tirsdag 29. mai 2012

Slepp prestane laus, det er vår!


Med hov sprong komikarane rundt i enga og fanga alt det som fauk rundt då våren var komen. "Slepp prestane fri, det er vår!" var parolen deira.

I dag fekk me her i huset den glade meldinga om at bispedømerådet har gitt mannen i huset fritak frå buplikta. Ja, for mannen i huset bur eigentleg ikkje i dette huset, i  huset vårt, men i prestebustaden 7 km herifrå. Og i følgje folkeregisteret bur også eg der og ikkje her. Historia om kvifor det er slik, står å lesa her

No har altså bispedømerådet slått fast at grensa for når ein prest kan få fritak frå buplikta, er 55 år. Då er det på tide for prestar å finna seg eit hus som dei kan bu i også i pensjonsalderen. Og det er det!

Det kjennest godt for oss å ha kome ut av det uføret me kom i då me selde vårt eige hus fordi me ikkje kom til å flytta tilbake til det nokon gong, utan å få flytta inn i det huset me hadde sett oss ut som vår nye heim. Med det vedtaket bispedømerådet no har gjort, er framtida noko ryddigare også for andre prestefamiliar som skal planleggja for seg og sine.

Og så får me tru at det ordskiftet som var på presteforeninga si generalforsamling i vår og i Stortinget like over jul då buplikta var drøfta i samband med eit Dok 8-framlegg, ber bod om at heile ordninga, som ein gong var god for prest og kyrkjelyd, no kan tilpassast vårt århundre, til beste for alle partar.

6 kommentarer:

  1. Blir det fleksibelt slik at kommunene kan stille bolig til disposisjon, men at den generelle boplikten faller bort???

    Godt å være ferdig med den biten, tenker jeg. Ei bør mindre :-)
    HA en fin kveld :-)
    Mormor

    SvarSlett
    Svar
    1. Det må bli ei fleksibel ordning på sikt, der dei nyttar bustad som rekruttering der det trengst, trur eg. Det Bjørgvin har gjort no, er å innføra eit prinsipp som inneber at prestar får fritak frå buplikt når dei er 55 år. Ordninga lever elles vidare som før, inntil vedtak blir gjort om endring av lova som pålegg kommunen å stilla hus. Men det går nok rette vegen..

      Mannen i huset har fått opp flagget! :)

      Slett
  2. Godt for dere :-)

    Er ellers bare innom for å si at jeg puster, og er sånn ca i rute

    SvarSlett
    Svar
    1. Bra å høyra. Håper du får ei fin tid framover!

      Slett
  3. Så godtt at ting ordna seg! Det er jo litt greitt å sleppa stå huslause som pensjonistar;) Presten her kjøpte seg leiligheit i Bergen, som han og kona nok flyttar inn i som pensjonistar. Eg trudde ikkje eigentleg at det var buplikt, er jo litt "gammaldags" kanskje?

    SvarSlett
    Svar
    1. Ordninga er så gamaldags at frå dei gode gamle dagane var det slik at presten hadde ein del av løna si frå prestegarden som forpaktaren styrte med: poteter, ein julegris, ei høne til gryta i ny og ne. No er det ingenting som bind presten til huset lenger, korkje prestekontor, telefon eller julegris.

      Slett