Eg snappa opp kommentaren her ein dag, og tenkte at det er nok mange som har vore inne på den tanken, av og til.
Å gå ut av arbeidslivet er for dei fleste å ta fatt på ein heilt ny del av livet, ein del som er annleis enn det ein hadde planlagt og tenkt. Heldigvis går dei fleste ut av arbeidslivet ved oppnådd aldersgrense, men eg har likevel møtt mange dei siste åra som har hatt opplevingar som minner om dei eg sjøl hadde då eg heilt ufrivillig måtte lukka den døra.
Mykje er godt med å vera sin eigen herre, både for dei som er komen i "rett alder" til det, og for oss som har ein kropp som ikkje spelar på lag. Men mykje er også så heilt annleis og så vanskeleg å førebu seg på.
Det er ikkje godt å vita på førehand korleis det blir
- når telefonen ikkje lenger ringer og gir deg nye oppgåver
- når det ikkje lenger er nokon å arbeida saman med mot felles mål
- når døgnet og veka ikkje lenger har ein rytme
- når du må tenkja "det er ikkje eg som skal gjera noko med det" når du høyrer om utfordringar
- når du ser at du verkeleg ikkje var uunnverleg der du var.
For meg har det vore viktig å ikkje lukka alle dører og vindauge, men heller prøva å finna nye. Mange av dei nye vindauga er digitale. Eg vil vita kva som skjer, snakka med folk, bryna meg på andres synspunkt og ha ein vid horisont. Elles blir kvardagen min så liten. Det blir så lite å snakka med folk om. Og då blir det færre å snakka med for kvar dag. Det blir ein vond sirkel.
Eg vel å nytta Twitter, Facebook og blogg til å ha vindauga opne. Gi signal, få inn signal! Desse digitale romma er det som me gjer dei til. Eg vel mine kontaktar, og opplever at sosiale medier på den måten blir eit middel, ikkje eit mål. Fordi eg ikkje vil gå på veggane.
Menneskeverdet er alltid 100%. Det kan ikkje målast i funksjon, kilo, meter, kroner eller desibel.
mandag 18. mai 2015
søndag 10. mai 2015
Kampen om kvardagen
Eg gir meg ikkje
seier ryggen.
Eg gir meg ikkje
eg heller
seier tanken
initiativet
motet.
Nei vel,
seier ryggen.
Då får me
dela
på
tida og kreftene.
torsdag 23. april 2015
Endeleg berre delvis ufør
I år vil eg få forkorting i uføretrygda. Det har eg sett fram til.
Tilfeldigvis har mi eiga inntekt auka jamt fram mot innføring av ny uføretrygd. Det er ikkje snakk om store summar, men akkurat nok til eg får trekk i utbetalinga no etter at fribeløpet er sett ned (det eg kan tena utanom trygda).
Hadde ikkje den nye ordninga kome, ville eg ha møtt trollet med to hovud. Med noko godtgjersle for styreverv, maling og skriving ville eg ha passert grensa. Med gamal ordning ville eg då blitt vurdert på ny av lege og NAV for å finna ut om eg eigentleg er 100 % ufør. Det ville vera rimeleg og rett, sidan det er logisk at ein ikkje kan tena så mykje om ein er heilt arbeidsufør. Men det lar seg likevel gjera fordi me menneske er svært forskjellige. Og helsa er heldigvis ikkje statisk.
For å forklara kvifor eg kan tena ein del, vil eg visa kva eg tener pengar på. Det blir ei sosial sjølmelding, men eg skriv dette likevel, fordi det kan vera ei hjelp til å sjå at me ikkje er A4-menneske nokon av oss.
Etter eit svært aktivt liv med leiarstillingar som fylte tanken både kvardag og helg, blei eg nullstilt grunna helsa. Dette held meg no aktiv:
- Kommunepolitikk/styreverv. Eg ligg på ei matte på golvet under møta og har sjåfør til og frå møta.
