torsdag 26. juli 2012

Sommarfugl i vinterland


Kven har ikkje ynskt seg langt vekk?
Ynskt at draumen skulle bli sann
- slik sommarfuglen i vinterland?

I dag festa eg sommarfuglen til lerretet,
så fyk han ikkje så langt.

Det gjer heller ikkje eg.

Det er mange som ikkje fyk så langt,
SerendipityCat er ei av dei.
Tidvis kjem ho ikkje av flekken.
Men oftast sender ho gode ord ut i verda.
Nokre av orda har funne fram til meg
I dag handla dei om livskunst:

Som takk for kloke og oppmuntrande ord
i dag og elles
sender eg denne vesle blå sommarfuglen til henne
og alle andre langtidssjuke
og ynskjer
om ikkje friske dagar
så meiningsfulle dagar!

Fleire av bileta eg har måla finn du på det digitale galleriet mitt her Velkomen innom!

8 kommentarer:

  1. Tusen takk.. for vakker sommerfugl :-)

    SvarSlett
  2. Svar
    1. Håper ein liten blå sommarfugl kan vera til oppmuntring i karavanseraiet også

      Slett
  3. Hvor er den smuk :-) Og en sommerfugl i et snelandskab er ikke noget helt almindeligt syn :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Fint at du likt den. Snø og sommerfugl er motsetninger, som så mye annet i livet..

      Slett
  4. Tusen takk for vakker hilsen og vakker sommerfugl!! <3

    Det er godt å følge hverandre her på blogg altså!

    SvarSlett