fredag 9. mars 2012

Snåsamannen, Rohde, Twitter og du og eg.


Sterke reaksjonar!
Folk rasar!
Det koker der ute!

Store overskrifter og kommentarar i media kjem og går. Før i tida lurte eg på kven desse «folka som rasar", var. Eg konkluderte med at dei truleg var ein del av journalistane si verd, eller dei sendte sterke reaksjonar inn i journalistbobla som eit varsel frå omverda.

Med sosiale medier er dette noko endra. No kan dei som vil vera med å danne dette «folket» som rasar. Er ein til dømes på Twitter, kan ein fritt kommentera det som blir sagt på Dagsnytt 18 og dermed på å forma «fokemeininga», også om ein er utan jorunalistbakgrunn eller fagleg grunnlag og utan noko som helst form for filter.

Og det er vel bra? Så kan folk flest vera med å gi uttrykk for kva det rådande synet er i ulike saker?

Ja. 

Men:
Kven er det som er på Twitter og kommenterer Dagsnytt 18?
«Kven som vil», men ikkje «kven som helst». Sjølv har eg vore på Twitter i vel eitt år, men når eg skal telja opp kven eg kjenner frå den verkelege verda, må eg nok konstatera at dei som også er på Twitter, på ingen måte er representative.

Slik er det, og det er greitt nok – så lenge ein tar det for det det er. 

I DAG:
Det er kome opp kritikk mot Snåsamannen i ei nyleg utkomen bok. Ei mor, politileiarkvinna Rohde, som fekk hjelp til son sin frå Snåsamannen, vel å seia høgt at ho er glad for hjelpa ho fekk. Og ho seier det utan å be om orsaking. Det handlar ikkje om kva ho trur, men kva ho opplever, seier ho. Og smiler samstundes som ho viser til det gode Snåsamannen har gjort for så mange.

«Det koker der ute», seier programleiaren – fordi folk ikkje liker at politikvinna uttalte seg.
Og sanneleg koker det ikkje etter sending også.  – Fordi ingen fekk vera med i programmet for å kritisera henne som kritiserte kritikken av Snåsamannen.
Er det berre eg som lurer på kor mange kritikarledd som skal vera representerte for å få med breidda?

Eg er ikkje på jakt etter syndebukkar i dette spelet. Eg berre ser at slik er det, med dagens sosiale medier. Og i staden for å furta og synast at dette er for gale, vel eg å delta, mellom anna med dette blogginnlegget.

Når det står i fare for å «koka der ute», vil eg vera med å få opp temperaturen den eine dagen, mens eg ein annan dag vil hella i den delen kaldt vatn som eg kan stilla med, for å moderera temperaturen.
I dag inneber det å seia takk til Rohde som representant for svært mange, i sin respekt for Snåsamannen; fordi han har stilt opp for folk, utan betaling, heilt fram til det siste; utan å søkja media sitt søkelys. Ingen blir sendte til han ufrivillig, staten rekvirerer ikkje hjelp fra han, han kjem aldri i staden for medisinsk hjelp. Alle som søkjer til han, gjer det på eige initiativ og ansvar.

Så får tru og tvil vera ei anna side av denne saka..

Nesten same tema:
Kva er det å vera raus? 

4 kommentarer:

  1. Har lurt litt på de uttrykkene, jeg også, ble en gang sitert på at jeg "raste" mot KrF's daværende leder, Kjell Magne Bondevik. Det dreide seg om at jeg ikke delte hans syn på EØS. Men jeg vil ikke akkurat si at jeg raste, til det har jeg litt for god oppdragelse.

    Har også lurt litt på det partiet som stadig omtaler "folk flest". Jeg har alltid tenkt at jeg var en av folket, og kanskje også en av "folk flest". Men jeg opplever ofte at synspunktene nevnte parti kommer med ikke deles av meg. Pussig!

    SvarSlett
    Svar
    1. For min del har eg konkludert med at "folk flest" ikkje er "folk flest" :)

      Slett
  2. Veldig bra innlegg. Journalister velger ut sine ord i frå kva dei trur selger best har eg funne ut. Om det dei seier/skriv stemmer eller ikkje er vist ikkje så nøye. :)

    Ha ei fin helg.

    SvarSlett
  3. Mormor raser, men helst på egen blogg og hun raser ikke over, bestandig.

    Når noen får hjelp så er det vel ikke annet enn høflig å si takk??
    Kan hende offentlig også?

    Kanskje boblen journalister bor i, ikke er då mangfoldig som de liker å innbille seg og oss?

    Ha en god dag :-9

    SvarSlett