- Maling. Eg begynte å mala då eg ikkje kunne halda noko tyngre enn ein pensel i handa. No har det blitt til eit galleri her i min eigen heim, og folk kjem og kjøper bilder av meg. (Noko eg aldri hadde drøymt om). Du kan ta ein tur på ei digital utstilling her: Galleri Nauthydlaren
- Skriving. Eg har alltid vore glad i å skriva. Dei ti åra sidan eg blei ufør, har tanken jobba med ein biografi. Når dagane har vore god nok til det, har eg søkt i kjelder og skrive eit manus. Med hjelp av familie blei dette til slutt til boka: Garborg og Skou - forskjell på folk? som kom ut på Commentum forlag i fjor haust.
Neste bok er under arbeid.
Ved sal av bilde og bøker og godtgjersle frå styrearbeid, har eg altså ei eiga inntekt. Denne inntekta ville eg ikkje kunne få i vanleg arbeid. Kven vil ha tilsette som arbeider heimefrå, no og då, og som må hentast og bringast når noko skal skje?
Det gode med den nye uføretrygda er at eg kan tena så mykje eg vil, så mykje kroppen tillet. Når eg tener meir enn fribeløpet, begynner eg å "tena mine eigne pengar" i staden for trygda. Eg er altså delvis ufør i staden for heilt ufør, utan å måtte regulera det formelle. No har eg meldt inn kva eg trur eg tener i 2015, og får noko mindre utbetalt kvar månad resten av året. Når året er omme, blir dette sjekka, og eg får tilbake "noko av trygda" om eg har tent mindre enn planlagt, og betaler inn meir dersom eg har tent over det eg melde inn.
Ei utruleg dynamisk ordning, til beste for alle partar, slik eg opplever det som har ein ryggesløs kvardag.
Samtidig er det viktig å få sagt at det ikkje er greitt at dei som ikkje har eiga inntekt har fått redusert sine utbetalingar. Håper regjeringa ryddar opp i dette, så denne gruppa slepp å stri med uførereformen og kvardagane sine. Det bør dei gjera for dei uføre si skuld sjølvsagt, men også for uføretrygda si skuld. Ei reform med mange forbetringar kjem i dårleg lys grunna denne feilen.
Pingvinane er kloke fulgar. Siste veka har eg malt fleire bilde av dei. Dei har funne ut at ved å stå saman og skifta på å stå ytterst og verna mot stormen, kan dei alle overleva uveret. Slik bør samfunnet vårt også vera. Ein gong var det min tur å stå ytterst. No er eg glad eg får stå noko lenger inn i flokken ei stund.
tirsdag 7. april 2015
Ein "ryggesløs" kvardag
Påska er over. Kvardagen er her. I tal har helga vore 11 dagar med til samen 16 store og små inn og ut av dørene. Husbonden er prest og har vore på jobb ein del av tida. Og eg er ryggesløs. Kanskje nokon ville sagt: Korleis kan det fungera når du er ufør "og alt"?
Det er tid for sjølmelding, og i dag skal eg melda min eigen kvardag, - fordi eg sit her, tar fatt på kvardagen, og ikkje er verre i ryggen enn at eg meistrar denne dagen.
Og meistringa har ei forklaring, og mange av dei går på to bein:
- dagen begynte med at "dei andre" stod opp, mens eg stod opp sakte, sengeliggjande, men likevel slik at eg kunne snakka med dei andre.
- dei andre laga frukost og kokte kaffe.
- eg passa barnebarn, utan å løfta, mens eine familien pakka i bilen
- gjestene sette skittentøykorger like ved vaskemaskina, berre for meg å trykka på knappane.
- ein son drog, ein annan kom, med eit barnebarn, for å bruka mammas printer (ein kopp kaffi og ein god prat og avtale om henting av store lerret til maling, så har eg både sjåfør og stor nok bil).
