tirsdag 8. april 2014

Dugnad for å skifta ut "uføretrygda" med "arbeidsufør"

Eg får uføretrygd fordi eg er arbeidsufør.
Eg er ikkje arbeidsufør for å få uføretrygd.

Eg har ingenting imot å bli kalla arbeidsufør. For det er det eg er. Men når ingen andre blir presenterte eller definerte utifrå den måten dei får inntekta si på, vil ikkje eg bli det heller. 
Ingen presenterer seg som lønsmottakar eller arbeidsgivar.

Ved sjukdom seier ein vanlegvis ikkje
at ein mottar sjukepengar, men at ein er sjukmeld,
og ein mottar ikkje arbeidsledighetstrygd, men er arbeidsledig.
Mange eldre vil heller seia at dei er pensjonistar enn trygda.


Etter å ha krope ut av arbeidslivet grunna sviktande helse, er eg glad for at me har ei ordning med uføretrygd. Og kva ein opplever av biverknader ved haldningar og mistanke, skulle vore underordna. Men desse biverknadene kan bli noko mindre berre ved hjelp av språket. Derfor har eg utfordra til ein dugnad for å bruka ordet "arbeidsufør" oftare og "uføretrygda" sjeldnare.

Så vil mange seia at dette er flisespikkeri. Realitetane er dei same, og om ei stund vil den same opplevinga av mistanke vera knytt til ordet "arbeidsufør", slik me har sett det på andre område, til dømes når det gjeld jakta på det beste ordet for funksjonshemma.

Eg vil likevel utfordra til dugnad for endring av ordbruk, av to grunnar:
Den som har skoen på, veit best... Om andre seier at eit problem ikkje er eit problem, løyser ikkje det problemet for den som har det. Ein subjektiv realitet, er tilstrekkeleg realitet til å gi konsekvens.
Dessutan er ordet "arbeidsufør" betre språkleg. Arbeidsufør er eit meir korrekt ord for det ein person "er", mens "uføretrygda" viser til ei ordning.


Når ein slit med sjølvbiletet, skal ein tenkja at andre tenkjer mindre på ein enn ein sjølv trur. Dette gjeld også oss som er uføre. Men i tider med mange sterke ord om "dei uføretrygda"; får de andre bera over med oss når me så lett får mistanke om at folk har mistanke.

1 kommentar:

  1. Den er jeg med på. :) Arbeidsufør er et mye bedre ord .
    Klem :)

    SvarSlett