søndag 26. juni 2011

Santiago de Compostela - ved hjelp av ein amerikansk gyngestol og fire meter lin.


Draumen var å nå fram til pilgrimsstaden ein gong. Eller rettare: Målet var å få vandra, rusla avgarde på vegen til Santiago de Compostela; la tankane fløyma, kjenslene strøyma, orda bli vekke og tida nesten oppheva.

Når borna blei store, arbeidet kunne ta ein pause, - då skulle vandringa ta til.

Borna blei store og arbeidet stoppa brått opp. Men noko vandring blei det ikkje. I staden blei kvardagen avgrensa til det eg kunne nå gjennom vingauget, plassert i min nymotens gyngestol på meiar.

Det blei nok aldri noko pilgrimsvandring, nei.

Etter kvart lot ryggen meg halda noko i hendene mens eg sat i gyngestolen. Kyrkja trentge sårt til ein ny altarduk, då prestane hadde vore for nær altaret og skurt hol i den fine gamle linduken. I altarskåpet låg det ein annan gamal duk. Ein slik ville eg laga.

Fire meter saum, 40 cm høgt, - det blei måla på pilgrimsferda mi. For vegen til Santiago de Compostela handla jo om å la tankane fløyma, kjenslene strøyma, orda bli vekke og tida nesten oppheva. Og nett slik blei opplevinga dei to åra eg sat med linduken i hendene. I bakgrunnen surra og gjekk musikk som ikkje tok merksemda eller lydbøker som forsterka kjenslene og førte tankane langt av stad. "Den evige jøde" stemte sinnet til ettertanke.



Med kvit saum på kvit duk, klyppe hol og sy til. Noko så meiningslaust. Likeså meiningslaust som å ta føtene fatt til Santiago de Campostela når det finst bilar nok. Og like meiningsfull som vandringa blei for mange, blei altarduken for meg.



Dette fortel Wikipedia om Santiago de Compostela: en by i
Spania, og hovedstad i den autonome regionen Galicia nordvest i landet. Byen er et kjent pilegrimsted for europeiske katolikker. Dette fordi man i år 813 oppdaget en grav man antok tilhørte Apostelen Jakob. Han ble henrettet i Jerusalem i år 44, men levningene skal ha blitt ført til Compostela der han i en periode hadde virket. Både byen og pilegrimsveien dit (Jakobsveien, sp. Camino de Santiago) gjennom Frankrike og Spania står oppført på UNESCOs liste over verdens kulturarv.
Velkomen også til å lesa: Perspektiv frå akkuart passe 
 

torsdag 23. juni 2011

Global utforming - heilt til toppetasjen.

Eit kommunestyremøte er nettopp avslutta. Seks timar blei det i dag.
Kommunestyra rundt om i landet kjenner godt til omgrepet "global utforming". Om me gløymer å ta omsyn til global utforming ved planlegging av eit bygg, kjenner me ein flau smak i munnen etterpå. Korleis kunne me? Me vil jo inkludera alle.

Og det vil me, - verkeleg. Eg mistenkjer ikkje nokon for ikkje å ha den gode viljen på plass. Men så er det slik at den gode viljen og tiltaka må heilt opp til toppetasjen. Det hjelper lite om heisen går til tiande etasje dersom du skal til femtande etasje.

Men slik er det jo ikkje heller. Ingen ville laga heis i halve bygget. Men det er ein annan toppetasje me skal nå også. Me skal nå hovudet, tanken, haldningane, - og den toppetasjen er det ikkje alltid tilgang til.

På møtet i dag var det global utforming av møtelokalet. Eg låg på matta mi på golvet, og ein annan representant fann plassen sin i rekkene med rullestolen sin, med assistent (BPA) som hjelpte han til rette. Så langt er alt greitt.

Men så er programmet for dagen slik at me skal ut på tur, midt i møtet. Til ein annan plass, med kort tidsmargin og utan fysisk global utforming.

Derfor må talarstolen entrast, og ordføraren må få vita at dette ikkje er bra. Det kan ikkje vera rett å plassera ei slik utflukt midt inne i eit møte når det ikkje ein gong gjeld vårt ansvarsområde eller noko me treg å kjenna til i samband med sakene.

