torsdag 15. september 2011

Det er tid for logg, ikkje blogg (weblogg)

Det er lite nytt å lesa på bloggen min for tida. Det skuldast at ei lita svart bok har overtatt. Eg skriv logg. For valet er over, og dagen for tal og namn har me lagt bak oss. No er det tid for forhandlingar, og når ein sit på vippen, blir det travle dagar.
Den vesle svarte inneheld no tankar og opplysningar, tidspunkt og rekkefølgje på samtalar med eigne folk og andre parti.

Ein logg er heit nødvendig. For me trur jo at me fylgjer eit logisk resonnement og handlar utifrå det, men skal ein i ettertid finna ut kvifor ting blei som dei blei, kan det vera vanskeleg å spora eigne tankar baklengs.
Derfor, loggen fyllest med kronglete bokstavar. Ingen fare om nokon får tak i boka. Når det gjeld handskrifta, er alt som før: Ein gong ein av gutane kom til skulen med underskrift som skulle visast læraren, kommenterte læraren med stor medkjensle: "Å er det far din som har skrive under med venstrehanda no som han går med handa i gips.?" "Å nei," måtte guten svara: "Det er mamma som har skrive under
.

søndag 11. september 2011

Mykje humor i politikken.

Ingen valkamp i dag. Valet er allereie i gong. Men det må vera lov å mimra litt etter mange år i politikken. Politiske medspelarar og motstandarar har gjennom åra sett farge på det politiske kvardagsarbeidet.
Her er utvalde replikkar og episodar å kosa seg med, nokre av dei kunne føra ut i uføret, andre kunne vera ein hjelp ut av uføret:

Sagt frå talarstolen:
 
 
Klasikaren alle politikarar kan ha bruk for som innleiing til eit innlegg eller kommentar til innlegg frå ein annan:
Det står ein kvar representant fritt å gje uttrykk for den forvirring som råder i hans indre.

  • Mitt parti er prinsipielt i mot. Eg må derfor stemma i mot, men eg håper ingen andre gjer det same. Frp
  • Eg vil minne om at gravferdstønaden er ein eingongsstønad, Magnhild, Meltvet Kleppa, Sp
  • Eg held i halen på noko stort, Lars Sponheim, Venstre, på juleavslutninga til regjeringskollegiet 1997
  • Jaja, no kjem det seg, sa statsråden på talarstolen, som innsmett i ein tale han tydelegvis ikkje hadde skrive sjølv
Ei trøyst til alle som fryktar presset dersom ordførarstolen må fyllast og vanskelege spørsmål svarast på: Ofte er spørjaren meir opptatt av eige oppfølgingsspørsmål enn å lytta til svaret. Då Jon Lilletun ein gong skulle svara både på spørsmåla som han sjølv hadde fått, og i tillegg ta spørsmåla til Odd Einar Dørum som ikkje var til stades, blei det ein stor haug med dokumenter å ta med seg til spørjetimen på Stortinget. Papirhaugen var så stor at han kom i skade for å bruka feil svar på det første spørsmålet på justisdepartementet sitt felt. Men spørjaren oppdaga det ikkje, så han kunne, utan å bli avslørt, gjenta same svaret då neste spørsmål blei stilt.
Stortingspresident Hambro

Du er velkomen til å leggja til liknande episodar i kommentarfeltet.

Treng du hjerntrim og avveksling i løpet av dagen for å få tankane over på nok anna, finn du gamle gåter her som ikkje er løyste på ein, to, tre.

fredag 2. september 2011

Nasjonale prøvar, eit verktøy - ikkje eit nytt skulefag

Det blir fortalt om elevar som strevar med for stort prøvepress. Vekeprøvar, les me om. Vekeprøvar, kva er det? Er testinga gått av sporet?

Dette har eg skrive før om temaet som synest å vera like aktuelt no, somaren 2013:

Lærarane er urolege, for å seia det mildt. Dei meiner både dei og elevane nyttar for mykje tid til prøvar, mellom anna til nasjonale prøvane. Er skulen komen i eit uføre?

Nasjonale prøvar skal fortelja kva elevane i landet kan, og dei skal visa kva nivå elevane i kvar kommune og kvar skule ligg på samanlikna med andre.

Prøvane blei innførte fordi me skilde oss ut internasjonalt: Norge brukte meir pengar enn dei fleste land på skule, men visste svært lite om kva elevane fekk med seg i løpet av skuletida.

