tirsdag 24. juli 2012

1 drepen og 15 såra

Overskriftene lyser imot oss. Kvar dag går liv tapt, i trafikken, i arbeidsulukker, ved terror og i krig.

Vanlegvis legg eg mest merke til talet på drepne. Død, reven vekk, - brutalt og endeleg. Talet på såra er meir som ein parentes.

Alle veit at 77 blei drepne på Utøya. Men 157 skadde, kor mange kjenner det talet?

Ser ein etter kva som skjuler seg bak samlegruppa "såra/skadde",  ser ein at dette ikkje på noko måte høyrer heime i ein parentes. Ein får livet snudd heilt opp ned, og får eit liv i rullestol. Ein annan treng hjelp til alt dagleg stell, ein tredje har mist konsentrasjonsevna og får angst med tanke på å gå utfor døra, ein fjerde ligg i ei seng, utan kontakt med nokon. Sanninga om kvardagen bak dette vesle og tilsynelatande uskulidge ordet "skadd" kan vera så brutal.

Er ein "den skadde" for resten av livet?
Dei fleste såra og skadde kjem tilbake til eit nokså vanleg liv, men er likevel ein litt annan. Kanskje har ein lært å sjå annleis på kva som er viktig? Kanskje har ein lært å setja pris på gode stunder med nære vener.

Men kanskje går ein vidare i livet med ein ny identitet: "Han som var utsett for ei ulukke", "ho som blei såra og skadd". I den grad kropp og sinn er skada, er ikkje dette til å unngå. Men dersom ikkje kvardagen blir hindra, er det viktig å halda fast på eit sjølvbilete der ein er meir enn "den skadde". Ein er noko uavhengig av det som hende, - slik ein var noko uavhengig av prestasjonar før det hende. Denne bloggen blei til fordi eg sjølv har sett kor viktig det er å tvihalda på dette: Menneskeverdet blir ikkje målt i kroner, meter, alder, prestasjon eller desibel. Mennesket har verdi fordi det er eit menneske.
Etter dramatiske opplevingar kan det nok vera vanskeleg å setja fokus på noko anna enn det som hende, det vonde, det vanskelege, det som framleis gir smerter. Men om en vågar,  prøver litt dag for dag, så vil det "svara seg".

1 kommentar:

  1. Tiltredes.
    Møter jeg daglig i jobben, trenger ikke være en dramatisk ulykke, men et drama likefullt. På dem hjemlige arena. Et slag eller et hoftebensbrudd. Eller alderdommen som gjør sitt ubønnhørlige inntog i livet...

    SvarSlett