søndag 29. juli 2012

Innigo - inn i hampen god på økologi


Denne bloggen har ingen reklame, men eg gjer eit unnatak for Innigo.
Eg skriv ikkje om mat, men eg gjer eit unnatak til.
Men eg skriv om ting og tang som er kome i uføret eller kan koma seg ut av det.
Og det kan og bør overforbrukarsamfunnet vårt.

Innigo er eit Hardangerfirma som produserer godt for ganen av frukt og bær. Det er det mange som gjer. Men ingen andre gjer det som Innigo. Når dei marknadsfører morelljuicen sin, seier dei at det er Prima Sekunda, laga av skadd frukt. For å visa kor haldbar juicen er, og kort dumt det er å kasta mat som går ut på dato, er varene merka med: Best før og ganske god etterpå. Hurra!

Den mellomste bukkene bruse her i garden har vore på Gladmatfestivalen og gjort seg feitt. Han hadde æra av å vera dommar, og fekk smaka vått og tørt på restaurantar og boder. Han driv med mat og slikt på bloggen Frå hage til mage. Det gjer ikkje eg. Eg berre smakar. Neste år bør Gladmatfestivalen gje ein pris for språk og god marknadsføirng. Då vil Innigo, som forresten fekk nyskaparprisen i år, få ein pris til.

Ei flaske Moredel blei meg til del etter festivalen.
Den smaka godt.
Dessutan: Eit fint alkoholfritt alternativ.

Apropos inn i hampen.
Moredel smaka faktisk inn i hampen godt. Og i vår språkleikande familie må me ha med ei forklaring på dette uttrykket.
Guten skulle få ynskja seg noko godt til middag. Han ville ha kjøtdeig og hamp.
- Hamp? spurte mor.
- Ja, sånne lange striper.
- Spaghetti, meiner du?
- Nei, pappa kallar det hamp. Eg hadde vondt i magen sist me hadde det til middag, så eg berre rørte rundt i maten med gaffelen. Då sa pappa at eg ikkje måtte rota sånn inn i hampen.

5 kommentarer:

  1. Guro fra Innigo3. mars 2013 kl. 09:26

    Fant plutselig ut på denne nydelige søndagen at jeg skulle google oss selv, altså Innigo. Og da kom jeg over denne omtalen (ikke reklamen =O)). Så fint at noen legger merke til og setter pris på detaljene, tenker jeg, her jeg sitter og er litt småskuffet over meg selv og mine salgs-bragder denne uken. I blandt er det godt å få slike postitive "vitamin-innsprøytninger" for å holde på selvtilliten. Prisen på Gladmat-festivalen var en solid vitamin-innsprøytning. Takk for at du skrev dette, blogger. Til uka skal jeg selge noe så inn i hampen mye morelljus!

    SvarSlett
    Svar
    1. Så fint at dette kunne gje deg litt nytt mot. Eg kjøpte også juice av dykk på marknaden i Etne året før. Gode greier!

      Slett
    2. Guro fra innigo4. mars 2013 kl. 16:15

      Takk, og i dag har jeg solgt jus til 1 og 1/2 hotell.... Skal gå bra dette Marit =o)

      Slett
    3. Lukke til vidare! Kan du nytta mi tilråding her på bloggen på noko vis, må du gjerne gjera det!

      Slett