tirsdag 7. april 2015

Ein "ryggesløs" kvardag

Påska er over. Kvardagen er her. I tal har helga vore 11 dagar med til samen 16 store og små inn og ut av dørene. Husbonden er prest og har vore på jobb ein del av tida. Og eg er ryggesløs. Kanskje nokon ville sagt: Korleis kan det fungera når du er ufør "og alt"?

Det er tid for sjølmelding, og i dag skal eg melda min eigen kvardag, - fordi eg sit her, tar fatt på kvardagen, og ikkje er verre i ryggen enn at eg meistrar denne dagen.
Og meistringa har ei forklaring, og mange av dei går på to bein:
- dagen begynte med at "dei andre" stod opp, mens eg stod opp sakte, sengeliggjande, men likevel slik at eg kunne snakka med dei andre.
- dei andre laga frukost og kokte kaffe.
- eg passa barnebarn, utan å løfta, mens eine familien pakka i bilen
- gjestene sette skittentøykorger like ved vaskemaskina, berre for meg å trykka på knappane.
- ein son drog, ein annan kom, med eit barnebarn, for å bruka mammas printer (ein kopp kaffi og ein god prat og avtale om henting av store lerret til maling, så har eg både sjåfør og stor nok bil).

- kika over kva som var i kjøleskap og matskap. Påska var velproporsjonert. Det meste er vekk.
- handlinga før påske gjekk føre seg ved at andre bar varer, putta i handlevogn og i matskap. Det gjekk bra med unntak av kaffien. Eg peika på store kaffiposar og sa: "To av dei!" To kom i handlekorga. Men eg kjende jo ikkje at det var heile kaffibønner i posane.
- middagar og "godmat" blei laga av gjesten på skift, med litt innblanding av meg inni mellom. Fint med kokk og andre kjøkenvenlege familiemedlemmer. Oppvasken gjekk også unna.

- Opnar PC'en. Veit at noko ventar:
Skal:
- skriva andakt til lokalavisene
- skriva motsvar/dialog til bokmelding til bladet Heimen på boka Garborg og Skou - forskjell på folk?"
- skriva ein kort presentasjon av meg sjølv til ein artikkel som er levert til bok
- ta utskrift av eit referat, signera og putta i konvolutt
- redigera nokre punkt til partiprogrammet og senda til dei andre i programkomiteen

Epostar kan svarast på:
- melder forfall til representantskapet i SIM fordi køyreturen til møtestaden er for lang når eg skal på reise dagen etter også. Valkomitearbeidet tar me på epost.
- svarer ja til å møta andre i formannsskapet ein kveld sidan møtet ikkje er langt herifrå. Og eg kan skaffa sjåfør
-  svarer på spørsmål om eg har lese ei spesiell sak til formannskapsmøtet. Det har eg ikkje. Skal lese sakene i kveld om ryggen er bra nok. Lover å ta kontakt om eg har spørsmål.
- Svarer at det er fint at ein annan enn meg tar leiaroppgåva i kontrollkomitene i eit nasjonalt styret, då eg ikkje kan lova å møta på generalforsamlinga. Gjennomlesing av protollar her heime og tilbakemelding per epost går bra.

Eg vel meg ut oppgåva med å skriva andakteni dag. Alt anna får venta.Eg har lese søndagens tekst som eg skal skriva om for ei tid sidan, så den har vore på modning i tankane. Då trengst det færre minutt ved tastaturet.
Mens eg skriv, set eg på CD med viser av Rudolf Nilsen som eg fekk av eine sonen/svigerdottera her ein dag. Sterke tekstar. Chattar litt med svigerdottera om det. Så kjem eit utkast til praktikantstilling rundt om i verda frå dottera. Til gjennomlesing, og tilbakemelding.

Gjort!

Og no har eg skrive om det eg har gjort, og dermed klimpra litt vel mykje på tastaturet. No kjenner eg at er "ryggesløs". Burde ikkje brukt krefter til å lesa korrektur, men tar ein runde likevel (tar det meste).

Så avsluttar eg sjølmeldinga og er rimeleg nøgd:
Svart på kvitt står det no: Dagen har hatt mykje innhald allereie. Eg er ikkje før som før. Eg er ufør, men ikkje i uføret: Det er til å bli glad av. No skal gleda forsterkast med ein kopp kaffi og ein sjokoladebit :) Og hadde du vore her, skulle du fått smaka!

2 kommentarer:

  1. Heiser kaffekoppen herfra jeg,. Sjokoladen får vente.
    n fin selvangivelse. Om man ser på hva man får gjort gjennom dagen sp finner man fort ut at selv om kropp streiker så streiker ikke hele menneske.
    Nu hvil deg borger ...
    Klem :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var gode ord. Tenkjer eg tar ein kaffekopp til, sjøl om det er seint! :)

      Slett