onsdag 30. januar 2013

Sosiale medier kan sørgja for sorg

Så var han her, dagen då eg må sletta telefonnummer frå kontaktlista på telefonen. Alltid like trist.  Og telefonen er med i sorgprosessen. For no fattar eg at det er for seint å ringa.

Det kjem ikkje epost, så adressa kan slettast der og. Statusoppdatering på Facebook blir det heller ikkje.

Sosiale medier drar merksemda mot skjermar, men dei kan også dra merksemda mot medmennesket.
Når nokon opplever dødsfall i familien, hender det at folk dei møter på gata dei første dagane, skuggar unna. Dei er redde for å møta blikket, seia dei første orda, velja feil ord.

Ein far som mista barnet sitt i krybbedød sa: Noko av det vanskelegaste er at folk blir så brydde.

Mange sørgjande ynskjer å kjenna at det er nokon der saman med ein, samtidig som ein får vera i fred. Presten Asbjørn Salthe hevda at sosiale medier har gjort det enklare å visa omsorg (NRK, 29.2.13). Ein mann som var i sorg og ein annan som ville visa si støtte, meinte det same: "Det er enkelt å klikka "like" eller skriva "trist". Det skal mykje meir til å ta ein telefon."

Tenk om dei synest eg ikkje kjenner dei godt nok til å vera så påtrengande at eg tar kontakt, tenkjer nokon. På sosiale medier blir du ikkje påtrengande, ikkje om du er vanleg høfleg.

Far min døydde for ikkje lenge sidan. Han blei 87 år og levde 42 år etter at alle trudde han skulle tapa for ein farleg sjukdon. Det var ingen brå død, men ein heilt naturleg avskil med ein me var glade i. Ikkje mange timane etter at me hadde varsla alle dei næraste, var barn og barnebarn på sosiale medier, særleg Facebook. "Helten min er vekke", skreiv ei. "Kongen i bygda er vekke", skreiv ein annan. Andre la ut bilete av seg sjølv saman med bestefaren då dei var små. Me som høyrte til mellomgenerasjonen brukte litt andre ord og uttrykk. Men alle opplevde me det same: Ei bylgje av varme helsingar.

Og me visste: Det var fleire enn oss som hadde sett pris på far vår, som familiemann, ven, nabo, kulturarbeidar - ja, som den originalen han var, og ikkje hadde noko i mot å vera.

Og ikkje minst, me opplevde vilje, ynskje om å trøysta, vera der for oss. Dei fleste gav korte, varme ord på Facebok. Andre sende lengre meldingar eller SMS direkte til oss. Ikkje alt skulle lesast av alle.

Sosiale medier er ofte betre enn sitt rykte. Det er med det som med alt anna som berre er verktøy; Så lenge det er eit middel og ikkje eit mål i seg sjølv, kan det brukast positivt, også til å hjelpa kvarandre i sorga.

..
Det er gått ein manad sidan gravferda, og det dukkar opp nye trådar på Facebook der ein minnast far, no når det ikkje er naturleg for dei eg møter å snakka om at far er borte. Det gjer ufatteleg godt, sjølv om, eller kanskje fordi så mange hugsar han med eit smil: Her som visevert i eit brullaup: Facebooksida: Du vett du e frå Skuddnes når ...

PS
Så er det kanskje i tastesamfunnet som i kvardagen elles; dei du møter responderer på korleis du er, det er ikkje berre deira eigen veremåte som avgjer korleis eit møte blir. I boka "Sosial kommunikasjon", som eg fann i postkassa i går) skriv Cecilie Staude og Svein Tore Marthinsen:

Åpne mennesker opplever også å få støtte på Facebook til hjelp i vanskelige livssituasjoner og sorgprosesser. Det å kontakte et menneske i sorg er vanskelig, det vet alle som har prøvd. Det er noen mekanismer som gjør at vi vegrer oss for å ta kontakt. Å være støttende på Facebook er enklere fordi disse mekanismene er borte her. Støtte betyr mye uansett om støtten kommer på Facebook eller ansikt til ansikt. - Bokmelding finn du her: Dei skriv om oss.


tirsdag 29. januar 2013

Interiør eller fellesskap og varme? Motsetnader?

Eg får stadig vekk vita at eg burde hatt andre fargar på veggene i stova, andre møblar, andre gardinar og dukar, - viss eg vil vera ei moderne kvinne. Og det vil eg vel?

Vil eg det? Nei, eg veit faktisk ikkje om eg vil det.

For det første: Eg er er "glad i" det eg har rundt meg. Det meste har ei historie som er ein del av livet mitt eller slekta mi, som denne punchbollen til dømes.

For det andre: Også heimen min har noko med forbruk å gjera. Ingenting her inne er modent for søppelhaugen. Skal eg då kasta det?

