onsdag 23. februar 2011

Ut av uføre(t)

Det går mot valkamp, og inga tid er verre for ein ufør enn valkamptider. Det er då ein helst vil skalka lukene, og melda seg ut av samfunnet til bråket er over. Men sidan det ikkje er noko god løysing, får ein heller førebu seg godt, med hard hud og opent sinn.

Når i tillegg ei reform av uføreordninga står på den politiske dagsorden, blir det ikkje mindre fokus på det å vera ufør.

Som om det ikkje er nok: Eg har stilt som ordførarkandidat - som ufør. Og då har eg jo bede om merksemd , - og evt protestar eller støtte-erklæringar.

Framover vil eg kommentera dei ulike utspela som kjem til å dreia seg om å vera ufør. I tillegg tar eg fatt på min eigen veg ut av uføret, altså ut av "det å vera ufør". I alle fall er det planen. Om det vil føre meg ut i uføret, vil visa seg.

Eg vågar meg på å invitera andre med meg på denne vegen...

2 kommentarer:

  1. Det blir en spennende tid fremover for deg! Jeg har klart å komme meg ut av 50 % uføret:-)

    SvarSlett
  2. Så flott at du har tatt det steget. Kan henda vil du kjenne deg att i noko av det eg kjem til å skriva her etter kvart. Tar gjerne imot gode innspel!

    Eg vil fokusera på omgrep som menneskeverd, restarbeidskraft, varig ufør, stigmatisering, sosial angst, balanse mellom legejournal og andres innsyn ol.

    SvarSlett