Så etter ein runde, blir det klart: Turen blir lagt i etterkant av møtet. Mange av oss, dei fleste faktisk, er takksame for det.

Når global utforming har gått oss til hovudet, har me nådd målet om global utforming.

søndag 19. juni 2011

Sorga søkjer ikkje arbeidsløyve

.
Eg møtte blikket hennar så ofte.
- Litt tomt.
- Litt matt.
- Eg har det bra, sa ho då eg spurde.


Av og til møtte eg blikket under ei rynka panne
- Smale augo.
- Djupe furer.
- Eg har det bra, sa ho då eg spurde.


Av og til møtte eg blikket under ei glatt panne.
- Hengande hender.
- Kvilande augo.
- Eg har det bra, sa ho då eg spurde.

Eg såg eit ti år gamalt bilete av kvinna:
- Strålande augo
- Smilande kinn
- Det går så bra så, fortalde biletet.

Eg går ut på badet, stirrer inn i ruta på veggen:
- Jasså, du er her framleis?
spør eg.
I spegelen møter eg eit blikk
- med forventning
- men utan planar om å innta heile verda.

Eg møter blikket og spør alvorleg:
- Har du lurt meg?
- Gjort som om, heile tida?
Men ho svarer:
- Eg har det bra, no som då.

--
Eg deler desse tankane fordi nokon kanskje kan kjenna seg att. Sorga søkjer ikkje om å slå seg ned, like lite som ho søkjer arbeidsløyve. Og om ho ikkje slår seg ned så tårene må ut, så kan ho ta plass i halsen, eller i magen. Kan henda ingen veit kva sorga di heiter. Men arbeider gjer ho.

Å velja etikett til denne bloggposten, som syner kva stikkord som fortel mest om innhaldet, er ikkje lett. Handlar det om sorg. Eller handlar det om meistring?

fredag 17. juni 2011

Å, du hendelse!

Når farmor ble riktig overraska, utbøt hun: Å, du hendelse!

Utbruddet var såpass kraftig at vi forstod at det som nå hadde skjedd, eller det hun hadde fått vite, kom vi til å høre mer til. Dette var bare starten.

Etter å ha studert sakspapirer med store tall og strategiske valg i flere dager, er jeg kommet over begrepet "hendelsesstyrte valg."

Det høres negativt ut. Vi legger planer og vedtar strategier. Så plutselig skjer det noe vi ikke hadde tatt høyde for. I det videre arbeidet kommer vi ikke utenom det, og valgene våre må endres.

Det kan høres ut som en tvangssituasjon. Men det går an å leve med en holdning til framtiden som tilsier at en planlegger, prioriterer og gjør valg så klokt en bare kan, vel vitende om at det kan dukke opp ting som endrer det hele.

Kloke ledere må takle det.

Livet gir også hendelsesstyrte valg. Når helsa endres, må valgene bli annerledes.

Jeg kommer meg ikke lenger på høyfjellet.
Men jeg kan kjøre til endes på veien opp mot kraftverket, parkere, å spise nista bak nærmeste stein.
Eller jeg kan ta båten ut på en holme, være for meg selv, og innbiller meg at jeg er ved vannkanten på høyfjellet.

Jeg kan ikke lenger gå tur.
Men jeg kan se ut vinduet, observere årstidenes skifting, fugle- og plantelivet. Ja, jeg tillater meg til og med å observere naboenes forflytninger i løpet av dagen.

Jeg kan ikke dra langt.
Men jeg kan nyte en bedre middag, ha en helaften på nærmeste restaurant.

Jeg kan ikke sitte i kommunestyret, men  jeg kan ligge i kommunestyret.

Hadde farmor sett meg, ville hun sagt: Å, du hendelse!
Og jeg håper at den hendelsen, at jeg ligger på kommunestyremøtene, kan gi andre mot til å tilpasse hverdagen sin slik de trenger det. Jeg ville aldri planlagt en tilværelse, liggende på en sportsmatte på lange møter. Men så endret omstendighetene seg, og valget ble hendelsesstyrt.

Det samme sagt klokt og kort:
When fate hands you a lemon, make lemonade. ~ Dale Carnegie -

onsdag 15. juni 2011

Makt og avmakt i møte med narkotika-kvardagen

Tankar etter eit møte om narkotika i nærmiljøet.
 
