mandag 16. april 2012

Twitter – dialog, koseprat, debatt, informasjon?

Kommunikasjon i kortform, - det passer meg utmerka. Ved bruk av e-post, har eg i lengre tid forklart dei eg sender post til ofte, at eg har ei svært utprega kortform. Dei må derfor ikkje bli fornærma om dei stiller eit utførleg spørsmål og til slutt ynskjer meg og mine alt godt, for så å få til svar:   ok, me    (me = kortform for Marit Elisebet). 

Viss mottakaren ikkje forstår å tolka dette som: - Dette er flotte greier. Køyr på! Alt er bra her, og eg håper det same for deg, kan dei bli ganske fornærma. Med slike vanar fann eg meg fort til rette i Twitter-verda. I starten sende eg berre lenker, innhaldstweets, diskusjonsinnlegg, spørsmål og svar. Eg syntest det var litt underleg at folk nytta Twitter til smalltalk, og skreiv då  
                Fra Olav Kjørven til kaffiskåler 

Twitter kjem av kvitring, - fuglekvitter, og etter det eg kjenner til, så skal det meste av det me høyrer av fuglekvitring, vera alt anna enn fin musikk for våre øyro. Det er kommunikasjon mellom fuglane, mellom anna som viktig reiskap i kampen for å overleva. Like fullt er den musikk for oss, til glede og avslapping. Kanskje det er slik med Twitter også? Hensikta er for dei fleste å dela meir eller mindre viktig informasjon, men samstundes blir den til glede og rekreasjon. Alt til si tid kanskje:

Nyttig informasjon og interessante lenker finn eg ofte hjå @willJens @annatw og @jakobarvola 

Og vil eg ha nokon å leika meg med språk saman med, kan eg plukka fram @oleneikopp @sveveper @2rvund @estermoe og  @janeeike

Måkeskrik?
 
Her twitrar me med det nebbet me har. Kvitring høyrest mest ut som pen og pynteleg fuglesong. Men måkeskrik, er det lov på Twitter? Det er det nok, men det vil visa seg om det er mange som trivest med det. I tilfelle dei ikkje gjer det, mister du dei som fylgjarar, stille og roleg. Men dei fleste vil ikkje mista fylgjarar, dei vil ha fleire. 

Thomas Moen  har eit råd om korleis ein skal få meir action i eigen Twitterstraum:
 For kvar melding du sjølv skriver, svar på fem tweets frå andre. 
 Dermed vil ein koma i dialog, og fleire vil finna det interessant å fylgja. Dessutan vil det få i gong gode samtalar.  

 Eg tar poenget. Dialog skaper samhald. Dette merkte me svært godt 22.juli i fjor og dagane som fulgte. Då me alle sat stille, - sjokkerte.  Ingen trengte å vera "åleine", på sett og vis. Og slik er det kanskje også i dei dagane me har no: Dei som vil, har nokon å oppleva dagane saman med. 

Twitter er altså ein sosial stad å vera, ikkje berre ein informasjonsleverandør. Men det har ein hake ved seg: Det fyller opp i Twitterstraumen. Det er så si sak at andre sin småprat, stadfesting av mottatt bodskap og smilefjes fyller opp på min skjerm. Det er ok. Men at dei som fylgjer meg, skal måtte hoppa lett over tweets som er ei samtale dei ikkje er ein del av, plagar meg litt. Det er som å sitja på ein restaurant og snakka for høgt, slik at dei ved nabobordet ikkje får fred. 

Og kva med dei som har meg på listene sine? Når dei går innom og sjekkar om det er noko interessant der, vil dei finna mine «God-natt»-tweets og «Ja, det har du rett i» - tweets der. Det må vera irriterande. 

Så var det dette med å barbera seg og å skjæra hovudet av seg. Eg er komen til at eg vil vera både sosial og sakleg. Det er jo kjekt med ei hyggeleg helsing i godt lag frå @sunnfjording og @oariise  Derfor er eg meir aktiv i samtalar enn før. Og eg held på samtalen lenger. Dermed blir det ofte nokre ekstrarundar med interessante vendingar i samtalen. Twitrarar som er flinke til å ha slike samtalar i min Twitterstraum er: @olemom @gamsjo @SturlaP @aoest @Revetal @RagnhildMe  @maritga @EllenRo og @spindellett

Men så var det dette med å fylla opp hjå andre. For å unngå det, går eg tilbake på mine eigne tweets om kvelden, og slettar det eg sjølv har lagt etter meg av smalltalk. Er det dumt? Unødvendig? Lurt? Det finnest nok ikkje fasitsvar på desse spørsmåla. Me har kvar vår fasit, og vil sikkert trivast samen med dei som held seg til same fasiten. Slik er det greitt med Twitter. Men kva tenkjer du om det?

4 kommentarer:

  1. Mormor har ingen tanke om det i det hele tatt.
    Hun hverken kvitrer eller twitrer.

    Ha en fin kveld :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Men så har du så mange gode tankar om andre emne, så det er heilt greitt :)

      Slett
  2. Er veldig stolt og glad over å være nevnt i et slikt eksklusivt selskap!

    Det er smart å gruppere folk etter hva de "gjør" på twitter. Det er en ide til etterfølgelse.:)

    Du stiller en del spørsmål om egne tweets i avslutningen av blogginnlegget ditt, og jeg
    synes vel ikke det er nødvendig å slette tweets, selv om det sikkert er veldig hensynsfullt. Det kan jo faktisk hende at du noen ganger trenger å se tilbake på noe du har skrevet, i en fortsettelse av en samtale el.Men det er sikkert ulike oppfatninger om dette, som alt annet. . .

    Ellers vil jeg bare fortelle deg at jeg synes du har en veldig interessant blogg.:)

    Jane @janeeike

    SvarSlett
    Svar
    1. Du har merka deg ut i twitterstraumen min; det er vel det same som å utmerka seg.
      Du har eit poeng når det gjeld å kunne gå tilbake og sjekka kva ein faktisk skreiv. Elles vil eg nok vera mindre obs på sletting dersom det no syner seg at de andre kan leva med den typen tweets.

      Takk for gode ord om bloggen!

      Slett