tirsdag 4. mars 2014

Eg har mistanke om at folk har mistanke

Eit av dei siste bileta: Kongepingvinlivet.
 
Christian Torseth skriv godt om å vera ufør i Radikal Rapport, 1.mars, sjølv om overskrifta kanskje peikar mest på dei som ikkje er uføre: Hvorfor vi misunner de uføre.

Eg las raskt gjennom artikkelen i går, og undra meg over at den store innsikta i livet til ein ufør. I dag gjekk eg tilbake og las ein gong til, og då fekk eg med meg at Torseth sjøl er ufør. Det forklarer det meste. Det er nemleg så mykje ved den "uføre dagen" det ikkje er så lett å forklara. For min del gjer eg nokre forsøk når det trengst mest. Men eigentleg er den største utfordringa å la vera å forklara så mykje.

Dei eg møter treng oftast å vita
AT eg er ufør: då unngår me mykje misforståing
KVA som er dei praktiske probema: då skjøner dei kvifor eg ligg på møta, ikkje kan køyra bil, reisa o.l

Men: Smertene mine får dei ikkje.

Dette er ein fin balansegang: Å forstå at folk treng å forstå - utan å utlevera seg totalt. Trøysta er at folk vil eigentleg ikkje ha smertene mine heller. Dei høyrer nok om sjukdom og plager utan at dei skal høyra noko frå meg også.

Men Torseth har eit poeng: Å vera ufør, men oppegåande, skaper mistanke. Eller i alle fall; Eg får mistanke om at folk har mistanke. Når eg gjer kjent at eg har utstilling med ei rekke bilete eg har måla dei siste vekene, lurer folk: Korleis kan ho ha helse til å gjera "alt det"?
Svaret er for min del ganske enkelt: Eg har ikkje helse til ikkje å gjera det. Det er ikkje berre den fysiske ryggraden som skal makta å halda seg oppreist. Det maktar den om eg gir kroppen passe med pausar. Men den indre ryggraden, mitt eige sjølbilete, skal halda seg oppreist også. Då treng eg noko å bryna tanke og sinn på, og gjerne noko å gjera som viser att når kvelden kjem.

Så eg held fram med å mala, driva politikk og skriva.

For tida heng det ei heile pingvinvandring i mitt vesle galleri med temaet: Livet under sørlyset - ingen dans på isroser. 
Dagens konklusjon må bli at å vera ufør er heller ingen dans på roser, om nokon skulle tru det. Men kanskje ikkje så mange trur det heller?
Når det meste av de eg gjorde før, er bak stengde dører, trøystar eg meg til Kirkegaard:


Skulle jeg ønske meg noe
da ville jeg ikke ønske meg rikdom eller makt
men mulighetenes lidenskap;
det øye som overalt, 
evig ungt,
evig brennende
ser muligheten!

3 kommentarer:

  1. Flott skrevet og lett forståelig,
    Klem

    SvarSlett
  2. Tipper du bare er lat jeg, og mener du ikke kan nedlate deg til ærlig arbeid.,

    SvarSlett