- kika over kva som var i kjøleskap og matskap. Påska var velproporsjonert. Det meste er vekk.
- handlinga før påske gjekk føre seg ved at andre bar varer, putta i handlevogn og i matskap. Det gjekk bra med unntak av kaffien. Eg peika på store kaffiposar og sa: "To av dei!" To kom i handlekorga. Men eg kjende jo ikkje at det var heile kaffibønner i posane.
- middagar og "godmat" blei laga av gjesten på skift, med litt innblanding av meg inni mellom. Fint med kokk og andre kjøkenvenlege familiemedlemmer. Oppvasken gjekk også unna.
- Opnar PC'en. Veit at noko ventar:
Skal:
- skriva andakt til lokalavisene
- skriva motsvar/dialog til bokmelding til bladet Heimen på boka Garborg og Skou - forskjell på folk?"
- skriva ein kort presentasjon av meg sjølv til ein artikkel som er levert til bok
- ta utskrift av eit referat, signera og putta i konvolutt
- redigera nokre punkt til partiprogrammet og senda til dei andre i programkomiteen
Epostar kan svarast på:
- melder forfall til representantskapet i SIM fordi køyreturen til møtestaden er for lang når eg skal på reise dagen etter også. Valkomitearbeidet tar me på epost.
- svarer ja til å møta andre i formannsskapet ein kveld sidan møtet ikkje er langt herifrå. Og eg kan skaffa sjåfør
- svarer på spørsmål om eg har lese ei spesiell sak til formannskapsmøtet. Det har eg ikkje. Skal lese sakene i kveld om ryggen er bra nok. Lover å ta kontakt om eg har spørsmål.
- Svarer at det er fint at ein annan enn meg tar leiaroppgåva i kontrollkomitene i eit nasjonalt styret, då eg ikkje kan lova å møta på generalforsamlinga. Gjennomlesing av protollar her heime og tilbakemelding per epost går bra.
Eg vel meg ut oppgåva med å skriva andakteni dag. Alt anna får venta.Eg har lese søndagens tekst som eg skal skriva om for ei tid sidan, så den har vore på modning i tankane. Då trengst det færre minutt ved tastaturet.
Mens eg skriv, set eg på CD med viser av Rudolf Nilsen som eg fekk av eine sonen/svigerdottera her ein dag. Sterke tekstar. Chattar litt med svigerdottera om det. Så kjem eit utkast til praktikantstilling rundt om i verda frå dottera. Til gjennomlesing, og tilbakemelding.
Gjort!
Og no har eg skrive om det eg har gjort, og dermed klimpra litt vel mykje på tastaturet. No kjenner eg at er "ryggesløs". Burde ikkje brukt krefter til å lesa korrektur, men tar ein runde likevel (tar det meste).
Så avsluttar eg sjølmeldinga og er rimeleg nøgd:
Svart på kvitt står det no: Dagen har hatt mykje innhald allereie. Eg er ikkje før som før. Eg er ufør, men ikkje i uføret: Det er til å bli glad av. No skal gleda forsterkast med ein kopp kaffi og ein sjokoladebit :) Og hadde du vore her, skulle du fått smaka!

søndag 22. mars 2015
Og me som trudde det var forskjell på folk...
Slikt tanke-uføre er det lett å koma i for nokon og ein kvar.
Jan Ove måtte ha ein stor illustrasjon til påskevandringa med barnehagane, og eg måtte til med penselen. Mens eg arbeidde med bildet, slo det meg at det er jo dette eg har arbeidd med dei siste åra, fram til boka låg på bordet like før jul i fjor: Garborg og Skou - forskjell på folk?
mandag 9. februar 2015
Eg lyg rett som det er. Er det ok?
Ja, eg veit at eg ikkje skal lyga.
Men eg eg gjer det likevel, rett som det er.
Når nokon spør: Er du ikkje bra i dag?
Joda, seier eg.
