fredag 27. juli 2012

Synleggjering utan stakkarsleggjering under OL - opninga

Utruleg -
London - OL maktar det vanskelege:
Å synleggjera personar som ikkje er A4,
utan at dei blir til stakkarar.

Ei døv dame leiar eit heidundrande rytmesirkus.
Ei jente utan hender som dei fleste andre, syng solo.
Eit kor med døve og høyrande syng nasjonalsongen,
- ikkje strigla, men klangfullt og mektig.
Sjukehus for born får hovudrolle i ei scene.
Fakkelberar med rullator.
Jenta på hjul er med på dansegolvet.

I tillegg:
Tenkepause,
frå ståheien
for å minnast dei som ikkje er med
og dermed gi støtte til dei sørgande.

Og alt dette ikkje som unnatak,
men som ein naturleg del av heilskapen.

Alt dette er eigentleg sjølvsagt,
men i samanheng med OL
der dei sterkaste, friskaste, raskaste vinn,
er det til å ropa hurra for.

Gratulerer England!
Den første gullmedalje går til arrangøren!

5 kommentarer:

  1. Der sa du det! Opplevdest så naturleg at eg ikkje tenkte over det før du sette fokus på det. Det er slik det skal vere :)

    SvarSlett
  2. En liten kommentar om den døve slagverkeren. Hun er en anerkjent musiker, reiser verden over, har vært mye i Norge også. Hun er en av de aller beste hun. Basta, tenker jeg.

    SvarSlett