Bris på fjorden med storm i kasta
- mektig!
Kald vind mellom folka i fjorden
med motvind i stormen og harde augekast
- avmakt!
 
Eg sit ved bordet, har stemmerett
- makt!
Du ligg nede, er nærast utan stemme
- avmakt!


Kan eg sjå deg?
Kan eg gje deg ei hand?
Kan eg nytta mi makt til å redusera di avmakt?



Velkomen også til å lesa: Kven er dei narkomane

Og blir det altfor mykje alvor i lesinga, er det avveksling i å lesa historiebloggen "Det var ein gong": Alkoholdebatt 1843 - med en noe uvanlig vri

mandag 13. juni 2011

Sawubona - eg ser deg!

Sawubona! Det er noko anna enn eit "Hei på deg!", sjølv om dei høver kvar til si tid og i ulike samanhengar.
Eg kjende ein mann som var fødd 45 år før meg, presten Petter Hermansen. Han lærte meg denne helsinga. Kvar gong me møttest, tok han meg fast i handa, festa eit varmt blikk på meg og sa: Sawubona!


Dette var ei like stor oppleving for meg kvar gong, og det blei på eit vis ei eiga helsing, eit band oss i mellom fordi me hadde snakka om kva ei slik helsing innebar, og kor viktig det er å bli sett.

Desse tekstane på bloggen min handlar om å bli sett:
Det er så vondt å bli oversett
Usynleg for mi skuld
Det viktigaste eg lærte av Jon Lilletun  - og far min
Borten Moe har sett "de som ikke synes"

søndag 12. juni 2011

Perspektiv frå "akkurat passe"

Eg har laga meg ei verd
akkurat passe til kor langt eg rekk

Eg kan setja meg på grensa av "akkurat passe"
og lengta lenger ut
eller eg kan møblera rommet
som er "akkurat passe"
med oppgåver, kvile, felleskap og von
og nyta utsikta frå grensa
til det utafor som eg ikkje rekk
men som likevel gir perspektiv og innhald til livet innafor
slik at "akkurat passe"
stadig blir større,
- om ikkje i grunnflate
så kanskje i takhøgd?

fredag 10. juni 2011

Mykje lys og mykje varme - utdeling av ros(er)

Det finnest mykje lys og varme. Det finnest også der du minst ventar det, hos medmenneske som slit med helsa og tøffe kvardagar. Det imponener  meg.

På siste kommunestyremøtet fekk eg og ein annan innbarka politikar ei munnleg rose frå uventa hald frå talarstolen. Me blei begge like overraska og glade for det, måtte me innrømma.

Ros(er) gjer altså noko godt med oss. Eg vil derfor gi ei rose til ei av dei kvinnene som har imponert meg i det siste. Du finn henne som skarp, ordglad og velformulert skribent på ~SerendipityCat~

Sidan eg bur ved porten til Hardanger, blir det ikkje ei rose eg vil overrekkje, men ei  heil grein med "fruktblomstring frå Hardanger"!

Også namnesyster Marit må ha ei lita grein med blomar på. Ho skriv varmt og nært på bloggen: maritsmeiningaromdittogdatt

Er det då så viktig med lys og varme og ros(er)? Dei endrar ikkje realitetane, dei fysiske og konkrete. Men sanneleg endrar dei opplevinga av dei. Dermed fører dei eit steg ut av det uføre(t) me kan henda synest me er i. Og eit steg, og eit steg til, då går det rette vegen!

Å gi ein blom, trur eg kan vera ein måte å seia "Eg ser deg",utan ord. Meir om det her: Sawubona, innlegg om å bli sett

onsdag 8. juni 2011

Likevel lovfestet brukerstyrt personlig assistent. Hurra!

Stortinget behandler nå forslaget til ny helse og omsorgslov. De siste dagene har stortingsgruppene og regjeringen på kammerset blitt enige om at ordningen med BPA, brukerstyrt personlig assistent, skal innføres, meldes det. Det må bety at de vil lovfeste ordningen.

HURRA!

Det så mørkt ut lenge, ikke for at flertallet ikke ville dette, men for at de skulle få til å få det til! Det er nemlig en kunst i seg selv i politikken.

