. Men denne gongen klarte NRK det, ettertrykkeleg. Snakk om å bli mistenkeleggjort!

Må eg ta fram kartong og tusj, og skriva med store bokstavar på lappar eg henger over rygg og mage når eg går på butikken i morgon og fortelja heile bygda: "Ja, eg driv med noko småtteri som eg tener pengar på. Og det er lov!"?  Eller skal eg satsa på at NRK snur sin kartongbit og fortel den andre sida av historia dei presenterte også?

..
I dag, 26.mars, dagen derpå, blir eg gjort merksam på at same oppslaget var "nyhet" for fire år sidan. @Doremus gjorde meg kjend med dette via Twitter:
  9m
Applaus til som slaktet gårsdagens trygdemisbruks-undersøkelse fra NAV/NRK _for fire år siden_: cc

Å gjera ein feil i NRK kan så vera. Å gjenta feilen, er verre! 

 Trøyst:


tirsdag 4. mars 2014

Eg har mistanke om at folk har mistanke

Eit av dei siste bileta: Kongepingvinlivet.
 
Christian Torseth skriv godt om å vera ufør i Radikal Rapport, 1.mars, sjølv om overskrifta kanskje peikar mest på dei som ikkje er uføre: Hvorfor vi misunner de uføre.

Eg las raskt gjennom artikkelen i går, og undra meg over at den store innsikta i livet til ein ufør. I dag gjekk eg tilbake og las ein gong til, og då fekk eg med meg at Torseth sjøl er ufør. Det forklarer det meste. Det er nemleg så mykje ved den "uføre dagen" det ikkje er så lett å forklara. For min del gjer eg nokre forsøk når det trengst mest. Men eigentleg er den største utfordringa å la vera å forklara så mykje.

Dei eg møter treng oftast å vita
AT eg er ufør: då unngår me mykje misforståing
KVA som er dei praktiske probema: då skjøner dei kvifor eg ligg på møta, ikkje kan køyra bil, reisa o.l

Men: Smertene mine får dei ikkje.

Dette er ein fin balansegang: Å forstå at folk treng å forstå - utan å utlevera seg totalt. Trøysta er at folk vil eigentleg ikkje ha smertene mine heller. Dei høyrer nok om sjukdom og plager utan at dei skal høyra noko frå meg også.

Men Torseth har eit poeng: Å vera ufør, men oppegåande, skaper mistanke. Eller i alle fall; Eg får mistanke om at folk har mistanke. Når eg gjer kjent at eg har utstilling med ei rekke bilete eg har måla dei siste vekene, lurer folk: Korleis kan ho ha helse til å gjera "alt det"?
Svaret er for min del ganske enkelt: Eg har ikkje helse til ikkje å gjera det. Det er ikkje berre den fysiske ryggraden som skal makta å halda seg oppreist. Det maktar den om eg gir kroppen passe med pausar. Men den indre ryggraden, mitt eige sjølbilete, skal halda seg oppreist også. Då treng eg noko å bryna tanke og sinn på, og gjerne noko å gjera som viser att når kvelden kjem.

Så eg held fram med å mala, driva politikk og skriva.

For tida heng det ei heile pingvinvandring i mitt vesle galleri med temaet: Livet under sørlyset - ingen dans på isroser. 
Dagens konklusjon må bli at å vera ufør er heller ingen dans på roser, om nokon skulle tru det. Men kanskje ikkje så mange trur det heller?
Når det meste av de eg gjorde før, er bak stengde dører, trøystar eg meg til Kirkegaard:


Skulle jeg ønske meg noe
da ville jeg ikke ønske meg rikdom eller makt
men mulighetenes lidenskap;
det øye som overalt, 
evig ungt,
evig brennende
ser muligheten!

mandag 20. januar 2014

Meistring skjer ikkje i vakum

Bengt Høie skriv mykje klokt om helse og meistring  i dag
Og om både han sjølv og me andre fylgjer hans råd, er me på rett veg. Men det er eit element som er avgjerande: Det må vera rom for meistring. Det må vera rom for at god helse kan få vera meistring og ikkje fullkomne liv.

Meistring skjer ikkje i vakum. Det er alltid nokon ved sida. Ja, det bør i alle f all vera nokon ved sida av deg om du skal meistra. Og den som er der, må gje aksept for at dette er "vårt gode liv" og "til å leva med". Fordi det andre gode livet som me les om på glansa papir ikkje er innan rekkevidde Og når ein har eitt einaste liv, som er det alle har, må ein leva det livet ein har.

Meistring skjer ikkje utan feiling. Viss ein ikkje av og til ikkje når målet, har ein ingen mål. Og når ein ikkje kjem heilt fram, blir ein skuffa, lei seg, trist eller i dårleg humør. Og dette skjer heller ikkje i vakum, dessverre, men i det rommet der "nokon må leva ved sida".
Det handlar altså også om å meistra å ikkje-meistra.

