lørdag 10. mars 2012

Rikspolitisk pendlarliv - ein unntakstilstand


Med to og eit halvt års pendling til storpolitikken i Oslo i ryggsekken, kjenner eg at det ikkje er lett å bruka store bokstavar om den situasjonen Warloe er komen i.

Storting og regjering held til i Oslo.
 Det er ikkje til å koma ifrå.
Rekruttering til Storting og regjering skjer frå heile landet.
 Slik vil me ha det.
Konsekvensen er at ein stor flokk politikarar blir vekependlarar. Kontakten med heimstaden er viktig både av private og familiære grunnar, men også for at dei utvalde skal vita kva som går føre seg mellom dei som dei er sette til å representera.

Kvardagane i rikspolitikken er full av gjeremål, for ikkje å seia tale- og høyremål. Ein skal tala og drøfta saker på ulike møte, og ein skal høyra på kva einskildpersonar og grupper vil orientera om. Kvart ord skal vegast på gullskål, om ein er på talarstolen, i radio eller på fjernesyn. Og av og til skal ein kasta glans over samveret. Stort sett går dagen fortare enn svint, - stadig saman med folk, - stadig nye folk. 

Så kjem kvelden, og ein kan slappa av i fred og ro. 
Oftast åleine. 
Og oftast er det heilt greitt.

Men av og til og periodevis kan det bli vel tomt for nokon,
 - for tomt for somme.

I dei tre vintrane eg budde i Oslo i vekene, var eg så heldig å arbeida i Kyrkje - utdannings og forskingsdepartementet med Jon Lilletun som leiar. Me var eit team i den politiske leiinga som trivdes saman, og støtta kvarandre når det trengtest. Når me gjekk gjennom døra inn til avdelinga for politisk leiing, kunne me vera frie. Avdelinga var avlåst og skjerma for resten av departementet, og innafor døra hadde me våre faste medarbeidarar med departementsråden i spissen som me stolte på. Innafor den døra kunne me le og gråta, vera oppgitte og glade, alt etter kva kvardagen hadde gitt av opplevingar.

Ikkje alle departement har det slik. Korleis det er på Stortinget, veit eg ikkje. Men eg høyrte ofte andre seia at dei skulle ynskt dei hadde det slik som me hadde det i KUF. 

Å være vekependlar til ein rikspolitisk kvardag, 
er å leva i unntakstilstand. 
Det forklarer kvifor det kan gå så galt på ulike vis, 
sjølv om det ikkje forsvarer det.





2 kommentarer:

  1. Det må være veldig spesielt å leve slik ja!

    SvarSlett
  2. Jeg tror nok det er vanskelig, ja.
    Mormorhilsen på mandag

    SvarSlett