Les om BPA her: Brukerstyrt personleg assistent - kva er det og kva har debatten dreidd seg om?

tirsdag 7. juni 2011

Sunt bondevett og loven skal styre rike og land!


Det er alvorlig å styre rike og land. Det kan synes som om jobben går ut på å flytte papirer, men i realiteten handler alle papirene om folks hverdag. Lover og forskrifter griper inn i hverdagen på godt eller vondt.

Da jeg var ordfører, fikk jeg en flott 40-årsdagsgave av Næringsstyret i kommunen; en liten steinfigur. Vi ble enige om at han kunne være representanet for sunt bondevett, og jeg lovte å plassere han på toppen av Norges lover som jeg hadde liggende på skrivepulten min.

Som sagt så gjort. Etter det ble den vesle steinklumpen, "norsk bondevett",  min følgesvenn, - også inn i departementskontorene. Sammen med Norges lover minte den meg på at det var to hovedhensyn å ta i små og store saker: loven skulle følges og det skulle brukes sunt bondevett.

Kamelryttersken  minte meg på følgende gode ord fra Kierkegaard som hører hjemme her, og som alle som skal være til hjelp for noen bør ha oppslått på veggen:

«At man, naar det i Sandhed skal lykkes En at føre et Menneske hen til et bestemt Sted, 
først og fremmest maa passe paa at finde ham der, hvor han er, og begynde der. 
Dette er Hemmeligheden i al Hjælpekunst. 
Enhver, der ikke kan det, han er selv i en Indbildning, naar han mener at kunne hjælpe en Anden. 
For i Sandhed at kunne hjælpe en Anden, maa jeg forstaae mere end han 
– men dog vel først og fremmest forstaae det, han forstaaer. 
Naar jeg ikke gjør det, 
saa hjælper min Mere-Forstaaen ham slet ikke.»





fredag 3. juni 2011

Mostraspelet og "Elvis i glada Hudik" - to sider av same sak

Kom Noreg ut av uføret då kristkongane styrde på Moster, eller var det eit nytt uføre dei leidde folket inn i då unge som gamle måtte bøya kne for nye trua, om dei ville eller ikkje?

Når det har gått over 1000 år sidan hendingane fann stad, er det på plass å ikkje vera skråsikker. Men eitt veit eg: Det vart endringar i kvardag og helg på Moster etter at Kristkongane hadde vore der. Eller, - kan henda me skal tona ned kongen og hans fylgje. Det var gjeve bønder som hadde vore over havet der vest før, og hadde møtt ei ny tru lenge før kongane kom "og kristna dei med sverd".

Før kristenretten var sett på Moster, kunne ein far vurdera om han skulle knesetja det nyfødde barnet sitt, eller om det skulle setjast ut i skogen. Hadde det hareskor eller lyte av noko slag, var han redd det ville bringa ulukke over familien, og barnet var ikkje heilt trygt der det låg framfor han. Var det i tillegg ei jente, kunne det verste henda. Faren kunne velja å ikkje la henne veksa opp.

Me såg nett "Elvis i glada Hudik" på TV. Teaterensemblet var sett saman av kvinner og menn som til vanleg ikkje står på ei scene. Hadde me vore 1000 år tilbake i tida, hadde kan henda nokon av dei ikkje blitt knesette av far sin. Det synest så utenkjeleg, så langt frå vår verd, tenkjer eg. Men så høyrer eg mor til den eine skodespelaren fortelja: Dei tok sonen vekk frå meg då han var nyfødd. Dei spurde om eg ville adoptera han vekk. Dei omtala han som om han var eit monster. - No 40 år etterpå ville eg ikkje vore utan denne sonen min, seier ho om han som har ei viktig rolle på scena i teaterstykket. Kjæraste har han og.

Mostraspelet set lys på mykje av det som hende i brytningstida rundt år 1000. Johannes Heggland er svært tru mot kjeldene sine i teksten, og Kjell Habbestad har laga musikk både frå kyrkja og gamletrua. Også i musikken er det brytning.

Menneskeverdet fekk ein ny sjanse med kristendomen. Det får Heggland fram gjennom Mostraspelet. Men han får og fram spenninga mellom tru og makt, nytt og gamalt, alt bunde saman ved hjep av ei fin kjærleikssoge.