Meistring til langt over 70
Ja, det ynskjer dei gamle og friske. Dei vil ha stillingsvern også etter dei er 70 år. Elles kjenner dei seg ikkje viktige. Då seier samfunnet at det ikkje er bruk for dei.
Det er bruk for dei, og det er plenty plass i Det frivillige Norge, og det er plenty plass hjå arbeidsgjevarar som ser at dei treng dei, utan at dei stiller opp med ein rett i handa.

Meistring i arbeidslivet, kan vera meistring nokre timar i veka. Mange uføre vil gjerne arbeida dei timane dei maktar det. Og mange uføre må læra at dei kan det, før dei går inn i den laaange passive tilstanden, der "det er slik det er". Innsasten må setjast inn her. Fleksibilitet må nyttast her heller enn for dei over 70. Arbeidsliv og samfunn må stilla opp, skapa rom der meistring er muleg. For heller ikkje storfellesskapet kan venta at meistring skjer i eit vakum.

PS
Dette blei eit impulsinnlegg på bloggen om meistring, ikkje særleg poengtert eller godt formulert. Eg skal lova å skriva meir positivt og oppmuntrande, ein annan dag, ein dag eg meistrar å meistra.

søndag 15. desember 2013

Me vel sjølv vår eiga historie

Nei, me vel ikkje alltid korleis livet vårt er. Mykje av det me har opplevd, har prega oss. Me kan ikkje berre ta det vekk. Det er ein del av livshistoria vår.

Men når eg fortel om meg sjølv og livet mitt til andre, må eg alltid gjera eit utval. Ingen kan og ingen vil ha "heile stasen".

Eg har høyrt folk eg kjenner ganske godt fortelja om seg sjølv når dei møter nye menneske. Av og til har eg tenkt:"Oj, var det den delen av livet han ynskte å fortelja om. Var det eit slikt bilete han ville den andre skulle ha?" Nokon gonger er sjølvpresentasjonen meir positiv enn eg hadde venta. Andre gonger er han meir negativ.

Fordi eg er blitt arbeidsufør, er eg nok blitt svært medviten kven eg vil at folk skal tru at eg er. Tidlegare var det nok å presentera tittel, stilling og arbeidsstad. Når eg ikkje har noko slikt å visa til, er det som om eg er forplikta til å gå nærare meg sjølv når eg hentar fram opplysningar som kan gi andre sjanse til å bli kjende med meg. Av og til gjer eg det, av og til ikkje. Når eg gjer det, har eg ei uro i magen etterpå dersom eg fortel historia om henne som meistra det meste til ryggen melde pass. Ei god kjensle har eg dersom eg trur den eg har møtt har fått med seg at livet kan vera godt sjølv om det ikkje er friskt og "normalt".

Ærleg og sann skal historia vera. Men eg vel likevel historia. Ikkje fordi eg vil glatta over det vanskelege, men fordi eg veit at historia eg fortel i stor grad vil vera avgjerande for kven andre oppfattar at eg er. Og eg vil ikkje vera "forhenverande ditt og datt". Eg vil ikkje vera ein som strever med "ditt eller datt". Eg vil vera den som lever det livet eg har, fordi eg berre har eitt. Og det er det som eg kan vera for andre og andre kan vera i mitt liv, som skal bli historia mi framover. Og historia som kjem, er nett no viktigare enn den som har vore.

Er dette å fortrengja sanninga, å skapa si eiga sanning?
Eller er det meistring?

Biletet er laga ein flott haustdag, då eg for fulle såg kor levande skuggane gjer kvardagane våre. Fleire bilete finnest her: Galleri Nauthydlaren

tirsdag 10. desember 2013

Ingenting er svart/kvitt - heller ikkje i Sør-Afrika

Skjermane våre fortel at Mandela skal fylgjast til grava.
Nobel fredspris 2014 skal delast ut
samstundes
i vårt vesle land.

Når nokon døyr
talar me vel
skapar ettermæle.
Godt og vel!

Når nokon får fredspris
talar me vel.
Skaper håp om framtida!
Godt og vel!

Fredspris, riving av raseskille
vegen dit er kronglete.
Farkost og fylgje undervegs
skiftar etter ver og føreforhold.
Steinar ligg i vegen.
snublesteinar
byggjesteinar.

Me teiknar flotte, fargerike bilete
Sjøl om bileta blir mangedimensjonerte
er ikkje alt synleg;
ikkje alle skuggar og gråtonar.
Men me lurer likevel ikkje oss sjøl:
Me veit at dei er der
og lyg ikkje om ikkje alt blir sagt i dag.
Me veit at ingenting er svart/kvitt
ikkje før
ikkje no
heller ikkje i Sør-Afrika.

søndag 10. november 2013

Om skuggane finnest..


