lørdag 17. august 2013

Ingen vil vera dumme

Me møter det kvar dag:
Folk trur me er dumme.
Eg ser på han, 
ein oppegåande mann.

- fordi me høyrer dårleg, 
ikkje oppfattar det som blir sagt alltid,
legg han til.

Ein mann viste meg ein handfull tablettar
som han hadde på lur
om det blei for tungt.
Ein annan hadde andre "fluktplanar,
fortalde han.

Fordi han var tunghøyrt?
Nei, fordi han opplevde at andre trudde han var dum.

..

Derfor trur eg på han karen dykkar,
sa han
og peika på Knut Arild Hareide som eg hadde på brosjyra mi.
Menneskeverd, sa han.
Menneskeverd..

..

No er det ikkje berre KrF og Hareide som held fram menneskeverdet,
og i stunda der og då gløymde eg heile partipolitikken
fordi eg fekk tungt for å tenkja 
i møte med dei som har tungt for å høyra 
som opplever:
Dei trur eg er dum

Menneskeverd er altså noko som skal gjerast om til gangbar mynt i kvardagen.
med respekt
og 
augo som ser
alle!

6 kommentarer:

  1. Jeg synes mange snakker om menneskeverd i denne valgkampen..det er ikke så ofte jeg ser de samme vise menneskeverd..
    Tenke,ville det,ønske det,,men gjøre det?..
    God søndag. :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Utan handling blir ordet menneskeverd av liten verdi.
      Ha ein fin sundag!

      Slett
  2. Tiltredes
    På tross av partipropagandaen

    SvarSlett
    Svar
    1. Takkar.
      Denne gongen var ikkje partipropagandaen til å unngå. Biletet var utgangspunktet for heile samtalen. Men eg deler gjerne trua på det vilkårslause menneskeverdet med andre parti - dess fleire - dess betre :)

      Slett
  3. Hm ...
    Menneskeverd er merkelig lite oppskattet, men burde være i sentrum, for alle.
    Mormorklem :)

    SvarSlett
  4. Kanskje det er skremamnde å ta det på alvor. Då må me godta at det finnest noko ufullkomment? Som om det var så mykje fullkomment?

    SvarSlett