fredag 1. juli 2011

Me har ein god eldreomsorg! - Kan eg seia slikt?

For lenge lenge sidan, då valkampen skulle planleggjast, drøfta me kva som skulle skrivast om skulen. Statsministeren, Kjell Magne Bondevik valde ei positiv vinkling, og overskrifta blei: "Me har ein god skule". Vekta blei lagt på å gje honnør til læraren, samstundes som utfordringane blei konkretiserte.

Det blei ei positiv overskrift, men ingen positiv reaksjon. Folk ville ikkje høyra snakk om ein god skule, - midt i valkampen.

Eg er ordførarkandidat igjen, 16 år sidan sist, og eg førebur meg til valkamp. I kva saker ynskjer eg at veljarane skal vita kor eg står? Alle rundt meg seier at eldreomsorg er viktig. Ja, eldreomsorga er viktig. I vår kommune, Kvinnherad, nyttar me 26 % over snittet i landet på eldreomsorg. Av desse prosenta skuldast det meste den kronglete (og storslåtte) naturen og strukturen vår. Likevel er det 6 % over snittet. Det høyrest lite ut med 6 % ekstra, men når også skulesektoren får meir enn snittet, seier det seg sjølv at det er grenser for kor mykje ekstra ein kan nytta, sjølv med ekstraordinære inntekter frå vasskraft.

Så spør eg meg: Skal eg lova meir pengar til eldreomsorga i valkampen? Eg representerer jo KrF, eit omsorgsparti. Eller skal eg seia at eldreomsorga er god?

Eg veit at det manglar sengeplassar på sjukeheimane inni mellom. No byggjer me ut for 200 millionar. Er det nok? Om me har ytterlegare 50 senger, vil ikkje desse bli gitt til 50 eldre slik at nr 51 som blei akutt dårleg, framleis måtte liggja i ei ekstraseng ei stund, sik at det vil synast som om me har for liten kapasitet??

Kvinnherad kan bruka meir på eldreomsorg, på skule, på kultur, dersom me vil, - ei stund til. Men lånegjelda aukar, og bruker me alle ekstrainntektene til daglege gjeremål, kjem me i uføret, eit uføre utan økonomisk handlingsrom.


Eg våger det: Eg seier at Kvinnherad er ein god kommune å bu i, med ein god eldreomsorg, vel vitande om at alt ikkje er perfekt.

3 kommentarer:

  1. Jeg synes det er en god innfallsvinkel..kanskje vi glemmer midt oppi alt det gode, at vi har det godt og trygt. Noen sa noe om mye vil ha mer, engang..Når det er sagt er det alltid rom for forbedring. Kanskje ikke det alltid handler om penger,men hvordan pengene brukes?

    SvarSlett
  2. Ja, da er dere heldige. Jeg bor i Oslo og kan vel ikke si det samme. Har flere eldre/syke i familien som ikke får den eldreomsorgen de burde. DEt er ikke alle steder det er like godt å bo! Vi har sett flere eksempler på TV også fra andre kommuner.

    SvarSlett
  3. Det finnest nok eldre som ikkje får den hjelpa dei treng. men eg stoler ikkje lenger på TV-oppslaga. Tv og aviser var også på den næraste sjukeheimen her og laga eit kriseoppslag. Situasjonen var forbigåande. For om me har aldri så mange heilttidsplassar, vil det alltid kunna koma ein til med akutte behov. For å unngå det, må det faktisk stå tomme rom rundt omkring.

    Eg trur det folk fortel meg, og eg vil prøva å leggja til rette for at den einskilde får hjelp, men eg tar Tv og aviser med ei klype salt.

    SvarSlett