Blir det for mykje for deg no?
Neida, seier eg.
Av og til.
Av og til, seier eg det som det er.
Det kjem an på kven som spør og kva situasjon me er i.
Fordi det svarer seg.
Litt om same tema:Me vel sjølv vår eiga historie
lørdag 7. februar 2015
Når verda står opp-ned.
onsdag 4. februar 2015
Tiggerne - ute av øyet, ute av sinn?
Arendal innfører tiggeforbud og
regjeringa vil sette inn harde tiltak for å få tiggerne bort fra fortauene. Og vi tror det er noe nytt. Vi vurderer asylbarns rettigheter og bosetting av
flyktninger, og tror vi har nye problemer. Men: Intet er nytt under solen.
Blir
tiggerne utnyttet av bakmenn, eller trenger de hver krone for å holde liv i seg
og familiene sine? Uansett: Tigging er et symptom på en mangelsykdom som vi
ikke helbreder med tiggeforbud.
Og det har skjedd før: Fattigloven
av 1845 skjerpet tiggeforbudet i sin tid. Straffen for tigging var tvangsarbeid,
først i to måneder og videre med et tillegg på to måneder for hver gang en ble tatt
på fersken, inntil en øvre grense på ett år. Holdt tiggerne sammen i grupper,
ble straffen fordoblet.
Det var stor debatt om
denne loven, fordi alle så at problemet ikke var borte når tiggerne slapp ut av
arresten.
Bygdevektere og fattigkommisjoner gjorde det de kunne for å få tiggerne videre til neste bygd. Da var de kvitt ansvaret. Dette gjorde de ikke av ubarmhjertighet, men fattigkassene hadde allerede tunge byrder med syke og fattige som trengte hjelp. En omstreifende familie ble til så stor belastning at bygdefolket et sted samlet inn penger og sendte dem til Amerika. Vi kan også skyve problemet over til andre kommuner, andre land, men har vi løst det?

På
1890-tallet var det igjen stor debatt om fattiglov og løsgjengeri. Spørsmålet var
om en skulle bruke tvang eller straff. Svaret ble i realiteten: Takk begge
deler. Vi fikk løsgjengerloven og vergerådsloven. Ingen skulle vandre omkring
uten fast bosted eller arbeid, og barn skulle tas i fra foreldre om det var
fare for at de ellers ville bli «fordærvede». Disse lovene gav på sikt et bedre
liv for mange, men professor Ebbe Hertzberg pekte på et prinsipielt viktig
spørsmål som er like aktuelt i dag: Kan vi innføre lover og regler som går
utover barn som selv ikke har noe skyld i det uføret de er kommet i?
Saken ble drøftet på Kriminalistmøtet i 1893
samtidig som Martin Johan Mathiassen Skou gav ut boka «På fantestien». Skou var
av taterslekt og kjente vandringens hverdag, med noe frihetsglede, men mest
fortvilelse, og hadde forslag til hvordan folket hans kunne få det bedre. Kanskje
hadde livet blitt annerledes for mange om myndighetene hadde fulgt hans råd?
Skou var
barndomskamerat med Arne Garborg og delte rom med han da de gikk på lærerskole
på Time, og han ble modell til tateren Carolus i romanen «Fred». Ved å bruke
tateren som en kontrast til bonden, holder han fram sitt ideal: Bonden som
dyrker jorda og dermed bygger samfunnet. Ja, han plasserer bonden så høyt på
strå at han står i fare for å mene at «det er forskjell på folk». I en samtale
om Garborg og Skou under SILK, Skudenes Internasjonale Litteratur – og Kulturfestival,
uttalte Garborg-biografen Tor Obrestad seg om hvordan de to har påvirket hverandre.
Obrestad mente Garborg kanskje kunne ha blitt rasist om han ikke hadde hatt Skou
som venn. «Men han datt ned på rett side», la Obrestad til. Om begrepet rasisme
ikke var tatt i bruk på den tiden, fantes fenomenet.
