tirsdag 3. juli 2012

Sunt bondevit går aldri ut på dato

- Me fekk den hjelpa me så sårt hadde bruk for. Og det sjølv om me ikkje hadde rett på det. Me kunne ikkje banka i bordet med lova i hand. Me fekk hjelp, likevel.

Denne korte rapporten frå NAV og Helse-Norge fekk eg ein dag. Og eg gledde meg over det. Landet skal nemleg styrast med lov og sunt bondevett.

Mange som forvaltar lovverket og systema våre, veit dette. Særleg dei som har levd nokre år, og som veit at systemet er til for folket. Sjølv har eg hatt den raude lovsamlinga med på dei arbeidsplassane der eg har hatt mykje makt. Og den vesle, kloke figuren som symboliserer det sunne bondevitet, sit alltid og vaktar fortolkinga.

No har både bondevitet og lova tatt plass i stova, - håper eg.

3 kommentarer:

  1. Svar
    1. Denne korte "rapporten": - Me fekk den hjelpa me så sårt hadde bruk for. Og det sjølv om me ikkje hadde rett på det. Me kunne ikkje banka i bordet med lova i hand. Me fekk hjelp, likevel.

      Slett