Fantastisk
å kunne gå nokre hundre meter langs gamle postvegen
å nyta haustfargane.
Eg tar dei med i hjartet
og legg ein flik av dei over på eit lerret, vel heimkomen.

"Ut av uføret" kalla eg denne bloggen
for lenge sidan
og håpte, trudde, tenkte
at det kanskje var ein veg ut.

Det var det,
men ikkje heilt slik eg tenkte i dei lysaste sekunda.

Eg kan oppleva hausten
utandørs
på eigne bein.

- Men må innrømma:
av og til er det skuggane eg ser,
der dei kryssar vegen.

Dei kan likevel ikkje hindra meg i
å sjå lenger fram:
til ei lysning i skogen.

Dessutan:
Om skuggane ikkje finnest der eg går,
er det enten gråvér
eller så er eg utan bakkekontakt.

***

Biletet er akryl på lerret, 40x40 cm med sveverame i sølv, kr 1500,-  Fleire bilete finn du her:
Galleri Nauthydlaren

mandag 4. november 2013

Det handlar ikkje om kva dei eldre kostar oss

"Ikkje snakk om pengar når det gjeld våre gamle. Dei må ikkje oppleva seg som ein utgiftspost!"

Nei, me skal ikkje sjå på eldre som ein utgiftspost, men det inneber ikkje at politikarar kan la vera å planleggja og tilretteleggja eldreomsorga utifrå kva øknonomi kommunen har og vil ha i framtida.

Er ikkje dette ei sjølmotseiing?

I vår familie har me fire born. Då dei var små måtte me heile tida rekna på kva me kunne gi dei av tilbod, til kvardag og i feriar. Me vurderte kva mat me kunne kjøpa inn, og kva klede me kunne ta oss råd til å bruka.

Me tenkte aldri på kva ungane "kosta oss". Dei var ingen utgiftspost. Me gjorde berre det me kunne for å ha ei sunn hushaldning, slik at både kvardagen og framtida trygg.

Slik er det også med eldreomsorga, slik eg ser det. 

tirsdag 29. oktober 2013

Kven har/tar ansvar for fakta til folket?

"Det er heilt sant, for det stod i avisa".
Det er lenge sidan me var der. Likevel; Me er mange som framleis vil tru at når det kjem opp vanskelege saker, lokalt eller nasjonalt, vil me bli godt orienterte dersom me les avisa. Og når me som politikarar sit i eit møte, omkransa av journalistar som fylgjer med i lange ordskifte, noterer ivrig undervegs, og tar intervju både i pausar og etterpå, har me lett for å tenkja at saka vil bli presentert i si breidde. Men der tar me feil.

Dei fleste aviser tar ikkje mål av seg til å presentera saka i full breidde, særleg ikkje på grunnlag av eit politisk ordskifte. Dei lyttar, noterer, skriv, lagar overskrifter og får kommentarar som gjer saka interessant, poengtert og aktuell. Eg tviler ikkje på at dei samstundes ynskjer å vera faktabaserete, men alle fakta kjem ikkje fram med slik framgangsmåte. Lagar dei gode faktaboksar i tillegg, har dei hjelpt lesarane langt på veg i å skjøna kva det dreirer seg om.

Eg er ikkje journalist, men forstår at det dreier seg om at bladfykane ikkje driv referatjournalistikk. Dei ser det ikkje som si oppgåve å fortelja lesaren kven som meiner kva og kvifor i alle saker. Heller ikkje kva som er historikken i smått og stort.

Men om journalistane ikkje har dette som oppgåve, kven har det då?

Rådmannen?
Rådmannen skal gjera grundig greie for saka i saksframstillinga. Det gir meg, saman med innspel frå dei som til dømes nytter tenesta det gjeld, eit godt grunnlag for vedtak. Saksdokumenta er opne for alle, men ikkje mange les dei. Regjeringa nyttar pressemedlingar der viktige moment blir poengterte, for dermed å leggja føring for vinklinga i saka vidare. Burde kommunane/rådmannen i større grad gjera det same? At ein også tar i bruk sosiale medier som kanal, tar eg som sjølvsagt.

Politikarane?
Ofte har eg gått gjennom saka, slik ho ser ut for mitt parti, både i forkant av vedtak og i etterkant, - for å forklara kva me gjer. Nokon vil hevda at det er meir å forsvara enn å forklara. Det kan dei ha noko rett i. Ansvaret for å opplysa og informera har me uansett. Og skal me få gode debattar som ikkje ender i ordkrig og eit usakleg uføre, må me ta ansvaret på alvor.  Men har me det åleine?