Slik har eg tenkt lenge. Men når eg i dag las "Kom som du er" på mormors klagemur, gjekk tankane nokre meter til: Har alt dette snakket om interiør fått oss til å tenkja meir på stova enn å bruka rommet til å møta dei me er glade og dei me kan bli betre kjende med?

Ære vera dei som kombinerer det: Skaper ein flott heim og brukar han!

"Då eg var ung"
Nei, alt var ikkje betre før i tida.  Men eg saknar noko av det impulsive som prega ungdomstida. Eller var det tida som var annleis?

Me hadde ein gong ein trippe-trappefest.
Det var helg. Alle forretningane var stengde. Trafikken stilna av i Dronningensgate i Bodø.
Ingen planar for kvelden.
Me sat nokre jenter og tenkte at det var jo for gale.
Så gjekk me til nokre ungdomar som me kjende, og sa at alle var velkomne på trippe-trappefest om nokre timar: Send meldinga vidare med treskoposten! (Me hadde ikkje mobil eller hustelefon).

Trippe-trappefest var det me kom til at me rakk å førebu. Med ein liten hybel på loftet, var det ikkje rom for stort kalas. Men trappene opp til tredje stod jo tom!

Me la serviettar og sette krus i trappetrinna.
Og mat? Skåpet var så å seia tomt. Men egg og puffa ris hadde me. Og te. Så då blei det eggedosis med puffa ris.

Då det gjekk mot kveld, blei det ein liten bekk med folk som strøymde til Dronningensgate 13; i hovudsak millitærguter og studentar.

Alle fekk mat.
Alle fekk te.

Og etterpå blei det gitarspel og song i alle tre trappeetasjane.

Ein vellukka kveld.

Som om ikkje det var nok. Rundt midnatt banka det på døra: Utafor stod ein stornøgd sunnmøring som kom rett frå Saltstraumen med ein diger torsk. Han lurte på om eg hadde poteter.
Det hadde deg. Torsken blei kokt, og utover natta vanka det fersk torsk, poteter og flatbrød.

Så då blei det ein torettars middag.

Enkelt og varmt
Det blir nok ikkje fleire trippe-trappefestar. Men minnet om festen seier meg at det trengst ikkje serverast varmrett i stova for å gi ein varm velkomst.

lørdag 26. januar 2013

Sjølvportrett

"Tøffe tider" kalla eg dette bilete som eg laga i 2008. Då hadde eg nyleg starta opp med å mala, og av og til blei inntrykka frå kvardagen som ny-ufør festa til lerretet. "Sjølvportrett" kallar eg biletet no. Perioden som sengeliggjande er forbi for lengst. No tyr eg til golvet i korte periodar. Men av og til er det likevel slik livet er, iannafor dei fire veggane, utafor sollyset, felleskapet. Eg mala fleire bilete der verda utafor berre var synleg gjenom eit vindu, utan at eg tenkte over det.

I starten kunne eg ikkje sjå på dette biletet. Det vekte bere negative tankar og kjensler. Men no er det annleis. No ser eg på det og tenkjer: Ja, det var tøffe tider. Men slik er det ikkje no. Dei aller fleste dagane er lyse. Eigentleg er livet godt.

Eg starta denne bloggen med eit mål om å koma ut av uføret. Helst slik at eg kom i arbeid att. Slik er det ikkje blitt. Men eg er aktiv ute blant folk, og har ein del oppgåver som er interessante.

Når eg ser biletet, veit eg at eg allereie er komen ut av uføret.

Viss du vil sjå kva eg har festa til lerretet dei siste åra, finn du ein del av det på Galleri Nauthydlaren her
(Bildet er 24X30 cm, olje på lerretsplate, kr 700).

søndag 20. januar 2013

Tips om familie til gissel kunne ha gjort situasjonen verre i Algerie

Det er nokre timar sidan eg skreiv bloggposten med teksten som ligg nedanfor her. No når namna er frigjevne, veit me at det hadde vore svært alvorleg om norske media hadde røpt desse namna slik at terroristane hadde fått kjennskap til kven dei var; med ein av dei med nær kontakt med ein statsråd. Ekspertar seier no til Bergens tidende at det ville ha gjort sitt til at terroristane hadde stramma grepet.

Det er altså ikkje berre fordi nokre av oss ikkje synest om sosialpornografi, der ein ikkje tenkjer nok på dei det gjeld, ein skal vera forsiktig. Det er også viktig med tanke på sjølve situasjonen og kva utvikling den skal få

Opprinneleg bloggpost: 
 Algerie - Alt nytt er "godt nytt", men ikkje for dei det gjeld
Det har longt mellom nye opplysningar frå gisseldramaet i Algerie. Og mens Statoil og styresmaktene gjer det dei kan for å skjerma pårørande og åtvarer mot å stola på lause rykte, går fleire aviser ut og ber om tips dersom nokon veit noko.

