fredag 11. mai 2012

Takksam i uføre(t)

Dette er ein av dei dagane
då eg er glad for å vera ufør,
ikkje glad for å ha smerter
men glad for å kunne sleppa
å plaga arbeidskollegane med ein fråversdag
som vil bli fulgt av fleire fråversdagar
som vil bli fulgt av uvisse:
Kjem no denne dama tilbake til jobben sin
kan me gi henne oppgåver?
Vil dei bli fullførte?

Dette er ein av dei dagane
eg er glad for at Nav finnest
glad for at det finnest sakshandsamarar
som ein gong fekk saka vidare i systemet

Dette er ein av dei dagane eg skjønar
at legen hadde rett
som gav ordre om full stans
ved innkøyring til forkøyrsvegen
som er skilta med "helse".

Dette er ein av dei dagane
då eg tenkjer:
I verdas rikaste land
bør det vera ein viss orden på ting.
Og det er det.


Dette er ein av dei dagane
eg ikkje trur det går an å koma ut av uføre(t)
men då eg er glad det går an å leva med uføret.

Så eg seier:  Takk, eg har det bra.

6 kommentarer:

  1. Å akseptere tingenes tilstand er undervurdert. Du skildrar ein slik aksept slik at eg blir heilt rørt. Samfunnet rundt oss forventar vekst, karriere, framgang, endring, vilduveremedsåhengpå-
    Sjølv drikk eg ved ei oase no.
    Visste ikkje at eg var så tørst.
    med venleg helsing Marit

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for ein kommentar, så fin så fin..

      Aksept er nok rette ordet. Ein må leva det livet ein har, med ei fasane det har. Noko anna blir ein flykt og evig lengt..

      Og så har eg opplevd så mykje av ståhei, offentleg merksemd, spanande kvardagar, at eg kan tenkja at eg har hatt min del av det også..

      Og av og til er likevel vemodig at livet er slik det er.. Må innrømma det også.

      Slett
  2. Alt har sin tid...
    Også å vite at forkjørsveien til helse ikke skal kjøres.
    Og å vite at slik er det og anerkjenne denne viten

    Ha en flott dag :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, noe skal man kjempe i mot, noe skal man kjempe med..

      God helg,til deg, trofaste kommentator!

      Slett
  3. Hmm.. ja, det er noen dumper i hverdagene der ting ikke går så bra, men så har en det ikke så verst heller - selv om en gjerne skulle sett at livet var litt lettere.

    Håper dumpen jevner seg ut i løpet av helgen!

    SvarSlett
    Svar
    1. Målet er å klara meg sjøl i denne dumpa. Det kan så lett gå godt! Ha ei fin helg!

      Slett