Ta turen til Moster i pinsehelga! Opplev brytningstida som vert levande på steinhellene nedst i den gamle kalkgruva. Høyr ord og tonar, og tenk sjølv etter kva du synest om nyetida, då og no.
 
 
Mostraspelet: Kristkongane på Moster, tekst: Johannes Heggland
Musikk Kjell Habbestad
Les her om Mostraspelet, tid, stad, skodepelarar, regi mm

onsdag 1. juni 2011

Å sjå skulda i kvitauga

Han vart dømd
skuldig

han var
skuldig

Alle vende ryggen til.
 


Utan eit blikk
å møta

ikkje eit liv
å leva

Skuldig?

100 dagar med sosiale medium for ein uførarkandidat

Eigen blogg, Twitter og Facebook- 57 bloggpostar, 1000 tweets og nokre ord på Facebook inni mellom. Og eg som trudde eg var ferdig med å meina så mykje.

Det heile starta då eg valde å seia ja til å stilla som ordførar for KrF. Eg som var 100 % ufør, skulle ta utfordringa i eit krevjande verv dersom folket ville det. Ei slik avgjerd krevde at eg gjorde greie for saka. Ja, eg tenkjer rett og slett at det skulda eg folk; Dei måtte få ei forklaring. Først når svara var leverte, kunne den saksorienterte valkampen starta. Tok eg ikkje personfokuseringa no, rekna eg med at den ville rota til heile valkampen, for meg og for andre.

Eg visste at mediestormen ville koma. Og den kom; med avisopplag, reportasje med fotograf som fotfulgte med ein dag og telefonar frå riksmedia.

Stormen kom, men den var lun i kasta. Eg blei eksponert, svak og sterk som eg er. Begge sider kom fram. Mykje makt har eg hatt tidlegare i livet og styrke til å stå fram har eg for tida, men samstundes er det "den makteslause" som blir aller mest synleg, slik eg opplever det. Å liggja på ei matte på golvet på politiske møte, har sin pris. Å frivillig bli avbilda i avisene mens eg ligg der, inviterer til kommentarar av alle slag.

Reaksjonane som har nådd meg, har vore positive, og samtalar med representantar frå riksmedia har enda med interessante samtalar, og har til dags dato ikkje gitt for krevjande oppslag.

Twitter var ei ny erfaring. Meiningar på 140 teikn, det er ei utforming for ein politikar. Det gjeld å uttrykka seg presist i alvorlege saker, og lett og ledig i fleip og leik.

Eg har oppdaga at eg trivest med det. Det utfordrar språkgenet mitt og eg lærer mykje om andre som tar del i ordskiftet. Gode lenker til interessante artiklar har eg også fått.

Så har eg nok dumpa bort i debattar som eg mangla bakgrunnstoff for å skjøna breidda i. Då er det berre å vera audmjuk nok til å seia at her mangla eg oversikta. Og når ein ligg ofte på golvet på offentlege møte, har ein trening i å leggja seg flat. Har du prøvd det, veit du at det er meir fakta enn leik med ord. Synsvinkel "frå golvet" gjer noko med deg.

Facebook har eg nytta lite. Det blir å informera om blogginnlegg, helsa på slekta og finna att gamle kjende. Facebook er nok den kanalen inn i dei store fellesskapa som eg kjenner minst magnetisme mot. Twitter derimot kan du bli avhnegig av, og etter 100 dagar ser eg at det går an å bli hekta. Då blir sosiale medium tidstjuvar. Det ynskjer eg ikkje at dei skal bli. Eg ynskjer å ha kontroll over tida mi, men vil gjerne ha gode instrument til å nå slekt, vener, meiningsfeller og meiningsmotstandarar, styresmakter og den som til ei kvar tid klikkar seg inn på bloggen min med hovudbodskapen min, nemleg det denne bloggen handlar om: Menneskeverdet er ikkje avhengig av noko. Mennesket er verdifullt fordi det er eit mennesket. Eg vil minna om det faktumet, og vil gjerne vera med å leggja til rette slik at samfunnet tar det på alvor.
 
 
Fakta om mitt uførarkandidatur: Ordførarkandidat og ufør i valkamptider

Gjest på Karavanseraiet

Jeg er gjesteblogger på Karavanseraiet. Bli med dit:  http://karavanseraiet.no/2011/05/hva-er-karavanserai/