Har du tenkt på kor mykje plast som hamnar i søppelkorga berre når du pakkar ut frukta du har kjøpt? Det har svigerdotter mi. Så ho spurte om eg kunne hekla fruktposar.
Så det har eg gjort.
Fristar dette som eit godt alternativ til plastposar nokon SOM IKKJE KAN HEKLA, kan eg laga nokre: kr 60 per stk for den smale, kr 90, for den store + pluss porto. Det blir ikkje akkurat nokon timepris å snakka om, men heklinga er god å kombinera med krim på TV.
Posane er hekla i 100 prosent bomull som kan vaskast, ja, kokast om dei blir skitne.
Eg har laga ei hekleoppskrift etter mine prøvehekleposar. Men ver ikkje redd for at du ikkje går heilt etter mønsteret. Det blir truleg posar av det uansett, i fleire fasongar.
Har du ulik farge på bandet øverst, er det lett å hugsa kva som var ein liten pose som passa til tomater og kva for ein som var stor nok til ein kilo eple.
Start med 10
luftmaskar (lm) og fest dei i ein ring med ein kjedemaske (km). Bruk heklenål
nr 2 og Solberg garn 12-4 eller tilsvarande.
1.omgang: 4 lm, 1 stav (st) og 1 lm 9 gonger i ringen. Avslutt omgangen med 1
km i den 3. lm av de 4 første lm.
2.omgang: 5 lm, 1 st og 1 lm mellom de to første stavane i forrige omgangane.
Gjenta rundt heile vegen og avslutt med km i 4.lm av de 5 første på omgangen
3. omgang: 6 lm, i dobbelstav (dst) og 3 lm mellom dei to første stavane i forrige
omgang. Gjenta rundt heile vegen og avslutt med km i 5.lm av de 6 første på
omgangen.
4. omgang: 2 km i luftmaskebuen, 6 lm, 1 km i neste bue. Gjenta rundt heile
vegen og avslutt med 3 lm og 1 stav i den 3. av de 6 første luftmaskane.
Fortsett på same måte
som 4. omgang, slik
5. omgang, 7 lm, 1 km i kvar bue
6 og 7. omgang; 8 lm, 1 km i kvar bue
9. omgang: 9 lm, 1 km i kvar bue
Fortsett med omgangar
lik omgang 9 til ca 5 cm før ønska lengde.
Etterpå:
Ein omgang:
8 lm, 1 km i kvar bue,
neste: 7 lm, 1
km i kvar bue
Vidare desse 4 omgangane:
- 4 lm 1 km
i kvar bue
- 1 km i kvar maske på forrige omgang
- 2 dst, 2 lm, hopp over to maskar, gjenta rundt heile vegen
- km langs
heile kanten
Hekle ei snor med
luftmaskar og tre den gjennom løpegangen du laga med den nest siste omgangen . Bruk gjerne dobbel
tråd.
Vil du ha ein vid
pose, går du vidare med fleire lm i kvar bue etter omgang 9, og lagar lengda på posane
med same talet på buen som den siste omgangen du auka opp. (altså heile vegen
9 lm i kvar bue dersom største buetalet var 9. 12 lm i kvar bue dersom største
talet var 12 osv.
Mari på Lunner har no kvalitetssikra mønsteret, og her er resultatet: