Å ha ein å dela livet med gjera at livet ikkje treng bli einsamt. Men når den ein lever saman med blir dement, får Alzheimer, må ein kjenna seg einsam sjølv om ein er to. Trur eg. Odvar Omland meir enn trur. Han veit korleis det er. Han har skrive boka: Tom stol - tom seng. Alzheimer og samliv, ei bok om ein ny kvardag, med lyse og tunge tankar, gode og krevjande situasjonar, men alltid med eit forsøk på å vera hjå kona, la henne vera kvinna som han fridde til ein gong, sjølv om han ikkje alltid når fram til henne no. Ei bok som bør lesast.
Odvar skriv også om Facebook som han bruker som dagbok. Dermed deler han av kvardagen sin med oss andre, gir oss eit gløtt inn i ein kvardag ingen heilt kan kjenna utan å ha vore der. Og han er bevisst på å bruka Facebook for å nå oss. Her er alder ingen hindring - han er ein av dei eldste mellom oss.
Odvar ynskjer ikkje at det skal vera noko tabu knytt til å ha Alzheimer. Han vil at han og kona skal vera ei opa bok; om dei vandrar inn på ein restaurant eller møter medmenneske på gata. Og i samtalar vil han fortelja korleis det er. I "varsomme samtaler" som han seier sjølv. "Mitt våpen er blant annet avisinnlegg og korrespondanse med mine venner på Facebook."
Og tilbakemeldingar får han på Facebook. Ofte små kommentarar som viser at venene hans lærer av det han skriv, opplever litt av dagane saman med han, om det er muleg. Ein Facebookven skreiv: "Jeg titter innom statusene dine og blir beriket og litt klokere fordi du rett og slett skildrer hverdagskjærligheten og det å stå sammen i gode og onde dager. Det er vakkert på en inderlig jordnær måte."
Facebook er det du gjer det til. Sladder og tomt vissvas kan delast der. Men mange har opplevd at sosiale medier kan sørgja for hjelp i sorgprosessen, som eg skreiv om tidlegare på bloggen. Og det kan også gi livshjelp. Odvar seier: Facebook er også blitt en god venn og delvis motvirker ensomhet. Facebook er en god dagbok.
I fjor var Odvar gjest her på bloggen. Du finn helsinga hans her:
En hand å holde i når Alzheimer tar taket
Takk til Odvar Omland for at han skreiv boka:
Tom stol - tom seng
Alzheimer og samliv
Alpha Forlag
2013
Ny bok på leselisten, tenker jeg.
SvarSlettMormorklem :)