Då prøvane blei innførte, var det mange av oss som var urolege for at slike prøvar skulle ta merksemda frå den vanlege undervisning og frå tida læraren har til den einskilde eleven. Eg sat i det regjeringsoppnemnde utvalet som sa at me måtte vita meir om kvaliteten i skulen, men me hadde også klart for oss at det alltid er det du måler, som lett får mest tid og merksemd. Det blei derfor sagt frå om at dette ikkje måtte skje. Prøvane skulle ikkje styra undervisninga, dei skulle vera eit måleinstrument for å finna status og for å finna dei felta skulane burde forbetra. Viss til dømes resultatet fleire år på rad er dårleg i engelsk, burde ein sjå på lokale forhold som mellom anna kompetansen hjå læraren og samansetjing av elevar, for å finna ei forklaring og for å styrkja innsatsen om ein finn svake punkt.

Når lærarane fortel at klassane må trena på dei nasjonale prøvane fordi dei er så ulike det elevane elles får av oppgåver, at dei må trena på å løysa oppgåvene, har opplegget gått av sporet. Det var aldri intensjonen med desse prøvane. Dei skulle visa nivået, ikkje bli eit skulefag i seg sjølv.

Kvinnherad kommune har som mål å koma midt på treet i nasjonal samanheng, noko som inneber at me må koma høgare enn i dag Dette må stå ved lag, - for elevane si skuld! Men dersom lærarane som fortel om tidsbruken i samband med dei nye prøvane har rett, må me gå nærare inn i saka. Dersom prøvane bommar, dersom dei måler det dei er laga for å måla, og ikkje resultatet av vanleg undervisning utifrå læreplanmåla, skal dei ikkje få stressa skulekvardagen. Det viktige er at skulen har fokus på at den einskilde eleven får nytta sine evner og får strekkja seg stadig lenger.

Dersom fokuset på prøvar blir så sterkt at det blir mindre tid til å sjå den einskilde eleven, set skulen krossfot på seg sjølv. Dette er i tilfelle ein alvorleg situasjon som eg meiner at komiteen som har ansvar for skulen i kommunen må sjå nærare på. Me ynskjer ein god skule i Kvinnherad. Me kan ikkje la vera å nytta nasjonale prøvar, men dersom dei styrer undervisninga og likevel ikkje testar ut utbyte elevane har av undervisninga, bør me politisk gje skulane melding om å styra unna "trening av prøving". I tillegg bør me melda frå til sentrale styresmakter slik at sjølve prøvane blir endra så dei gjer den jobben dei skal.


Dersom dei som kjenner skulekvardagen meiner at prøvane er eit godt verktøy, skal me halda fram med å nytta tid på dei, men det må alltid vera slik at prøvar og metodar skal vera verktøy, aldri mål i seg sjølv. Måla er innhaldet i faga, livskunnskap med verdival, realisering av den einskilde sine evner, praktisk, teoretisk og menneskeleg og trening i å leve saman i eit samfunn.


Dette er eit innlegg som eg skreiv for lenge sidan. Det digitale Lærarrådet fann det i si tid interessant og aktuelt, og la det på bloggen sin  her. 
VG fann det på Lærarråd og la det ut på Lesernes VG. Så da går debatten vidare. (aug.2012)

Ingen "lyseblå elefantar"!

Over halvvegs i den intense valkampen gjer eg meg nokre tankar:
Er kommentarane og dommane i media i tråd med folks forventningar og ynskje?

Har me ein sakleg debatt, er me kjedelege
Er me skarpe og aggressive, er me kranglete
Seier me kva konkrete saker me vil prioritera, fleskar me til
Vil me ha økonomisk kontroll, er me viljelause

Eg trur dette er eit medieperspektiv på politikken.
Sjølvsagt skal veljarane vita kva politikarane går til val på, så dei kan velja parti på eit sakleg grunnlag. Eg trur dei fleste veljarane er ute etter sakleg informasjon og eit visst kjennskap til personane dei skal velja mellom.

Lokalt har me til no hatt ein valkamp med ganske låg temperatur. Dei som har venta på dei fantasirike utspela, er blitt skuffa. Heldigvis. Me er ikkje tente med "lyseblå elefantar" som dukkar opp i valkamptider og gøymer seg dei fire åra i mellom. Den beste valkampen ein kan driva, må vera den innsatsen ein gjer i mellom vala.