Like
før Skou dør skriver han et brev til Garborg og takker han for alt. Svaret er
oppsiktsvekkende. Garborg mener nemlig at det er han som har mest å takke
vennen, omstreifergutten, for. Med noen
linjer røper han ikke bare at han har fått korrigert sitt syn på forskjellen på
folk, men peker også på årsaken til forskjeller i samfunnet. Dermed kommenterer
Garborg også dagens situasjon, dagens Norge, som møter individet mens det er
samfunnet som er det egentlige problemet:
Det
du elles kann takka meg fyre er nok ikkje stort. Då hev eg meir å takka deg
fyre. Serleg eitt skal eg nemna. Det var gjennom kjenskapen med deg eg kom
etter at der i grunnen er mykje mindre «skil på folk» enn me trur, og at det er
ytre vilkår som gjer mest til å skilja oss. Ytre vilkår førde deg sjølv – fyrst
eit godt stykke framyver, sidan eit godt stykke attyver, og so på ny framveg.
Hadde vilkåri i det heile lempa seg, so hadde du og i det heile fenge ein
ljosare livsdag. Like eins med ætter og klassar. Gode vilkår skapar folk og
låke vilkår skapar fant altfor gode
vilkår skapar elles fant , det au, om alltid på ein annan måte). Heile folket
ditt hadde greitt seg, om vilkåri hadde jamna seg for dei i rimeleg tid.
Frametter åri hev det då vorte meir og meir klårt, at «å reformera samfundet»
er fyrst og fremst å reformera samfundsvilkåri, dei økonomiske fyrst og fremst. (Garborg, 1918).
Brevet
frå Garborg til Skou som ligger i Nasjonalbibiotekets håndskriftsamling er ikke
med blant Garborgs brev som er utgitt i bokform.
Jeg
kom over brevet i arbeidet med boka "Garborg og Skou - forskjell på folk?"
Deler av dette innlegget har tidligere stått i Stavanger Aftenblad.
fredag 16. januar 2015
Ut av uføret, men framleis ufør.
Ei sportsmatte, ei pute og eit lesebrett, og vips: Eg er klar for møte i formannskapet. Og så en sjåfør; Det heldt eg på å gløyma. Det må eg også ha.
Denne bloggen er no 4 år gamal. Målet var å arbeida meg ut av uføret, og bli deltakar i arbeidslivet igjen. Slik har det ikkje gått.
Men eg har fått innsyn i mange andre uføre sin kvardag, sett mange tårer og delt fortvilinga over dalande sjølbilete.
Likevel, etter sju år med politisk arbeid som ufør, der dei andre politikarane og journalistane må trø over meg der eg ligg på sportmatta, nesten under journalistane sitt bord, er eg nøgd med situasjonen på sett og vis.
Eg kan spøka med at det er mange politikarar som ikkje har ryggrad, og no har folk endeleg fått ein politikar som legg seg flat, men som likevel reiser seg og står for noko.
Men alvoret ligg under; sorga over tapt helse. Ut av det mentale uføret har eg likevel kome, i alle fall delvis. Lenge var det pinleg stille ved presentasjonsrunden når nye folk møttest. "Ikkje i arbeid", "Ufør", er ikkje vanlege stillingskategoriar der eg ferdast til tider. No har eg begynt å seia det slik det er:
Eg har ein øydelagt rygg og eit godt liv.
Det er mange som har det motsatt,
og eg vil ikkje byta med dei.
onsdag 5. november 2014
Vårt Land: Forskjell på folk?
Forskjell på folk?
Sjølvsagt; ulik stand og stilling, alder og oppgåve.
Men forskjell på folk?
Nei, det er det eigentleg ikkje!
Eg blir aldri ferdig med dette temaet.
I dag har eg skrive om det på verdidebatt. Du finn det her
Abonner på:
Innlegg (Atom)