mandag 18. juli 2011

Ja, eg søkjer makt.



Eg er ordførarkandidat i Kvinnherad kommune for Kristeleg Folkeparti. Det inneber at eg søkjer makt.
Burde eg ikkje som kvinne, halvgammal, kristen, for tida ufør, vera litt meir audmjuk, og heller seia: Ja, eg vil gjerne vera med dersom folk vil ha meg med.

Å vera politikar er å tena folket, lærte eg av mine læremeistrar Jon Lilletun og Kjell Magne Bondevik.
For å tena folket gjennom politikk, er det ein fordel å ha makt, makt som skal brukast til å skapa og fordela godene mellom grupper og personar, ikkje makt som skal misbrukast.

Omgrepet makt får innhald gjennom å kjenna motsatsen: avmakt. Å ha opplevd avmakt gir perspektiv og motivasjon til å vera med i politikken, og eg trur det gjer ein audmjuk.

Eg har kjend på avmakt. Det gjer ein
- når ein steg for steg går i retning "ut av arbeidslivet"
 
  • når ein er avhengig av at sjukesenga står på plass i stova når ein kjem frå sjukehuset
  • når ein må presentera seg som ufør
  • når ein må liggja på møte
  • når ein har kontakt med Nav
  • når ein på spørsmål om å ta oppdrag, må svara: Nei, det kan eg dessverre ikkje
  • når ein ikkje kan ta imot barnebarnet som vil opp på fanget
  • når ein ikkje kan reisa som ein vil
Makt kan gå til hovudet. Det er vanskeleg å bli arrogant når ein ofte ligg på golvet. Frå det perspektivet blir andre lett større enn når ein går omkring med hovudet heva.

Opplysninger om korleis eg kan stilla som ordførarkandidat når eg for tida er ufør, finn du her: Ordførarkandidat og ufør i valkamptider

Og makta vil eg nytta til å realisera mellom anna  dette
Om det same: Frå ein liggjande ståstad

6 kommentarer:

  1. Jeg tror det er viktig at at noen som vet hvordan avmakt virkelig kjennes,er med på å bestemme. På den måten kommer mangfoldet frem også i demokratiet. Det tenker jeg er demokrati, Vi trenger noen fra alle.
    Når det gjelder hvor ydmyk du skal
    være som kvinne...synes jeg kjønn er helt uinteressant i maktsammenheng. Kanskje i alle sammenhenger..Ydmyk skal vi vel helst være?
    Lykke til med kampen din. Om innflytelse.

    SvarSlett
  2. Takk for kommentar, Bente.
    Når det gjeld det å vera audmjuk, er det ei relativ sak. Ein bibelskulelærar sa ein gong til ein annan: Eg er meir audmjuk enn deg. Då svara den andre: Ja, det er du nok!

    SvarSlett
  3. Politikk er det muliges kunst heter det.
    Kanskje flere skulle se på den ydmykheten som ligger i å stå for sine valg, å innrømme at man faktisk vil noe, som det å søke makt

    Original Kamelrytterske, bare på Karavanseraiet.no, nå om Snare turer

    SvarSlett
  4. Godt poeng, kammelrytterske! Og slike innrømmelser og gode samtaler får vi kanskje ved flere stopp ved karavanseraiet.(For uinnvidde: se bloggen til Kamelryttersken via linken/bildet)

    SvarSlett
  5. Dette er klar tale, Marit Elisebet! Og det bør vi veljarane setja pris på. Skal ein kunna utretta noko, må ein ha makt. Når du skriv at du har følt avmakt ved ma å "liggja under bordet" på møta, så er dette heilt sikkert rettfølt.

    Men avmakt i politikken betyr sjølvsagt noko anna; at ein ikkje tilhøyrer fleirtalet. Slik har det stort sett vore i siste periode i kommunestyret i Kvinnherad for KrF.

    I enkelte saker har deler av opposisjonen likevel stemt med fleirtalet, noko som truleg har gjort kjensla av avmakt mindre!

    Spørsmålet blir no om KrF får nok oppslutning om sine saker ved valet slik at partiet kan koma i posisjon. Lukke til!

    PS! Grei måte å få meg og andre inn på denne bloggen!

    SvarSlett
  6. Takk for kommentar, Rolf Lothe, og velkomen på bloggen!

    Personleg har nok erfaringa med helsemessig avmakt vore større enn det å vera i mindretal i kommunestyret. Derimot har det tært på tolmodet at me har levd med det eg meiner er ein lite heldig arbeidsform som ikkje fremjer politisk handverk, det gjeld både for dei innafor og utafor koalisjonen. Dermed sit me at med at mange faktisk opplever å "ikkje vera heile" politikarar. Eg trur det er noko av forklaringa på det store fråfallet når det gjeld listekandidatar som stiller til ny runde.

    Så er eg spent på om eg får kontakt med folk framvoer til valet via mellom anna blogg, heimesida og facebook, slik at eg veit kva folk er opptekne av, og slik at dei kan få svar på evt uklare punkt i programmet vårt.

    SvarSlett