Då må ein ha lov å spørja seg: Kva informasjon er det avisene trur folk kan sitja med? Er ein venleg overfor avisene, kan ein seia at dei kan vera på jakt etter informasjon om terroristane. Men kor mange lesarar av norske aviser er potensielle informatørar om slikt?

Når det gjeld kjennskap til familiar derimot, kor dei er i frå, kven dei er, kan det vera mange som har noko å fortelja; Har nokon av familiane vore i farlege situasjonar før, er det noko å fortelja om kva dei opplever no, som familie, vener, pårørande?

Det er sikkert noko å henta her. Men er det rett å fortelja slikt? Og er det rett å spørja etter slik informasjon i ein situasjon der me veit at det sit titals menneske og berre veit ein ting: At dei ikkje veit korleis den dei er glad i har det, - eller om han er i live.

Eg fulgte redningsarbeidet etter Sleipnerforliset på nært hald. Ved ei hytte der overlevande var komne i hus, hadde fått varme klede og ein mobiltelefon så dei kunne ringja heim å seia at dei levde, var det avisfolk som trengde seg på. Ja, ein trengde seg på, reint fysisk, så ein av hjelparane rett og slett måtte ta han i nakken å hjelpa han ut.

Me fylgjer alle spent med når noko dramatisk skjer, mest i omsorg, fortviling. Men me har også ein trong til å vita mest muleg, kanskje meir enn me har rett på å vita. Det kan ikkje vera pressa si oppgåve å finna fram den kunnskapen til oss slik situasjonen er no.

..
Også om terroren i Algerie: Skal terror få gjera meg utrygg?

fredag 18. januar 2013

Skal terror få gjera meg utrygg?

Mens TV surrar og går i bakgrunnen og situasjonen i Algerie tar plass i tankane og kjenslene, ringer ein av dei håpefulle:

- Eg lurer på å søkja om å vera i i eit advokatfirma i Pakistan. Kva tenkjer du om det?

Fint at ho spør. For ikkje lenge sidan var ho i høgsterett sine lokale i eit anna land då ei bombe sprang i veret dagen etter.

Ho nemner kva tema ho får kjennskap til dersom ho skulle vera så heldig å få dra til Pakistan; mellom anna menneskerettar.

- Det høyrest svært interessant ut, høyrer eg meg sjølv svara. - Eg synest du skal søkja.

Ikkje akkurat rette dagen å gi eit så støttande råd til å dra ut i ei farleg verd. Men eg er likevel nøgd med at eg gjorde det:

Terroren skal ikkje få meg til å kjenna meg utrygg.
Det endrer ingenting til det gode om eg blir uroleg.

tirsdag 15. januar 2013

Korleis skal uføre presentera seg?

Korleis eg skal presentera meg? Seia kven eg er sjølvsagt, seier du kanskje. Og det har du rett i. Etter å ha vore arbeidsufør ein del år, har eg funne ut kven eg er, også som ufør, når all fagleg og yrkesmessig identitet berre er inne i meg og ikkje i tillegg på eit skilt på kontordøra.

Etter kvart som kropp og tanke er blitt såpass at eg kan vera aktiv ein del av timane i døgnet, har eg fått lov å delta i nokre styremøte og i lokalpolitikken att. For ein stor del fordi det er akseptert at eg ligg på golvet når det trengst.

Så det praktiske går "greitt". Men så skal styre og stell ha oversikt over kven som er med. Og korleis skal eg då pesentera meg? Oda Bhar skriv dette på Twitter i dag: 


Blir veldig nysgjerrig på hva de folka driver med som ikke har stillingstittel på deltakerlista.

Og eg forstår at ein vil vita litt om dei ein møter på konferansar og møte. Men kva skal eg gi opp? Skal eg skriva arbeidsufør i ruta som blir ståande tom, eller skal eg skriv tidlegare "ditt og datt".

Første gong eg møtte utfordringa, fann eg til mi store overrasking ut at eg var oppført som husmor. Då blei eg lei meg. Ikkje fordi eg synest det er noko dårleg tittel. Både eg og mannen min har vald å vera heimeverande i periodar då borna var små. Men den tida eg låg på golvet mesteparten av tida heime og måtte ha hjelp til svært mykje, var det ei nedvurdering av tittelen husmor å nytta den på meg. Eg korkje laga middag eller stelte huset i nokon særleg grad.

Når eg møter folk, seier eg no berre namnet mitt. Om nokon spør kva eg gjer på, svarer eg at eg er ute av arbeidslivet grunna ein sviktande rygg som sviktar ytterlegare om eg eg ikkje tek nødvendige omsyn. Eg er feig nok til å nemna ryggen, for det er ein "så grei" grunn til å vera ufør. Det slår dei fleste seg til ro med. Men i andre samanhengar: Når eg er på styremøte ol, kva vil de at eg skal seia? Kva er informativt nok utan å bli utleverande? Nokon som har tankar om dette?