fredag 23. mars 2012

Når ein ikkje lenger kan snakka som ein Foss, slik me begge gjorde før.

Ja, me er mange som har lurt på kva som gjorde at Foss ikkje snakka som før. Var det alkohol, sjukdom, medisiner? No har han gitt oss svaret. Eg trur det var bra, både for han sjølv og for den politikken han målber.

Når ein endrar oppførsel, blir dei ein møter forvirra. Men tru meg, når det er du sjølv som opplever endringa, er det mange gonger tøffare.

Etter store dosar narkose, mista eg grepet på språket ei stund. Snakka eg om ver og vind, kunne eg skjula problemet, men skulle eg henta fram framandord eller sjeldan brukte ord, gjekk det gale. Då blei i beste fall gorilla til alligator og incentiv til intensiv. I verste fall var orda heilt og fullt vekke. Ved starten av ei setning kunne eg ana at dette ikkje kom til å gå bra. Eg kom til å mista tråden undervegs til konklusjonen, eller eg ville mangla viktige ord.

Då eg skulle tilbake i jobb, som leiar i sjukehus, visste eg at på leiarmøta sat det legar, pyskiatarar og psykologar rundt bordet. Dei ville avsløra meg momentant. Eg valde derfor å seia frå først som sist: Eg kjem til å mangla ord, rett som det er, så når eg stoppar opp, er det fint om de gir meg ordet, no heilt bokstavleg tala.

Det gjekk glimrande. Verre var det å tala offentleg. Då eg gjekk tilbake til lokalpolitikken for fem år sidan,var det framleis eit etterslep i ordkaoset. Då kjende eg kor tøft det var å gå på ein talarstol att. Eit par gonger måtte eg seia at eg ikkje fann rette ordet, men etter kvart har eg lært å manøvrera unna: Er eg begynt på ei setning, og anar at ordet ikkje er der, tar eg ein sving og seier noko anna, sjølsagt noko som gir same meining.

Det er aldri kjekt å seia for mykje om slikt, i alle fall ikkje mens det står på. Det er mykje lettare når ein kan sjå tilbake på ei tid med slike problem.

Burde Foss sagt frå tidlegare? Eg vil ikkje svara på det spørsmålet, for å stilla opp som "svak" er så krevjande at ein faktisk må få tilbake noko av den mentale styrken før ein kan gjera det.
God betring til Per Kristian Foss!

8 kommentarer:

  1. Ja, det er tøft å bli syk. Det er tøft å bli avslørt i å ha mistet noe av seg selv.
    Å beherske språket er på en måte å beherske livet sitt.
    Syns det er tøft av Foss å stå fram, å sette ord på at ordene er blitt en utfordring for ham.
    Håper han fortsetter å bli stadig bedre!

    SvarSlett
  2. Mormor slutter seg helhjertet til ønsket om god bedring til Per Kristian Foss.
    Plundrete med ord som blir borte eller endrer seg.
    Ha en fin kveld.

    SvarSlett
  3. Jeg hiver meg med ønsker om god bedring.
    Dessuten er jeg enig med deg: det er lurt å være åpen om sykdom eller skade. Folk tror ting veldig fort.
    God helg!

    SvarSlett
  4. Eg sender ei lenke til Per Kristian Foss så han kan få lesa helsingane: Så her er det berre å hiva seg på!

    SvarSlett
  5. Då fekk ein brått ei forklaring på endringa, og godt var det, for ein lurte jo litt på kva han holdt på med.
    Men ser no ut som om han har komt seg bra etter slaget, og godt er det.

    Ha ei fin helg.

    SvarSlett
  6. Viktig å stå fram og vere ærleg. Sjølv om det burde vore unødvendig at folk spekulerte i alt mogleg når nokon endrar seg, så er det diverre slik... Det kan også hjelpa andre i same situasjon. Takk for at de deler, både du og herr Foss:) Klem og god helg!

    SvarSlett
  7. Sliter også med å finne de rette ordene noen ganger. Har heldigvis en flott klasse i religion som hjelper meg å leite.. ;-) Synes det er verre i engelsk, man skal liksom være helt på høyden når man underviser i andre språk.. Lurer på hvor lenge jeg holder ut i det faget? Prøver teknikken med å tenke på noe annet, det hjelper noen ganger, men det er så irriterende å ikke finne det man leiter etter med en gang.

    SvarSlett
  8. Kjenner igjen det med sviktende språk, det kjennes ikke bra når språket blir for enkelt.

    Tankevekkende at det er så liten aksept for "svakhet" blant kommunens ledere.

    SvarSlett