torsdag 27. desember 2012

God bok: "Syngja" - songen me berre kan forstå at me ikkje forstår

Eg må seia noko om siste romanen til Lars Amund Vaage: "Syngja". Eg las boka i går, og tenkte eg skulle ta med nokre sitat her. Men eine sonen opna boka like før han skulle reisa. Og han kunne ikkje dra utan å få låna boka med seg. Betre med ein ny lesar enn sitat, tenkte eg, og let han fara med boka.

No har Vaage fått Nynorsk litteraturpris 2012.
 Gratulerer til Vaage!

Lars Amund Vaage er den minst fjerne forfattaren eg veit om. Fordi eg stadig møter han på kjøpesenteret, i forbifarta.
Han er likevel fjern fordi han har eit liv eg aldri kan forstå, som far til eit autistisk barn. Eg trudde lenge me kunne lesa oss til korleis det må vera. Og no gir han oss eit glimt inn i den vesle gleda og den store sorga.

Eg les, men forstår ikkje. Eg kjem berre til å forstå at eg eigentleg ikkje forstår. Det er ei krevjande øving, og ikkje mange bøker lar oss sitja att med innsikta denne øvinga gir.

Vaage skriv om jenta som ikkje tar del i kvardagane slik dei fleste andre. Han skriv om kvardagen rundt jenta, då ho var lita og då ho blei stor og flytta på institujson.

Mange sterke linjer går til i hjartet, men ingen så direkte og hudlaust som då Vaage skriv om ein gamal ven som dukkar opp. Han kallar han F. Og når han seier kven F er, eller rettare, kven han ikkje er, er det som om noko brest - i meg.

Les og møt F. For du møter han ikkje elles...

Mykje kan seiast om "Syngja". Eg sit att med ei stadfesting av at menneskeverdet er utan vilkår. Eg har alltid meint at det er slik. Medan sidene tar meg med inn i livet til den ordlause jenta, høyrer eg songen, - så vidt. Songen som fortel at ei slikt ord "menneskeverd" får større tyngd når det skubbar seg mot dei vonde dagane, dei kaotiske kjenslene, - hjå dei som har prøvd ut menneskeverdet i praksis.

Og dei litterærare kvalitetane? Dei er mange. Poesi og prosa i eitt. Eg vil ikkje knusa dei med utlegging.

Les,
kjenn
og tenk!


Syngja
Lars Amund Vaage
Oktober forlag 2012

Til Aftenbladet fortel Vaage om menneskeverdet, 12.mai 2013: Jeg frykter et samfunn der alle er lytefrie

9 kommentarer:

  1. Han er en forfatter jeg skal lese, helt klart!

    Det er bra å lese om en verden en selv ikke tilhører, men som på en måte angår en selv likevel.

    SvarSlett
  2. Denne boken fikk jeg i julegave, så den skal snart leses. Jeg har lest andre bøker av Vaage tidligere, og han er en forfatter jeg setter høyt.
    Jeg kan ikke sette meg inn i hvordan det er å være forelder til en som er diagnostisert som autist. Men jeg har møtt og blitt kjent med mange, i årenes løp, som har denne diagnosen, gjennom jobber jeg har hatt. Og det har vært til dels sterke møter.

    Boka ser jeg frem til å lese, både pga tema, og med litterære forventninger.

    SvarSlett
  3. Den virker som en bok jeg gjerne vil lese.
    Men jeg kommer vel ikke til å forstå så mye mer enn at jeg ikke forstår og bøye meg for det.
    Det er noe med skoene og hvem som har dem på, tror jeg.
    Takk skal du ha.
    Klem Mormor

    SvarSlett
  4. Godt at noen forteller om at også funksjonshemmede barn har en verdi i seg selv. Fortellinger som gir andre perspektiv.
    Vet jeg.
    Derfor jeg måka snø i morges. Sånn at han kom seg på SFO. han som må ha hjelp til alt. Og som vet det. Men likevel sier han er glad han er funksjonshemmet. Og likevel helst vil gå selv.

    Takk for at du delte :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Nokon kan omsetja orda i boka til kvardagsspråk, liknande språk, brukte i liv som på somme vis liknar..

      Ha ein fin dag!

      Slett
  5. Eg har litt lyst til å lese den boka eg og, men samstundes ikkje. Eg har sjølv ein gut som er autist. Men min er det ein kallar høgtfungerande barneautist. Så om eg leser boka, veit eg ikkje om eg klarer å forstå korleis det er å ha eit barn som er så lite fungerande. Eg forstår mitt barn, men om eg vil forstå andre sitt barn er eg ikkje sikker på.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har også besøk av ein gut av og til som eg ikkje veit om eg når fram til. Å forstå han, trur eg adri eg kan. Du skriv at du kanskje heller ikkje forstår meir om du les boka. For meg var det innsikta i tankar og opplevingar hjå foreldra som gjorde mest inntrykk. Deira liv er på mange måtar kanskje meir skjult enn barnet sitt liv. Dei skal jo vera sterke utad, - og kjærlege, men faste heime.
      Ynskjer deg gode dagar!

      Slett
    2. Ja sant det, har ikkje tenkt på det den vegen, at eg får eit godt innblikk i foreldrene sitt liv.
      Kanskje eg bør lese boka uansett.
      For forståelse frå utanforståande er ofte ei mangelvare for oss som har ungar med spesielle behov.

      Slett
  6. Jeg måtte innom galleriet ditt og hvile øynene og sjelen en smule.
    Og da jeg ville si takk, så måtte jeg hit.
    Så da sier jeg takk, her.
    Takk for hvilen og takk for ordløse fortellinger.
    Mormorklem

    SvarSlett